lørdag 13. august 2016

Breiflogtinden (720 moh) og telting med turlaget

12.-13. august. Telting med Lofoten turlag freista. Bære tungt freista ikkje, så eg kjøpte i all hast det aller lettaste teltet som eg fekk tak i. Eg pakka for heile helga og la i veg. Moskenesøya er av dei vakraste i Lofoten, og eg har drøymt om å komme meg på Horseidstranda i heile sommar.

Reine sentrum - reine idyllen

Innover mot Kjerkfjorden. Er det ein av dei toppane der vi skal på tru?

Det var iskald vind på kaia og det skya over. 12 personar skulle være med på tur, og vi starta med å ta rutebåten klokka 21.30 innover fjorden. 

Ingen veg tilbake. Vi står på kaia. Det regnar og det er skymt.

Turfolk er fine folk, og det var god stemning sjølv om det var sleipt og glatt og vått og oppoverbakke. Turleiarane hadde kontroll på kvar det var bra leirplass, og vi fekk rigga oss til. Litt sosialt vart det tid til før legging og det vart trylla fram godsaker i fast og flytande form. 

Om natta regna det. Om morgonen regna det. Eg var i tvil om eg ville stå opp..

SLIK ser det ut her altså! Basecamp Horseidet.

Skodda hang i fjella

Nokre prioriterte strandtur og tidleg båt heim, men dei fleste ville på fjellet. 


Enorm dal og enorm strand

Vi gjekk opp i skaret sør for Breiflogtinden. Bratt og hengande fjell over oss.
Ikkje kjekt å vere i skaret lenger enn høgst naudsynt. 

På toppen av skaret fekk vi løn for strevet og rå utsikt mot yttersida.

På lyng og gras, og på respektfull avstand frå sva og stup, fekk motbakkemusklane prøve seg. 

Ut Kjerkfjorden mot Reine

Fotografen hadde campa på toppen! Sprekt! 

På toppen av Breiflogtinden 720 moh

Toppen på 750 moh kom og gjekk i skodda og det var bratt og sleipt øverst, så den droppa vi.

Trolsk mot 750-toppen

Då var det berre å komme seg heilskinna ned att..

Tøff holme! Har sett ein liknande ein plass, men kvar? 


Breiflogtinden ber namnet med rette!

Her delte vi oss. Turlagsturen tok slutt. Dei fleste for heim med båten, medan eg og eit par til vart att i dalen. 

Kjerkfjorden sentrum og Breiflogtinden rett i mot. Der har vi vore gitt (på den venstre av toppane)! 

Takk for turen og triveleg lag!

4 kommentarer:

  1. Flott turrapport – men teltet da? Hva ble det slags telt?

    SvarSlett
    Svar
    1. Meir info kjem i neste innlegg - som kjem neste gong det regnar ;)

      Slett
  2. Fina bilder av otroligt imponerande natur! Vilket tält med låg vikt valde du, undrar även jag...

    SvarSlett
    Svar
    1. Lofoten har mykje dramatisk og storslått natur ja! Eg kjem med meir teltinfo etterkvart. :)

      Slett