søndag 27. november 2016

Bonuskvalpadling 2016

26.-27. november 2016 TILBAKEBLIKK
Ingrid og eg hadde oppdrag i Tromsø veka før, og klarte å smette inn bonuskvalpadling i helga. Kristin hadde bergensbesøk av Christin og Stian og saman utforska vi fjordane på Kvaløya. Noko vind og bygever la ein dempar på ambisjonsnivået. Friske dagar utandørs, sosiale kveldar og kval i fleng vart det i løpet av helga.

Spenna klar på vestsida av Grøtfjorden. 
Kvalane var allereie observert frå bilen. 

Vi delte fjorden med nokre fiskebåtar

Spekkis! 

Vi hadde ein gigaspekkhoggar som kom opp rett bak oss og klaska med halen - ellers var det lite action. Mykje finner i horisonten og blåst frå knøl på lang avstand.  

Innover Grøtfjorden

Mot Vengsøya - der såg vi blåst. 
Vi lurte på å padle over, men fleirtalet var ikkje gira på potensiell motvindpadling/sidebølgjer attende. 

Det største dramaet for dagen var tap av baklukelokk og nødteiping i rom sjø. 


Stranda var frosen med klinkis då vi kom tilbake. Det var berre med nød og neppe at vi kom oss opp til vegen att! 

Det hadde vore ein fin dag på sjøen, med ujamne verforhold og berre bittelitt kval. Vi hadde forventningar om meir, og såg fram til neste dag. Standup med Trine Lise og co om kvelden fekk opp humøret. 

Her omlag var vi - totalt 14-16 km?

Dag to starta grått, og vi la ut i Kaldfjorden. Sludd, skymt og surt. Kvalpadling er ikkje for kven som helst. 

Akkurat så grått og uskarpt var det frå morgonen. Vi skulle hatt ei TØNNE kaffi.

Ingrid - fersk kvalpadlar (t.v/øverst) - Bjørn Tore - ringrev og erfaren kvalkjennar (t.h/nederst)
Humøret var det ikkje noko å seie på. 

Etterkvart vart det lysare, vinden stilna og fjorden kokte av kval. Det prusta og blåste på alle kantar med eit svakt ekko frå fjella. Magisk og fantastisk! Kvar enn vi snudde oss var det spekkhoggarar. Det var så mykje liv at det var artig berre å sitte å lytte. Uansett kva retning eg såg så var det blåst rett bak meg samstundes.  

Spekkisar under Blåmann

"Våre" bergensfolk med nærkontakt

Det var både rib-båtar og ein drøss med andre padlarar på fjorden, mellom anna ei stor gruppe frå Bergen (m/ Laila) 

Familieutflukt med store og små

Nokre kom nærare enn andre - flotte dyr! 
  

"Spekkis i solnedgang", 
alternativt "På stø kurs med stigande puls"

Vi låg no der midt i fjorden, og var godt nøgd med dagen. Då såg vi knølblåst langt inne i fjorden. Dei hadde god fart til knøl å vere, og held stø kurs. Beint på oss faktisk. Vi låg i ro, og det var etterkvart inga tvil. Ingrid ville gjerne ligge i flåte, og det rakk vi såvidt før "toget" fossa forbi. Store knølar på kvar side av oss, 10-12 stk! Den siste kom rett mot oss. Nokre meter framom oss såg vi han rett i augo. HERREGUD!!!! DETTE GÅR IKKJE!!!! Heldigvis hadde knølen full kontroll og dukka bratt og kontrollert rett ned før han traff oss. Då halen kom opp kunne vi ha tatt borti han. Sidan hendene var opptekne med å tvihalde seg fast i kajakkane og kvarandre vart det ikkje kvalklapping, men AVSTANDEN var innafor. Det fekk halde med eit lite kvinnehyl denne gongen. Kristin fekk heile seansen på film (sjå link under "filmsnuttar" i høgre kolonne på bloggen).  

Knølane kjem i horisonten

Foto: Bjørn Tore Sørensen

Meir kval, skumring og ei skikkeleg byge med vind og sludd. Vi hadde ikkje lyst, men skjønte at det var lurt å gje seg medan leiken var god. Breie glis og høge på livet alle saman. Rett heim for å kikke på bilde, film, og drodle vidare om opplevingane frå kvar våre vinklar. 

Kjempehelg og ekstra takk til Kristin som held ut med oss kvalturistar! 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar