Viser innlegg med etiketten Tromsø. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Tromsø. Vis alle innlegg

torsdag 16. november 2017

Holkeføre til Fjellheisa i Tromsø (421 moh)

16.11.17 Mildrid og eg testa sherpatrappa i Tromsø. Det var skikkeleg urutinert av oss å ikkje ha med broddar, for under snøen låg det speglblank is. Vi datt fleire gonger begge to, ikkje veldig elegant, men vi brakk heldigvis ikkje noko. Trappene var fine, lyset magisk og utsikta kunne vi heller ikkje klage på. Luftetur i november gjer godt!




Tromsdalstind

Turistar

Tromsø frå Fjellheisa 

torsdag 3. august 2017

Kaffikoketur (Lyfjorden - Molneshytta)

3. august. Nokre dagar treng ein berre å vere ute. Dette var ein slik dag. Målet var bål, kaffi og frisk luft. Rekognosering for seinare moglegheiter og test av den nye brennaren til Kristin

Variert trafikkbilde i Tromsø 

Vi hadde hugs ALT. Ferskvatn, fyrstikker, kaffikjele, brennar, gass, kaffi. - KOPPAR! Kristin ser spørjande bort på meg då vi pakkar i kajakkane. DET hadde vi gløymt begge to, og med nyrydda bil var det få alternativ å finne. Kristin la på sprang til næraste hus, og jammen fekk vi låne med oss koppar på turen. 

Er det nokon sak?

Molneshytta

Aust om hytta er det ei lita strand som det er fint å gå i land på, med bålplass og bekk. 


Rett ved rasteplassen var det ei tue med dei største og søtaste blåbæra eg har smakt på lenge! 

Det vart kaffi, og ekstra stas med porselen på tur. 

6.6 km t/r


mandag 10. april 2017

Rull og redd

09.04 Konkretisering av påskepadleplanar førte med seg panikktesting av drakt, kajakk og redningar. Alt var trongare enn sist, merkeleg nok. Heldigvis satt både rulla og redningane. Sjølv på 69 grader nord og med arktiskt sjøvatn som berre så vidt var flytande. #brainfreeze

Kristin og meg: ferdigrulla

Bodskapen er klar: Vi har testa før sesongstart. Har du?

Rulla - sjekk, på begge sider
Eigenredning - sjekk (mogleg den har vore meir grasiøs før, men med frenetisk sculling og vrikking på rompa kom eg meg på plass)
Kameratredning -sjekk (fort og greit - bankers)

lørdag 8. april 2017

Stormheimfjellet (1181 moh)

8.04 Påska i Troms tok seg opp vermessig, og vi hadde varma opp. No var vi klar for 1000 meter motbakke, meir pudder og utsikt i verdsklasse.


Panorama frå toppen

Stormheimfjellet sett frå fergekaia på Breivikeidet

Gløtt over fjorden mot Lyngen

Påskeglis frå første steg. 
Her var vi ikkje aleine, og slapp å gå opp så mykje som ein millimeter eigne spor.
I skogen var det livd nok til å gå i berre trøya oppover. 

Her var vi ikkje åleine, og slapp å gå opp så mykje som ein millimeter eigne spor.

Seige slake bakkar med topp utsikt. 

Storm cag'en fungerar på fjellet og!

Heilt OK. 
 Bakkane tok aldri slutt, og det var ei ny kneik bak kvar horisont oppover. Det gjorde faktisk ingenting, der vi gjekk med sola i ansiktet, blå himmel, kvite fjell og gneistrande snøkrystallar på alle kantar.

Fugldalsfjellet eller Jiehkkevarri bakerst?

Lekkert mot Lyngen (Lakselvtindane bakerst?)

Kald trekk var ikkje nok til å legge dempar på gleda over toppen og naturen og fridagen! 

Stormheimsfjellet! (Foto Kristin)
Hamperokken ligg bak til venstre. Den er sett på ønskelista som sommartur.

Panorama frå toppen

OK+

Kart frå Kristin
t/r 13,5 km og ca 1050 høgdemeter
Slake bakkar på dette fjellet, rundt 15 grader, så turen er meir lang enn bratt. 

fredag 7. april 2017

Mot Gråtinden (871 moh)

7.04 Påske i Troms! Ny dag, nye moglegheiter, med skiftande skydekke og nytt turmål! Søraust på Kvaløya ligg Gråtinden.

Dagens høgdepunkt! (Foto: Kristin)

God stemning og parkering ved stranda.

Idyll - og greit kjenneteikn ved start

Vi lagar våre eigne spor i dag!

 Konturar av gamle spor berre glimtvis å sjå.
Litt knotete gjennom skogen, men med litt sikksakk fann vi åpnare parti. Over skoggrensa vart det kongeføre og duvande kvite vidder så langt vi kunne sjå, og urørt snø. Mykje snø. Utan teikn til at det hadde vore folk før oss. 

Ver frå vest - lyskunst

Første glimt av ryggen på Gråtinden, verda vart kvit og ullen.

Lunsjen tok vi i vindsekken, og utanfor var det null sikt. Skulle vi snu eller gå? Det letta litt så vi gjekk vidare.


Platået før ryggen


Det var mykje snø, skavlar og diverse ras å sjå i dei brattare områda omkring oss. Bygene kom og gjekk, og ingen av oss hadde lyst å vere på ryggen utan sikt. Det vart høgde 707 moh på oss. 

Flakskred på nabofjellet

Gråtinden i all si prakt!

Det skein skikkeleg av 5 minutt etter at vi hadde snudd. Flott fjell! Då var vi mentalt omsnudd på nedoverdelen av turen, så ryggen fekk ligg ei fred. 

Fornøgd skiboms! Straumsfjorden og Balsfjorden bakerst. 

KONGEFØRE!!! 

Skikkeleg artig å renne her! Pudder og akkurat perfekt bratt. Dvs ikkje spesielt bratt. 

Unikt bilde: Eg legg på feller for å gå OPP ATT! (Foto: Kristin)
Det skjer sjeldan, men her var det verd det. 
Det var ekstremt mykje lettare å gå opp att i våre eigne spor runde to, enn å trakke sporet første gongen. 

Kristin i farta

Lekkert! Utsikt mot Malangen

Kart frå Kristin
t/r ca 9 km og litt over 700 høgdemeter der vi trakka eigne spor på runde 1, og ca 200 høgdemeter på runde to. 

Flott område! Hit skal eg på sommartur og! 

torsdag 6. april 2017

Rødtinden (470 moh)

13.04 Oppvarming til dagesvis med fri og ski i Tromsø! Eit av vårens vakraste eventyr. Dette var ein halvgrå dag og vi trengte ein enkel og lett start-tur. Det vart Rødtinden på Kvaløya.

TURGLISET!

Fine bakkar i lia her, enkelt og tilgjengeleg frå skistadioen. 

Lekkert i Troms - utsikt med det same

Kule formasjonar mot toppen

Vi gjekk til varden (516 moh?) - og der kom veret frå havet rett i mot. Her var det berre å kyle av seg fellene og komme seg ned. Vi slapp unna med eit nødskrik og hadde brukbar sikt stort sett heile vegen ned. 

3 km t/r, ca 450 høgdemeter
(Endomondo frå Kristin)