mandag 30. juni 2014

Fonn - Tungestølen med Indre Sunnfjord Turlag

28.06 -Bli med då! Eg og Leif'en skal! Connie var overbevisande og vermeldinga var bra. Så då vart det turlagstur på meg og. Eg starta med overnatting under open himmel på Befringsstølen, og møtte opp på Skei laurdag morgon. Halvfull buss, men allereie god stemning. Lovande.

Vi starta på Fonn inst i Stardalen. Fonn - Tungestølen er i grunn Jostedalsbreen på tvers, der den er smalast i sørleg del.

Kulturlandskap, kyr, sol, bre. Nasjonalromantikk så det held. (Litlenova som stikk opp der bak)

Det såg bratt ut, men første etappe innover dalen var overraskande flat. Det var god sti heile vegen opp til Gallen, så sjølv bratta var grei. Turleiaren bestemte tempo og gjekk jamnt og roleg. - Det er jamna som dreg, gliste han. 

Effektive høgdemeter opp mot Gallen

Stardalen

Askvollgjengen!

Rast på Gallen (1386 moh). Snønipa i bakgrunnen til høgre. 

Fantastisk ver. Varmt og godt, ingen insekt, fantastisk utsikt. Fin gjeng. Bra turleiar. Eg kosa meg. 

Teambilde på Gallen! 

Det er visst tradisjon for å ta teambilde her. Det var mykje tradisjon knytt til denne turen, skjønte eg etterkvart. Dette var opphavleg ei av patentrutene over breen: 

Fleire av ferdslevegane inn mot og over Jostedalsbreen har ei historie som strekker seg langt 
tilbake i tid. Før omlag 1890, var ferdsle over breen knytt til ærend som hadde med handel å gjere. Frå 1890-talet innførte DNT autorisasjonssertifikat for breføring, fleire førarar i Sogn og Fjordane vart utnemnde og fekk patent på kvar sine ruter i dalane rundt Jostedalsbreen. Dette var gjerne karar som frå før hadde god lokalkunnskap og som allereie var vande å ferdast i fjell og på bre.

I nyare tid har dette vore turlagstur i 30 år i strekk. Uansett ver har gjengen kjempa seg over. Bjørn Høyvik har vore turleiar i 20 år, og sonen Leif Sverre Høyvik leia turen for 10 gong i år. Fleire av turdeltakarane hadde vore med mange gonger, opp til 19! Eg var mektig imponert.

På Norges tak i brelandskap

Klar for bre!

Innbinding i tau

Kamelkaravane i ørkenen, eller turlagstur på bre. Mykje det same. 


Fotostopp! 

Eg tok no litt bilde utan fotostopp og. Magne fortener premie for tolmod. Eg hoppa to skritt fram og litt hit og dit, men aldri kjente eg rykk i tauet eller misfornøgde blikk brenne i nakken. Eg innrømmer glatt at eg ikkje var den lettaste å gå bak denne dagen...

Etterkvart kom vi opp på høgaste punktet for dagen, på omlag 1700 meter. Der kryssa vi sporet som vi jentene gjekk i mai - på vårt "Josten på langs-eventyr".

Supphellenipa var like fin denne gongen og. Her oppe beundra vi utsikta over breen, ytre delar av fylket, Jotunheimen med meir. Ei lita økt med handsopprekking vart det og tid til. Her er alle dei som har sykla breen på langs.
(Heilt tilfeldig var det visst Leif Sverre = turleiaren)

No skulle vi begynne på den delen av breen der vi reelt trong tau. 

Startar nedoverbakken med å trakke gjennom... 

Då skjerpa vi oss gitt. Resten av nedstigninga på breen gjekk utan dramatikk. Nesten litt keisamt, i følge dei erfarne. Mykje snø på breen. Rekordmykje. Tilsvarande lite sprekker og blåis. 


Bre er kult 1 - Bjørnakyrkjebreen

Bre er kult 2 - Langedalsbreen

Rast på Midtnovi (1210 moh) då vi kom ut av breen. Sydenstemning. Berre mykje betre utsikt. 

Snøfonnutfordring!

På veg ned var det mykje snø og nye snøfonner som turleiarane ikkje hadde vore borti før. Litt ekstra tausikring var greit her. Nedstigninga var bratt og lang, men det var no stort sett sti. I botnen venta neste utfordring: Kryssing av breelv. 

Tau og teamarbeid..

Alle kom seg over i fin stil og utan plumping. 
Eg var glad både for tau og ei handsrekking i hoppinga her...

Siste etappa gjekk i flate dalen gjennom kratt og buskas. Ras hadde endra elveleiet, og øydelagt delar av stien. Vi kjempa oss fram. Etterkvart vart det ope, flatt, og grueleg keisamt. No var eg litt lei og klar for å komme fram. Det var god motivasjon i å sjå Tungestølen der framme, og ha ein god prat med turfølgjet utover dalen.  

Nystølen. 

På Tungestølen var det lavoar, teltplass, toalett og bussen stod der med alt utstyret vårt. Rein luksus. Vi fekk servert Veitastond-tapas, og runda av kvelden med røvarhistorier rundt leirbålet i giga-lavoen. Om du vil vite meir om kva som skjedde om kvelden? Ja, då lyt du nesten vere med på turen neste år. Det som skjer ved leirbålet blir i leiren...

Kart over ruta (ca). Turen er omlag 18 km lang, og det er 1400 meter høgdeskilnad. 
Vi brukte 11,5 timar, og av det tippar eg ca 1,5 time var pausar. 

Vi gjekk roleg og jamnt, og det var lurt, for her treng ein litt krefter til nedstigninga og..

Eg må nesten skryte litt ekstra av Leif Sverre for strålande turleiing. God informasjon, perfekt tempo, passeleg lange skritt i snøen, god timing på matpausane og eg kjende meg trygg og fornøgd heile dagen. Det er nemleg ikkje sjølvsagt at superspreke mannfolk med lange bein fiksar alle dei tinga der.

Takk for ein fantastisk turdag, samtlege!

2 kommentarer:

  1. Ser ut for å ha vært en fin tur! Det føles litt feil å se så mange snøbilder på denne tiden, nesten litt sånn "hvorfor blogger hun ikke denne turen før nå", he he. Men variasjon er jo bra! Schwung-innlegg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takker! Aktivitetane i år gjer meg faktisk fullstendig årstidsforvirra. Joggesko i januar og vinterklede i juni. Midt på breen fekk vi eit intenst sug etter appelsin, kvikk-lunsj og påskemarsipan. :)

      Slett