tirsdag 26. februar 2013

Vintertelting i Smelværet

Padletelthelg var booka 23.-24. februar for lenge sidan. Går det an å ha meir flaks enn oss?

Staveneset - is

Så fekk vi prøve å legge ut i ei vik med is på. Isen var ca 1 cm tjukk, og kajakkane gjekk lett igjennom. Mykje leven og uvant å slå seg ned med åra.

Frosen sjø

Vi la ut mot Smelvær. Planen var ikkje spikra, men sightseeing i Smelværet og telting på Heggøyna var eit alternativ. Først ut mot seglingmerket Kråka på nordaustsida av Smelværet. Deretter ut på nordsida og yttersida. Fantastisk fine forhold. Det er slett ikkje alle dagar det er padlbart på yttersida. Det var knapt nok eit brot å sjå.

Nina. Stavfjorden og fjella nordom Førdefjorden i vinterdrakt.

Yttersida av Storøyna og eine tunet på Smelvær.

Det gule firkanta huset i Smelværet er eit seglingsmerke frå alle kantar. Smelværet er berre fantastisk flott. Eksponert på yttersida med skjer og brott, store skjerma grunne område inne i været, og padlelabyrintar i mange variantar. På flo sjø er det meste padlbart. På fjøre er det bom stopp mange plassar. Sjøen er krystallklar, og tareskogar, skjellbankar og leirbotn med slangestjerner dukkar opp under oss. Øyene er mange nok og store nok til at eg tenker: Her kunne eg ha budd.

Havpadling på yttersida. Moldøyna til venstre, Blåna og Nina. Det ser ut som eit steinkast over, men vi veit betre. I morgon, i morgon..

Vi snirklar i sørvestdelen av av Smelværet og høyrer eit frykteleg til bråk. Kva fugl er dette? Lyden er litt rar, og veldig intens. Vi rundar eit svaberg og ser to brune klumpar som sitt på eit skjer og skrik til kvarandre.

OTERSHOW!

Vill jaging etterkvarandre over berga

Slossinga eller parringsleiken held fram rundt og under kajakkane våre.
Dei ensa oss ikkje og stakk hovuda opp under ein meter frå kajakken min. Det gjekk i full fart med kvining, pisting og bjeffing.

Klissvåte og sinte/kåte inn i solnedgangen.

Vi kryssa Smelværosen mot Heggøy og Vaulen. Det var framleis mykje dag att men sola gav lite varme etter klokka 15.00. Det vart meir og meir havblikk.

Nina i Smelværosen

Spegling på Heggøy.
Tydeleg at det er andre dagar med hardare vinkast enn i dag..

Vaulen var stengt. Det er alltid fjøre når vi kjem hit. Heggøyna er fin den, men det var liksom ingen innlysande teltplass å finne. Dessutan hadde vi begge meir lyst til å telte i Smelværet. Så då for vi over att. 

Alden i solnedgang. Det er slik utsikt vi vil ha frå teltplassen.

Bra berekning og teltet er oppe til solnedgang.

Nok ein kanonfin leirplass, bålkos og etterkvart middag. 

Kajakkar i måneskin

Frost om natta. Skikkeleg.

Eg tok meg ein morgontur rundt på øya.

Sagaøya Kinn og Hurtigruta

Hornulf

På runden møtte eg Hornulf og vennene hans. Ganske gøy, heilt til Hornulf begynte å fnyse og stampe med føtene. Eg veit ikkje heilt kva det betyr på sauespråk, men fekk brått tankar om lårbeinsbrot og svært store blåmerke. Eg trekte meg difor hastig tilbake bak gjerdet. Der fotograferte eg vidare og kjende meg rett så trygg. Etter ca 5 minutt gjekk eg vidare, og då hoppa heile saueflokken elegant over gjerdet...  ups.

Det andre tunet på Smelvær. Kjensla av at "her kunne eg ha budd" vart berre sterkare i løpet av morgonturen.

Ahhhh for ein strålande morgon! Beste tomta i byen - denne gongen og.

Morgonstund har gull i munn...

Ikkje mykje som minna om vintertelting. Det var nifst vindstille. Sola varma og vi subba rundt i stilongsen til avreise. Like fin morgon som då vi telta i juli. Behageleg temperatur og ein lovande dag. Bading vart vurdert men forkasta. Mest på grunn av det er så grunt inne i vika her og at vi ikkje hadde med handduk.

Hornulf tek farvel.

4 kommentarer:

  1. Flott turskildring og fantastiske bilder :-)

    SvarSlett
  2. Flott Lene! Artig å bli teken med på tur til plassar ein oftast ser berre frå land eller større båtar. Kanskje dette hadde vore noko for Fjordkysten. Eg vil nemne det til Sara ved høve dersom du ikkje har noko imot det.

    Per Arne

    SvarSlett
  3. Så flott, slik også fra Moldøyna.

    Jan W. Herland

    SvarSlett