lørdag 1. juni 2013

Cicloturismo Catalonia - del 2

Midt i ingenmannsland i Katalonia. I godt lag. Hovudet utkvilt og kroppen nøgd etter nokre mil på sykkel. Kveld under verdas kulaste borg. Eg trudde slike borger berre eksisterte i Donald. Eg vart skikkeleg fasinert. Her var det ei vassekte borg meir borgaktig enn dei råaste teikneserieborgene. Vi hadde igrunn ikkje lagt inn tur på fjellet i programmet, så eg må nok tilbake hit ein gong...

Castell del Montgrí.
Småkongen som regjerte her på rundt år 1300 bygde skikkeleg borg og tok opp kampen med Barcelona. Kult.

Toroella de Montgri var i grunn ein litt kul by og. Ikkje så middelaldersk som mursteinslandsbyane vi hadde besøkt i fleng dei siste dagane.

Farvel til byen med borga og den katalonske kystfjellkjeda Montgri.
 
Det var motvind. Tungt å sykle. Nesten ikkje råd å høyre bilar eller snakking. Vi sykla ut til kysten og badebyen L'Escala. Der var det kuling og rimeleg friskt. Jammen bra vi hadde teke innlandsruta.
 
Brytande bølgjer og ingen turistar på stranda i L'Escala. Nina og eg tippa på vind over 16 m/s. Vi hadde slitt for å komme oss ut her med kajakk.

Innland att. Meir sykling. Meir motvind.
 
Velaug har stålkontroll på Katalonia. Pyrineane dukkar opp i nord.
 
Eg hadde "navigasjonsfri" denne dagen og det var ganske deileg. Utfordringa var no å ikkje legge seg opp i vegvaldiskusjonane undervegs. Greide meg rimeleg bra tur eg.

Flott landskap med alt for mykje motvind
 
Heldigvis var det varmt i lufta og sol og fint.

Har dei framleis stålkontroll på vegen?
 
Vi var overraska over kor hyggelege og hjelpsomme lokalbefolkninga var. Nesten kvar gong vi stod med djup konsentrasjon i seriøse navigeringsdiskususjonar, gjerne i eit eller anna kryss, kom det hyggelege folk bort for å hjelpe. Hovedvegane var langt på veg skilta med "sykkelturisme prioritert" og varseltrekantar med syklistar i. Mange av gardsvegane/"dirt roads" var skilta som sykkelvegar. Bilistane tok stort sett mykje hensyn til oss, og det var få farlege situasjonar. Og det var ikkje nødvendigvis fordi vi var så himla gode på alle trafkkreglar til ei kvar tid...
 
På veg til nest siste landsby. Sjekk telefontrådane og den elegante hellinga til syklistane..
Motvinden gjennom heile dagen var blitt til kraftig sidevind dei siste kilometrane.
 
Vi var litt lei på slutten denne dagen og hadde gjort nokre individuelle tilpassingar av ruta undervegs. Nokre litt meir risikovillige enn andre, men herleg  å komme fram til byen og hotellet.
 
Etter ein dusj og denne utsikta frå rommet var humøret på topp att! Sjøen (Golfo de Rosas) og eit gedigent sydenhotell (kvit klump) i horisonten.
 
I Castello de Empuries starta vi med lokal trerettarsmeny med spinatlasagne, grisekjakar og crema catalana.
 
Utsikta frå takterrasen og frukostsalen på hotellet. Nysnø i Pyreneane.
 
 
Frå sykkelturist til sydenturist. Lett.
 
På "kviledagen" vår for vi til Empuriabrava og steika oss på ei kjempefin strand der nokre timar. Siste dagen skulle vi til Figueres. Der ligg Dali-utstillinga. Med skikkeleg kraftig vind om morgonen droppa vi sykkelturen etter planlagt rute (milevis i motvind) og bestemte oss for å prioritere kortaste veg med vinprodusentbesøk og museum.
 
Cavasmaking i Peralada 11.00. Sure bobler litt tidleg på dag, men det SER jo berre lekkert ut. Omvisninga fekk vi i grunn ikkje med oss, for det måtte bookast på førehand.
 
Theatro-museo Dalì i Figueres
 
Museumet fann vi lett, låste syklane og hoppa inn døra. Men det viste seg å vere for lett. På spørsmålet om vi hadde billettar var jo svaret nei. Ut att. Då vi runda hjørnet for å stille oss i billettkøa og skjønte at den var to kilometer lang og gjekk med sneglefart så ombestemte vi oss. Mat og shopping. Slike verdsberømte turistattraskonar er det altså ikkje berre berre å komme seg inn på.
 
Snipp, snapp, snute, så var sykkelturen over. Syklane vart henta, vi vart sett på lyntoget til Barcelona og alle var einige om at det hadde vore ein skikkeleg bra tur.
 
Lyntoget var fantastisk. 300 km/t - lydlaust, roleg, passe varmt, kjempegod plass og deilege sete.
Dei siste kreftene vart brukt på to dagar i Barcelona - veldig bra ferie!
 
JUMP på takterrasen på hotellet ved La Sagrada de Familia
(2 km kø her og...)
 

Vi reiste med opplegg frå Oliven reiser og med Cycloturisme som lokal tilretteleggar. Det funka bra og kan anbefalast. Katalonia/Costa Brava var eit fint område å sykle i, både i forhold til natur og service. Om ein ønskjer å få med seg dei store turistattraksjonane i området må det bookast/planleggast, for det er ikkje berre å stikke innom.

Sykling dag 3: 58 km i motvind, effektiv sykkeltid 4 t 40 min
Sykling dag 4: 17 km, effektiv sykkeltid 1 time 15 min (kviledag - tur/retur stranda)
Sykling dag 5: 18 km, motvind,  effektiv sykkeltid 1 time 45 min

Link til sykkelturen - del 1

1 kommentar:

  1. Utruleg bra feriekonsept!! (for den med kondis altså). Verkeleg!

    SvarSlett