tirsdag 26. februar 2013

Magisk i Moldøyna

Moldvær i morgonsol sett frå Smelvær

Dette var dagen for å erobre Moldvær. Vi var klare. Veret var på lag med oss. For øvinga sin del tok vi ut kompasskurs på Blåna. Eg hadde aldri våga å padle mot eit så lite merke i tett skodde. Men kursen var rett og vi traff beint på.

Havblikk ved Blåna

Sjøfuglar i fleng. Ein og anna sel som stakk snuten opp. Krystallklårt vatn. Utruleg mykje grunner utover her. Tareskog. Flatt hav. Rundt Blåna sjølvsagt. Så sette vi kursen sørvestover til Moldvær.

Gjennom Moldvær i nord

Det er jo eit lite paradoks, at vi padlar så langt ut i havet som vi kan komme, for å padle gjennom dei smalaste opningane vi kan finne..

I Moldvær var det mange sund og kanalar.

 
Gjennom Moldvær i sør

På yttersida av Moldvær. Fantastisk stortare og brukbar utsikt sørover.
  
På toppen av Storøyna med utsikt utover Moldvær. Snøkledde fjell i Nordfjord.

Det er heilt utruleg at det har budd folk her. I Askvoll kommune sitt Sogeskrift nr 3 står det:
"Det ser ut til at kvar familie som har prøvd å bu i Moldvær berre har halde ut nokre år der ute, så har dei flytta bort att. Dei siste som budde der fast flytta i 1884".
Det er spennande lesing. Ein familie hadde ei ku her ute. Mange lærdølar prøvde lukka i Moldvær. Minst tre barnefødslar har det vore her. Ein familie sette att jentene på 13 og 5 år då mora skulle føde, og sidan veret vart dårleg måtte småjentene klare seg sjølv i tre veker medan storbårene slo rundt husveggane. Dårleg med SFO den tida.     

Her ute kunne eg ikkje tenke meg å bu. Det er berre greit. Dei nakne holmane er greie nok for ein lunsj i solskin, men her er knapt nok ein teltplass.

 
Mot Ryggsteinen frå Moldøyna

No er det berre eit utvær i Askvoll som vi ikkje har padla til: Ryggsteinen. Det ser ikkje så langt ut når ein zoomar litt, men det er nye dryge 5 km til havs. Det vert ikkje i dag..

Moldøyna er måsen sitt rike. Innover mot Heggøy og fastlandet.

Havblikk. Frå Moldvær mot Alden og "perlerada" på Værlandet og Bulandet

Leia. Kven seier at sandfrakt ikkje er vakkert?

Det var fleire store båtar i leia, så vi venta litt. Vi hadde vel ein mistanke om at dei ikkje speidar spesielt etter kajakkpadlarar her ute. (Og alle padlarar frå meir trafikerte strøk hadde flirt godt av oss som stressa med tre båtar på havet..)  

Nina i solnedgangen.

På veg innover vart vi innhenta av solnedgangen og ein liten raud båt. Vi hadde sett karane dura rundt heile dagen, uten å få heilt taket på kva dei heldt på med...

Steinar og Eirik på fotojakt!

Det viste seg å vere kjentfolk, og sidan dei hadde fotografert ørn og sjøfugl heile dagen, så tok dei like godt å fotograferte oss litegrann og.

Padlarar i solnedgang (Foto: Steinar Bauge)

Det hadde vore ein magisk dag i Moldøyna. Det var berre ein ting att på programmet:

Februarrulle

Eg har ikkje blitt ein rullemeister (endå). Men eg har ei funksjonell rulle på godsida som gjer at eg lett snur ein fullpakka kajakk i kaldt vatn etter ein heil dag på sjøen. Framgang frå i fjor.

Kart (klikk for større)

Heile turen vart 41 km (17 km dag 1, 24 km dag 2).

11 kommentarer:

  1. Masse fine bilder frå ein fantastisk skjærgård, med eit dyre og fugleliv som er begynt å ta på seg vårdrakta.


    Steinar B.

    SvarSlett
  2. Svartsjuk så det held! De må ha hatt ein nydeleg tur ut i ein av dei flottaste padleplassane i Askvoll kommune.
    Og så RULLA då! Viss du klarar ei rulle i februar- temperatur, vil no eg påstå at du HAR ei funksjonell rulle.. :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette er kanskje den flottaste teltturen vi har hatt så langt i "prosjektet". Området ligg der, så ein gong litt fram må det verte ein fellestur ut.

      Slett
  3. Oi d var fine bilder frå eit vakkert område! Her må eg ein tur ja!

    SvarSlett
  4. Jøss!!! Berre heilt nyyyyydelig!! :-D

    SvarSlett
  5. Dette er damer gamle norge vil ha, tøft!!

    SvarSlett
  6. Berre ein ting å sei "NYDELEG"!!! finaste plassen,skal padle der på ei litt varmare årstid ;))

    SvarSlett
    Svar
    1. Du er heldig som bur midt i padleparadis! Padlemessig er nok Høyvika eit av beste utgangspunkta i Askvoll. :)

      Slett
  7. Sukk! Vart kvervsett for ei stakka stund ... -Idar

    SvarSlett
  8. Her var det mange fine bilder. Takk for titten :)

    SvarSlett