onsdag 20. august 2014

Padling i Trollfjorden

03.08 Padling i Trollfjorden. Varmt, stilt og lummert. Vi ser straumen i Raftsundet frå bilen, og er spent på korleis det vert å krysse. Vi finn plass til bilar og utsett like ved Tennstrand.

Karianne er klar for padling. Nesten som "Tidemann og Gude"-landskap bak der.

Spegling er kult, og det var heilt stilt på fjorden

Første etappe var transport og kryssing til og frå Ulvøya.

Inn Trollfjorden

Her har det vore folk før...

Dramatisk natur og eit par kraftstasjonar prega den vesle fjordarmen

Eg er i Trollfjorden! 

Her har vi vore i 5 minutt...

Vi fann ein fin raste- og lunsjplass inst i fjorden. Flott utsikt ut fjorden. Det lukta dieseleksos, og motorduren gjalla i fjellveggane. Rib-båtar, småbåtar og halvstore turistbåtar fylte fjorden. Det låg ein og anna seglbåt der inne og. Slik er det når ein fer til turistfellene i turistsesongen. Fint likevel, ein må ta det for det det er. 

Turistbåt, ein klassisk sightseeingbåt, på vent.

Det flør og vi ventar.

Alle andre venta, så vi venta vi og. Det var kjempevarmt, og godt å sløve litt. Vi trudde i grunn at det var Hurtigruta vi venta på, men vi var ikkje heilt sikre. Det var heller ikkje dekning for vår venn Google her inne. 

Der kjem ho!

Kajakkpadlarane for inn i Trollfjorden. - Hu, hei, no kjem eg og tek dykk, sa trollet. Nei, ta ikkje oss, det kjem større båtar med feitare turistar enn oss, bad padlarane. Så kom sightseeingbåten frå Svolvær, og det same skjedde. Tilslutt kom Hurtigruta.... No vart ikkje turistane der heller etne etter det vi kunne sjå. Ei heller trollet. Så her er det rom for å vidareføre eventyret. 

Det er festleg (og bittelitt ironisk kanskje?) med slike dagar der vi kan vere turistar som tek bilde av turistar som tek bilde av turistar. Eg tykkjer det er stas med Hurtigruta sjølv om eg ser ho fleire gonger om dagen året rundt. Kanskje nett difor. Ho er overalt langs kysten.  

Hurtigruta 

Hurtigruta snur i Trollfjorden - staseleg!

Høgdepunktet var over. Turistane og motorbåtane for. Det vart stilt og ganske fint i fjorden. Det var koseleg, og sjølv om vi starta på heimveg så hadde vi det ikkje travelt.

Minna imponerar med fossepadling!

Livsfarleg - og vi veit det. Ein dag kjem dei deisande, blokkene!

Karianne i Trollfjorden

Lekkert. Det er no faktisk litt trolsk på ein måte og?

Komplett tur - 12 km t/r. 

Skal ein først drive med fjordpadling er det omlag den lengda her som er bra!

Karianne fekk verkeleg dreisen på padlinga, og vart tøff i trynet etterkvart.

Tusen takk til Jarle som tok oss med til Trollfjorden! Strålande idè og finfin tur. Trollfjorden er litt slik som Galdhøpiggen. Ikkje det mest uberørte fjellet (eller fjorden), men ein må liksom innom ein gong i løpet av livet. Etter meir eller mindre to veker på tur i lag var det på tide å skilje lag. Troms-gjengen for nordover, Arinbjørn sette kursen rett mot Sogn medan Karianne og eg framleis hadde litt ugjort feriering i Nordland.  


Farvel Lofoten!

-eller rettare sagt; på gjensyn!

4 kommentarer:

  1. Takk for nok et flott innlegg! Skulle gjerne vært der sammen med dere. Snaisne bilder! Det mest imponerende er kanskje Kariannes padle-progresjon! :-) kudos!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jepp, du skulle ha vore med, men ein rekk ikkje over alt. Vart no likevel mykje fin padling på oss i sommar! Det kjem fleire sjansar. Trollfjorden er relativt tilgjengeleg med kajakk.

      Slett
  2. Sist jeg var der, riktignok for to år siden, var det Wifi på brygga. ;) (Der var også et åpent toalett av moderne standard.)

    SvarSlett
  3. Flotte greier det der Lene.. En drøm å padle der.. :-)

    SvarSlett