torsdag 17. november 2016

Kvalpadling med kulingvarsel (2016)

13.11 Ruskete ver og ruskete meldingar. Vi la ut i grålysinga for å få med oss eit par timar på sjøen før det vart for gale.

Mørk morgon og motvindpadling. Vi bygger karakter.

I le av Kobbholmen og ventar på kval

Det kom kval. Ein gjeng spekkhoggarar på rekognosering. Dette var dei digre onklane. Dei største eg har sett nokon gong. Fulle av testosteron og sjølvtillit. Flokken på 6-7 stk sette kursen rett mot oss, Sneia Bjørn Tore og meg nokre meter unna og delte seg på kvar side av kajakken til Mildrid med nokre få cm klaring. HOHO, nærare vert det ikkje! Deretter vart det lite kval og mykje vind.

Te-drikking og kvalspeiding. Ein kan ha det værre på ein grå og dyster novembersøndag. 

Artig medsjøpadling heim att. 

6 km padling totalt og ei grei lufteøkt på førmiddagen. Vi var framleis høge på dagen før og hadde kvalopplevingar i fleng. Middag, middagslur, terningspel, ja vi hadde det så triveleg at vi ikkje rakk ferga på første forsøk. Note to self til neste gong.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar