onsdag 9. april 2014

Skjergard i nabolaget - Kalvøya rundt

8.april. Plan A og plan B. I ausande regn og blikkstille tek vi siste avgjerda: Vi trur på yr.no som seier at det bles opp, og går for plan B - innaskjers. Området rundt Kalvøya har vore oppe til vurdering fleire gonger, men eg har altså ikkje vore der før. Det er eit litt skjerma området mellom Valderøya, Ellingsøya og Haramslandet (Søvika).

Hurtigruta i leia. Vårt mål for dagen er holmane i bakgrunnen der.

Gråver har ein viss sjarm, i alle fall når ein har komme så langt som inn i tørrdrakta og opp i kajakken. 

Kjeholmen. Liten, men akkurat stor nok til eit eige hus. Her vart vi liggande lenge. To leikne selar var opp og ned og rundt og att og fram ei god stund. 

Det vart litt snirkling mellom holmane, og det var mange små holmar og skjer. Vi snakka om sol, bikini, bading og idyll. Det var eit skikkeleg fint område, med stort potensiale også på ein knallfin sommardag. Dei største holmane var bebygd. Nokre øyer var fråflytta som Torholmen. På Kalvøya bur det framleis folk (15 stk i 2012). 

Gråtass i tunet på Torholmen

Kult tre på Kalvøyholmen. Kva treslag er dette?

Matøkt og rast på Vikholmen. Utsikt mot Søvika og Gamlemsveten i Haram

Etter meldinga skulle det blese opp i seks-sjutida. Vår plan var å ete medan det var fint og vere opplada og klare til motvind heim. I det vi skulle sette kajakkane på vatnet kom vinden (klokka 18.30). Frå null til friskt på ca 2 minutt. 

Veromslag..

Fin padling!

Motvind tek meg mentalt, og eg vert sur og lei. Det som er fint er at Ragnhild er like blid. Så då er det begrensa kor sur eg kan bli. Samstundes så er det mykje kjekkare å padle i sjø som bevegar seg. Lyset og skifta ved veromslag er fasinerande. Det var ikkje meir motvind enn at det gjekk heilt greit. Holmane låg tett innover, så det var mange "etappemål".

Litt snirkling vart det her og..

Lepsøya (Plan A) i nydeleg kveldssol der borte - kanskje neste gong?

Skipstrafikk er ganske vakkert..
( Høydal (døpt i 2012) var då verdas første gassdrevne lasteskip. Det betyr at skipet har 90 % reduksjon i utslipp av NOx og 25 % reduksjon av CO2 samanlikna med tilsvarande skip med tradisjonell dieselmotor. Kan frakte opptil 2200 tonn fiskefor)

Vi kryssa leia inn att og tok sjansen på å komme før ein båt (Høydal) som var laaaangt unna. Det gjekk fint. Vi hadde snakka om avdrift på veg utover, men sette likevel kursen rett mot vinden, til naustet vi gjekk ut i frå. Sjølv om vinden var ganske rett på, var den nok på skrå til at vi enda fleire hundre meter nordom der vi hadde tenkt. Det der må eg altså jobbe litt med framover. 

Sidan vi hadde fått opp pulsen (motvind + skipslei med båt) og var gode og varme var det ingen grunn til å ikkje ta aprilrulla. Høgre side - check, venstre side - check. Kan snart ikkje kallast vrangsida meir. Så glatt gjekk det. Neoprenhette ja, men det isa i skallen, og det var kaldare i sjøen her inne enn ute ved Synnes i mars (reint subjektivt..).

Eg var strålande nøgd med turen, og oppdaginga av ein heil skjergard i nabolaget. Her er det fleire rundar og matøktholmar som må utforskast! Takk for turen, Ragnhild!

Kart - klikk for større. Runden vart ca 14 km lang.

Opplevinga i "terrenget" stemte godt med vindmålingane på Vigra 8. april. 
Middelvind i kolonne 7 og maks vind i kolonne 8. 

3 kommentarer:

  1. Oy, du heiv deg på rullinga såpass kjapt ja. Jajaja, ikke verst. :)
    Høydal er fin, men den bråker veldig. Såkalt miljøvennlig.

    SvarSlett
  2. Jepp, rullinga må på plass. Påsken vert nok mest ski, også vert det no så travelt på slutten alltid..;) Imponert over at du tok Høydal på strak arm. Høyrer den heime i Myre eller berre døpt der? BioMarfabrikken ligg i Vesterålen sant? Vart så imponert at eg måtte supplere med litt meir fakta. Eg la ikkje merke til at den bråka, men vind, hette og vindretning kan spele meg eit puss der.. Miljøvennleg er den heilt klart. Om alle båtar gjekk på LNG så kunne vi spart masse pengar i oljevernberedskap...., og minska risikoen for ulykker langs kysten som er alvorlege for t.d sjøfugl i området. (jadda, jadda, det er alltid fleire sider...veit vel det..)

    SvarSlett
  3. Jepp, BioMar er i Øksnes, nabokommunen til Sortland. Tror forresten det er fint å sette ut på Høydal (stedet altså, ikke båten), men har ikke gjort det enda. Fint for å padle til Nyksund eller Våje på Skogsøya, tror jeg.
    - Den går ikke så veldig ofte forbi hos meg, men jeg hører stort sett når den gjør det. ;)

    SvarSlett