Merete inviterte til Ballstadpadling, og vi fann oss ein fin kveld i august. Turistpadling i hamna og utsjekk av gamle fyrtufter på Svinøya var planen, med test av tørrdrakt undervegs.
Merete med "byfjellet" Skottinden i bakgrunn
Innover mot Hattvika
Her har det vore hamn og fiskevær i minst 1000 år, og framleis er det eit aktivt fiskerimiljø. Ballstad slipp er ei av dei største verksemdene i hamna. I tillegg er det ein del turisme og utleige her. Ballstad har i overkant av 1000 innbyggarar og dei innfødte eg har møtt er veldig glade i og stolte av bygda si.
Under brua i Kremmarvika var det sterk straum og mykje artig å sjå.
Vanleg korstroll (sjøstjerne)
Sjønellik (t.v)
Svartstjerne (slangestjerne)
Dødmannshand (blautkorall). Foto: Merete
Lykta på Svinøya erstattar fyret som stod her til 1956
Murane står att - husa vart seld då fyret vart lagt ned.
Ballstad fyrstasjon. Foto: Kystverket
Værøy til venstre, Mosken og del av Moskenesøy til høgre.
Mot Mortsund
Flakstadrekka i all si prakt og Brurstolen (t.h)
Det vart blankstille, blåtime, solnedgang og måneskinn på ein gong. Vi vart aldeles andektige på
heimvegen.
10 innhaldsrike kilometer
Dessutan fekk vi plusspoeng for å øve på redning. Merete demonstrerte også imponerande balansekunst, då ho berre steig frå berget med ein fot ut i kajakken og sette seg elegant ned. Note to self: heim og øve opp balansen!
Hej Lene! Tyvärr fungerar icke dit nästa blogginlägg om Merafta (576 moh) 2017-10-10... :-( Hoppas få se dina bilder därifrån snart! De är värda att vänta på... :-)
SvarSlettTack! Nu fungerar det o mycket riktigt så finns det fina bilder med även denna gång! :-)
SvarSlett