lørdag 13. mai 2017

Vårskitur i verdas vakraste dal - Blæja (1420 moh)

13.mai. Eg var nett heimkommen frå nord og knapt akklimatisert. Strålande meldingar og snø i fjella. Med noko lirking fekk eg med Mildrid på vårskitur. 

Eg ventar på ferga på Magerholm - Sunnmørsalpane ventar på andre sida av fjorden

Villa Norangsdal - med Blægja oppe bak flagget. Ein gong skal eg ha meg ei overnatting her.

I starten var det god, tørr sti gjennom kvitstamma bjørkeskog. Dramatisk rumling frå små våte skred frå Kvitegga runga truande med jamne mellomrom, i stor kontrast til småfuglande som kvitra hjarteleg rundt oss. Det lukta tørt gras og vår i bakkane. 

Det var berre å hive trøya og få på solkremen. Det var heitt i bakkane. (Foto: Mildrid)

Ingen av oss hadde særleg overskot denne dagen, så det vart jamnt og roleg oppover lia. Dette er ein enkel tur, der ruta enkelt kan leggast under 30 grader heile vegen. Lite tenking - hovudet fekk kvile og kroppen vere ute. I godt selskap var batteriet på lading!

Rett fram til topps! 

Slogen dukkar opp

Bauting, og  meir utsikt for kvar sving

Nesten oppe! (Foto: Mildrid)

Frå toppen austover mot Kvitegga

Utover Hjørundfjorden mot Ålesund i horisonten

På sjølve toppen var det iskaldt - og dunjakka kom på fortare enn svint. Nydeleg utsikt 360 grader rundt, og ein ny vinkel for meg, så eg kjente ikkje att halvparten av fjella.

Mot Skårasalen

Karane frå Nordfjord diskuterte korleis dei skulle ta kortaste veg ned i eit strekk...

Vi hadde ein anna strategi.....

SOLING FØRST!!! (Foto: Mildrid)

Mildrid med upåklageleg telemarkstil ned bakkane. 

Ned til ca 800 moh var det kongeføre! Det var skikkeleg artig å renne nedover her.  Deretter vart det gradvis tyngre og tyngre nedover, sugande slush og gjennomslagsføre til vi kom til tregrensa. 

¨
Strålande nøgde var vi einige om at Norangsdalen fortjente nemninga verdas vakraste dal denne dagen. 

Vi bestemte oss for å vere turistar og la heimturen om Øye og Urke. Butikken på Urke var nett stengd for dagen, men butikkdama kom springande og låste opp att slik at vi fekk kjøpe oss ein is. Det er bra service!

Leknes - Sæbø.  Eit av dei vakraste ferjestrekka i Norge? Slogen til venstre, Stålberghornet til høgre. 

Vi runda av dagen med å sitte ute og ete middag i Ørsta. For ein sommardag! Det vart litt av ein rundtur i eksportfylket og 3 ferjestrekk på meg.  

 Ca 10 km t/r og 1100 høgdemeter. 
NB: Ikkje parkering ved Villaen, men finn plass langs hovudvegen. 

2 kommentarer:

  1. Denne historien var så bra og levende fortalt at jeg nesten hadde lyst til å kjøpe meg ski, da kom jeg på at jeg bor på Østlandet..... Holder meg til kajakk jeg ;ø)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hyggeleg å høyre at du nesten vart med å turen :) Eg har store ambisjonar om å verte meir aktiv med kajakk att - litt rusten om dagen.

      Slett