søndag 24. juli 2016

Turistar på Tindsøya

24.07 Utgangspunkt Sortland og skodde i heile Vesterålen og Lofoten. Kva gjer ein då? Vi tok turen til Øksnes Vestbygd og Tindsøya. Normalt brukar eg å padle kajakk der, men denne gongen testa eg den meir alminnelege turistruta saman med Anne og "Lundene".

Handelsstedet Tinden

Første stopp var den gamle handelsstaden Tinden. Gamlebutikken var artig å sjå innom, og hagen var full av flotte stauder. 



Stjerneskjerm

Neste etappe gjekk på tydelig og litt våt sti over myra til Skipnes. 

Gjengen med Tinden i bakgrunn og Tindstinden i skodda


Anna frå Vinje - Kystkvinneminnemerke ved Skipnes

Padlarar som skulle på ASKR hadde såvidt begynt å innfinne seg på Skipnes. Ekstra rart å ikkje ha med kajakk denne gongen. Vi for på utstilling i ungdomshuset. Det var ei utstilling laga av damene i bygda, med tema kvinnehistorie. Den traff oss alle, og vi brukte lang tid der. Her var mykje å kjenne att frå eigen barndom, og kystkvinnelivet vart levande i skulestova. Eg har vore på mykje slike lokalhistorieutstillingar, og dette er ei av beste eg har sett. Honnør til damene på Skipnes!
Link til omtale av utstillinga
 
Skipnes - med knallgod middag på butikken

Teambilde! Topptur på Lynghaugen 136 moh

Då hadde vi akkurat tid til å plukke geiterams til Anne sitt saftprosjekt før båten gjekk.


Korleis kan det verte saft av dette? 

Norgesferie = vaflar! Rabarbrasyltetøyet på Tinden er himmelsk!

1 kommentar:

  1. Ha ha! Nå skulle jeg til å si at jammen har du samla et "skjær" i år som ikke jeg har (10 på skjæret), men du hadde jo ikke kajakk med så det tels ikke. :)

    SvarSlett