søndag 15. mai 2016

Pinselam i kokegrop - Pinsepadling spesial dag 2

15.05.16. Ragni hadde lagt ut følgjande beskjed på førehand:

"Æ har et lammelår i fryseren som æ tenkte på å ta med og tilberede i kokegrop. Har ikkje gjort det før, men har lenge tenkt at det må være et artig turprosjekt! Men det tar jo litt tid å grave og fyre ei grop, så akkurat kor det skal gjøres og om vi rekk får vi nesten bare se an underveis...
Det skulle være meir enn nok mat til alle sammen, så da e hovedretten i boks en av dagan. Ta med tilbehør og drikke (og kanskje ei ventepølse... )"

Eg har OG tenkt at dette hadde vore eit artig prosjekt, så vi hadde med tilbehør, raudvin, ventepølse og ein REAL som plan C. På Tunes var det perfekte forhold, og vi skulle ikkje avgarde før på ettermiddagsfloa.

1. Hagespade, sandjord, ta vekk torv i eit stykke. 

2. Grav djupt nok til bål, steinar og maten + dekke. Hagespade er eit minimumskrav. 
(Denne aktiviteten gav dei styggaste gnagsåra på heile turen.) 

Ragni var prosjektleiar, vi andre bar nokre steinar. 

3. Legg i stein og bål. Vi hadde med grillkol og båla litt på toppen. Ein pose kol er rikeleg for ei kokegrop. 

Her er det ein periode med litt venting. På bålet kan ein og f.eks koke ventekaffi. Energieffektivitet i praksis. 

4. Fjern restane etter bålet

5. Pakk inn låret i mange lag. Legg det i gropa på varme steinar. Legg resterande stein rundt og på toppen av låret.
  
6.* Ein liten seremoni var på sin plass. 
Ikkje så trist som det kan sjå ut, vi var heilt sikre på at vi kom til å grave det opp att. Låret altså. #vatnimunnen *Dette punktet er frivillig. 

7. Dekk til med sand og torv til slutt. Det skal IKKJE ryke.

Ragni la nedi ein mynt (frå 2011), slik at arkeologane som kjem hit etterkvart skal skjønne at kolrestane her er frå nyare tid. Det er å ta omsyn til andre fagfolk i praksis.   

7. forts. Vi dekka til slik at det slutta å ryke. 

Her kjem det ei ny venteøkt. Den kan mellom anna nyttast til å diskutere kor lenge eit slikt lår bør ligge i gropa. På Tunes kunne vi i tillegg gå ei kulturhistorisk vandring og sjekke vermeldinga på VHF på Gaphaugen 56 moh. 

FANFARE!!! OPNING AV KOKEGROP!

8. Grav opp. Det er varmt. Ta gjerne med grillhanskar eller liknande. 

9. Pakk opp. 
Det lukta himmelsk godt, og gliset til prosjektleiaren var representativt for heile gruppa. 
Vi lot låret ligge knappe 1,5 time og det var perfekt. 

Lammelår a la Tunes

10. Skjær opp. Mørt og nydeleg. 

11. Et og nyt!

Bon appetitt! 

Vi åt oss mette, og deretter åt vi dessertporsjon. Det hadde vore nok mat til 8-10 stk. Attåt var det fløytegratinerte poteter, marinert gulrot og brokkoli.

Tusen takk til Ragni for initiativ, gjennomføring og mat!
Tusen takk til Kristin for tilbehør! 
Kokegrop skal utforskast vidare - flott måte å lage mat til mange.    

2 kommentarer:

  1. Flott måte, men ventepølse er en god ide ja. 1,5 time er rundt regnet det lengste man klarer å vente tror jeg. Sist vi laget sånn grop så var vi rimelig desperate av sult da den ble åpnet. Metode for en dag med jevnt inntak og god tid. :)

    SvarSlett
  2. Fantastisk prosjekt, og ei trinn for trinn prosedyre som fekk meg i godt humør! Takk for inspirasjon :)

    SvarSlett