fredag 22. juli 2016

Møysalen (1262 moh)

22.07.16 TILBAKEBLIKK Dette viste seg å vere den argaste sommardagen i 2016. Langt over 20 grader grytidleg om morgonen, sol og heilt vindstille. Siri og Per hadde planen klar og eg heiv meg med mellom sommargjestane. Møysalen - høgaste fjellet i Lofoten/Vesterålen - frå E 10 og via Forkledalen.

Forkledalen innover. 

Turen starta på sti, med høge urter. Langs vatn, over myrar og delvis kloppa. Nydeleg utsikt til toppar på alle kantar og open bjørkeskog. Det var så varmt at eg hadde omlag heteslag frå start. Shorts og bikini frå start og svetten rann. Bekkane leika seg nedover dalen og det var rikeleg med vatn.



Opnare, tørrare sti og villare fjell. Forkledalen tok aldri slutt. 

Endeleg bikka vi kanten og kunne sjå vatn 328 moh.
  
Det var surrealistisk fint her inne! 
Eg ser for meg at alpane i Sveits ser litt slik ut. 

Vegen vidare. Innover rett fram, over fossen og deretter til høgre. 

Det var fleire timar å gå inn til vatn 328 (omlag to) og då er det ein lang dal til før stigninga opp mot sjølvaste Møysalen. 

Store landskap, og meir urete etterkvart som vi vann høgde. 

Flott å gå i desse store landskapa, og relativt lett å gå. Eg klarte ikkje heilt å nyte det, for kroppen var tung og beina kjendes ut som bly, og det var alt for varmt. Det var ikkje nokon stad å sleppe unna, varmen var overalt, og det var ikkje så mykje som ein liten trekk ein gong. Det var lite folk langs vår rute, dei fleste brukar å ta båt inn Lonkanfjorden og gå derifrå. 

Halvvegs opp i bakkane. Foto: Stig

I skaret på omlag 850 moh. Utsikt ned på Øvre Møysalvatnet og vakre vesterålestindar.
Lunsj og naudsynt påfyll.

Panorama frå skaret

Møyene stranke og fine. Det er lett å sjå at det er forsteina trolljenter.   

Ny giv etter lunsj. Opp her? LETT!
God sti og greit å komme seg opp. Litt bratt nokre stadar men ikkje kritisk for min høgdeskrekk. 

Fjellvandrar Per

Siste snøbreen før toppen. Har eg (og Per) bært stegjarn skal eg jammen ha dei på. Eg er skikkeleg pyse på slik skrå snø. Men det hadde gått greit utan. 

Sjarmøretappe over snøbreen denne dagen, her kan det både vere vanskeleg å komme seg ut på snøen og hardt/glatt. 

Siri på toppen!

Fotoøkt!

Framleis ikkje eit vindpust. Utsikt til verdas ende! Heile Lofoten og Vesterålen og innover i fylket med. Vi var til og med aleine på toppen! Dette er nok ein av dei aller finaste turane eg har vore på i området. 

Panorama mot sør og vest - Lofoten - Vesterålen

Panorama mot nord og aust

Teambilde på toppen!

Vi satt på toppen i over ein time. Sola oss, tok inn utsikta og vifta med tærne. Fordelen med sommardagar i nord er at dei varer evig. Vi hadde ikkje trengt å bære med oss eit einaste klesplagg.  

Toppryggen mot nord (t.v/øverst). Utsikt ned i Vestpollen innerst i Øksfjorden (t.h/nederst)

Snøbreen øverst

Ikkje dårleg utsikt på heimvegen heller.

Fjellblomeprakt


Trollet i Møysalen


Heimvegen var vakker, men lang. Varmen heldt seg og eg var litt utslått og lei på slutten. Det vart bading rett før bilen og vi brukte heile dagen (ca 12 timar) på turen. Litt solbrent, masse nye myggstikk og ein turdag av dei sjeldne. 

Møysalen var eit høgdepunkt å alle moglege vis - variasjon i terreng, utsikt og faktiske høgdemeter! Takk for turen! 

ca 10 km ein veg og 1300 høgdemeter


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar