tirsdag 3. mars 2015

GPS-kurs med Ålesund-Sunnmøre Turistforening

26.02 Eg har hatt lyst på GPS lenge. Vinterturar og skigåing førte til at GPS'en rykka opp frå "kjekt å ha" til "bør ha". Bruksområde er altså vinterturar, whiteout, skoddeturar, skogsturar og trening i kajakken (fartsmålar).

Etter mykje om og men vart det ein Garmin GPSMAP64s. Bitteliten og lett tapte mot vasstett og stor skjerm. GPS'en har mange KNAPPAR. Og mange FUNKSJONAR. Og lita bruksanvisning. Veldig lita.

Det er då turistforeninga vert redninga. Dei arrangerar GPS-kurs. Livline. Berginga. Den-einaste-sjansen-til-å fatte-noko-som-helst.

Kurshaldaren er pedagogisk, og sender ein fin e-post veka før. Velkommen på kurs - last gjerne inn desse tinga på førehand og med tilhøyrande lenker. Det er då det startar. I løpet av to dagar har internetten heime gått i svart og eg har bytta jobb-PC (til ein som absolutt ikkje kan integrerast med bittelitt anna programvare). Ein gammal PC med defekt trådlausnettløysing der eg har nokre GPS-kart frå gamle dagar vert gravd fram frå boden. Tekniske dubbedittar er best når dei fungerar. Litt usikker om det er kjensla av hat eller maktesløyse som er sterkast, mekkar eg på som best eg kan og troppar opp på kurs.


På kurset er det blide og spente folk med GPS og PC. Vi får lære mykje, spørje mykje og teste ein runde i byen. Vi finn fram til same statua på kaia, og det lovar godt. Det er livsfarleg å gå med nasa i GPSen i trafikken, så eg anbefalar testing i skog og utmark.

Blid gjeng på kurs!

Hovudet er fullt av vegpunkt, spor og koordinatar. Eg er nøgd med kurset, for om ikkje anna er eg i gong! Eg er ikkje utlært, og har framleis fleire spørsmål enn svar, men no vert det trening med GPS framover.  

Takk til Ålesund-Sunnmøre Turistforening for ein kjekk og nyttig kveld!

2 kommentarer:

  1. Så flott at du har kjøpt en sånn, da har jeg noen å høre med neste gang jeg må kjøpe ny. Jeg fant omsider min gamle, men nå er den visst blitt borte igjen. Jeg mistenker at den er malt med sånn usynlighetsblekk utenpå.

    I hvert fall - jeg vil høre mer om denne her når du har tatt den skikkelig i bruk!

    SvarSlett
    Svar
    1. UGGH!!! Eg slit framleis med å skjønne konseptet GPS. No har eg sjekka sporloggen - og alle mine rørsler (og mangel på..) dei siste dagane er registrert, bortsett fra den skituren eg VILLE at den skulle logge. Kva skjer??? Ja, vi kan snakkast til hausten om dette, eg trur inntil vidare at det ikkje er modellen det er noko gale med..

      Slett