Vi gjekk gjennom kameratredning i to variantar (X og stige) og cowboyinngang. Det var ikkje så veldig krevjande forhold, så vi var einige om å ta oss ei tilsvarande økt i meir sjø seinare. Redningane gjekk bra, og det var greitt å ha seg ei kontrollert gjennomkøring. Nina tok meg litt på stilen på Cowboyinngangen. Men det kan eg leve med inntil vidare.
Vi prøvde klubben sine Aquanaut LV (plast) denne kvelden, og når vi først var på sjøen runda vi av med ein tur rundt Prestøya til slutt. For ein leiken og kjekk kayakk, meinte Nina. Eg var ikkje heilt einig, ikkje min favoritt så langt.
Fornøgde damer etter ei bra trimøkt. Begynner jammen å verte skymt om kveldane allereie.
Bra de trenar på redningar. No er det jo så varmt i vatnet at ein kan halde på ein stund utover kvelden. Eg hadde grunnkurs i helga, og fann ut at den redningsmetoden eg beherskar dårlegast, er åreposeredning.. Men veit ikkje om eg gidd å øve på den ;-#
SvarSlett