torsdag 19. august 2010

Lavvoliv

Dåaranjaevrien er to vatn samansett av eit utal bukter og holmar. Det ser ut som 100 småvatn, men heng i hop. Her er porten til Børgefjell nasjonalpark frå svensk side. 7 dagar - 5 menneske - 1 lavvo. Vi var meir opptekne av feriekvalitet enn å bevise Lars Monsen fakter. Difor leigde vi helikopter til bagasjetransporten begge vegar.

Første glimt av vatna frå kopteret. Det kan vel ikkje verte betre enn dette?

Lavvoen skulle verte det faste haldepunktet gjennom veka. Reint som heime, faktisk. Den viste godt i det opne landskapet. Frå alle kantar og på kilometers avstand. Det var kjekt å sette kursen mot den grøne trekanten etter trasking i fjell og langs fiskevatn om dagane ...

Jaktkameratane nyt lavvolivet!

Vi hadde vel med oss i overkant mykje "stæsj", men det betydde god mat, nok klede og god stemning. Etter nokre lange turdagar var det himmelsk å komme heim og ete middag i lag.

Kent var ein naturleg autoritet på frukostlaginga etter mottoet: FÆR mykje egg og  FÆR mykje bacon. Varm frukost med rikeleg protein og fett samt bønner, heimbaka brød og kok-kaffi gjorde susen. Strålande sol og utruleg vakkert landskap var sjølvsagt med på å dra opp stemninga.
 

Det er stor skilnad på telt og lavvo. Betre plass og meir sosialt. Lavvolivet kan anbefalast!
Triveleg å starte dagen med ein pubquiz til dømes. For ikkje å snakke om kor lærerikt det er.. Vi lærte mellom anna at vi hadde nok minst ein filibuster i gjengen.. Dialektord var og eit gjennomgåande tema i lavvoen. Vi plukka fram gamle gløymte perler, og øvde på frenlydar som i ordet svenskjin.
 


Kent hadde investert i lavvoomn. Fekk no fyr nokre kveldar som gav både varme og kos sjølv om det var lite brennbart i området.

Komfortabelt er det og, berre ein veit å ordne seg. God natt!

Fjellufta gav mange kreative utslag. Veka gjekk fort. Dette er ei av mine topp tre ferieveker nokon gong. Mobil, e-post, internett, TV vart ikkje sakna eit sekund.

Ingen ferie utan litt drama. Nest siste dagen vakna eg til eit høglydt NEI, NEI, NEI! frå Arve. Urven gløtta eg på auga og fekk sjå Marita i fullt firsprang direkte frå liggande i soveposen mot lavvostanga.

 07.00 med iskald nordavind og regnbyger hadde stanga knekt og lavoen raste i hop. Vi tok det stort sett med knusande ro. Frå djupet av dunposen innerst i hjørnet kom det med søvning bassrøyst: Vi hentar berre ei jarnstong frå sameskrammelet på nordsida av vatnet.
  

Damene vart att og passa på heimen medan karane sprang etter jarnstang. Bråstart på dagen og litt hustrige vart vi.

Gråteip og bruntape resulterte i betre lavvostong enn nokon gong og vi kraup ned i soveposane att for å ta ein restart på dagen...

Pokernight på fjellet. Ikkje heilt sant, det gjekk vel mest i "Blåbærtue" og "Amerikanar". Eg trur det var denne kvelden det sprakk for ein av jaktkameratane, som med rasande fistelstemme i totida deklamerte; IKKJE sjå på me mæ hauløkt!!!! 

Alt har ein ende, også kvalitetsliv i lavvo. Dagen med verkeleg dårleg ver skulle vi ut av fjellet. Karianne og Arve pakka ned ALT til avtalt tid. Ikkje noko skrammel låg att etter oss. Men kvar vart det av helikopteret?
Seint men godt vart dei henta. "Mycket dårlig väder", sa piloten. Karianne var ganske grønn når dei kom ned. 

Det freistar med nye lavvoferiar. Heilt klart.

4 kommentarer:

  1. Flotte bilder og turrapportar ! Ser ut til å ha vore ein knalltur, - blir aldri so litevetta misunneleg.

    SvarSlett
  2. Det var ein knalltur - heilt klart. Kan anbefalast! Svevar på den endå. Kjem nok eit par innlegg til frå turen før eg gjev meg. Men vi har det no fint i Askvoll og, mange moglegheiter til uteliv sjølv om det har vorte haust.

    SvarSlett
  3. Kjøpte lavo i april, og han ligg uopna enda.
    Men etter å ha lese om lavoliv er det på tide å prøve den ut, "kanskje".

    SvarSlett
  4. Det ER ikke kult med led-hodelykt-lys inn i øyehulene midt på natten! Hilsen fistelstemmen:)

    SvarSlett