søndag 10. september 2017

Storholmen fyr

9.9 Eg er litt hekta på fyr for tida, det skal eg gjerne innrømme. Heldigvis er det smittsamt. Yr.no meldte lite vind i helga. Svært lite vind. Vi hadde 5-6 variantar av fyrpadling på lista, og valet vart Storholmen utanfor Vigra. Dit har eg hatt lyst å padle i 4-5 år, men ver, form eller gruppe har aldri klaffa. Ute på holmen kan ein ikkje ta det for sjølvsagt å komme seg i land, og det er omlag ei mil frå land. Små skilnader i vind gjer store utslag på forholda der, og ein er for lengst ute i dønningen i havet.

Denne gongen er Mildrid gjestebloggar med omlag halvparten av bilda. Både for at ho er ein flink fotograf, og fordi eg tykte det var for skvalpete og rotete kring fyret til å ta særleg med bilde der.

Exposed paddling to the lighthouse of Storholmen (meaning "The big islet"). Spectacular place, and kind of a time machine - as the place looks like it did when the last lighthouse keeper went out the door in 1980. 


Rett nordvest etter holmane utanfor Blimsanden - her forlet vi kysten, legg Norge bak oss og fer ut i havet.

Du veit du har tenkt deg til havs når Skarven flyktar frå deg - innover. 

Vi såg fyret i horisonten - lenge.

Ingen av oss hugsa tommelfingerreglane for å vurdere avstandar på sjøen. Dei kan vere lure å repetere, om ikkje anna for motivasjonen på slike kryssingar. Lenge såg vi berre fyret, før vi etterkvart såg fyrhuset. Så tok det lang tid før vi klarte å skilne vindauga, og endå litt før vindauga vart tydelege for oss. (Frå boka Seakayak av Gordon Brown: 2 km - kan identifisere individuelle hus, 1 km - identifisere individuelle vindu)


Framleis fleire kilometer att (Foto: Mildrid)

Framme! Fyret frå aust. (Foto: Mildrid)

Gleda over å vere framme vart fort avløyst av målretta synfaring etter ilandstigningsmoglegheiter. Storholmen er ein liten holme i havet, med svell på alle kantar. Det er bygd trapper og landingar på 5 plassar rundt heile holmen, men ingen av dei var innlysande enkle, sjølv på ein så stille og flott dag, utan vind (maks 2 m/s) og med lite sjø.

Dramatisk på nordsida  (Foto: Mildrid)

Blankskurt på vestsida (Foto: Mildrid)

Trappa til venstre ser greiast ut.

Etter to rundar rekognosering rundt holmen enda vi på nordsida. 
Denne gongen samsnakka vi om angrepsmåte og korleis vi skulle gjere det, tauelinene var i aktiv bruk og vi hadde sjekka mobildekninga FØR vi sette i verk prosjekt ilandstigning. Alle måtte i sjøen. 

OK. Beste plassen er faktisk her. Foto: Mildrid

Vi sendte Jason først (standard prosedyre når det er litt heftig). Foto: Mildrid

Ein stk på land, to stk på land, går så det grin. 

Mildrid var sistemann, men også ho måtte i sjøen. 

Dette gjekk over all forventning. Det funkar å ta seg litt tid, ha få tau i aksjon samstundes, gjere klare avtalar og ta ein om gongen. Ingen skadar på personell eller utstyr. 

Fyra vert kalla kystens katedralar. Flotte linjer, om noko fordums prakt er borte. 

Lunsj på helikopterlandinga på 4 x 4 meter - ein nydeleg dag på ein spesiell plass! 

Storholmen er størst av 3 holmar midt i havet med ein slags lagune i midten

Kledninga på fyret misser målinga mot sørvest. Sol og vind tek her ute. 

Ein av 3 landingar, den her er mot sør. Vi ser innover på Nordøyane, Vigra og fastlandet (Haram).

Austover frå tårnet 

Frå fyret. (Foto: Mildrid)

Storholmen vart sett i drift i 1920. Sjølve fyret inneheld tre etasjar med rom for fyrvaktarane i tillegg til lykta på toppen og teknisk rom i botnen. Alt av personell og utstyr måtte heisast i land, og frå 1970 var det helikoptertransport. Fyret vart automatisert og avbemanna i 1980. 


Foto: Mildrid

I fyret var det spor av aktivitet frå 1920-1980. Det såg ut som folk berre hadde gått for dagen. Merkeleg kjensle av å komme til ei anna tid. 

Mykje horisont, meir enn 200 grader himmel og hav. 
Innsyn til kysten frå Stad til Stemshesten.

Vi kunne ha vore lenger, og timane gjekk fort. Det var ein spesiell plass. 

Jepp - då var det berre å komme seg på sjøen att då....



Sistemann straks på sjøen (Foto: Mildrid) 
Med samarbeid og litt svømming gjekk det som ein leik.  

Eviglang padling inn att mot kysten. 
God trim. Særleg for den mentale padlekapasiteten.  

Skiftande lys og fine stemningar (Foto: Mildrid)

Tidsmaskina Storholmen (2017)

Anlegget på Storholmen vert bygd (ca 1920) 
Foto: ukjent (digitaltmuseum.no)

Totalt 23,2 km  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar