Eg kan ikkje hugse at vi har gått fjelltrimturar i shorts i år. Kanskje Turbodamene må skifte namn? Skoddekameratane passar betre. Vi har blitt tøffare å gå i gråveret, og finn jo greit fram. I alle fall når vi vert einige om kva sti vi skal velje. Det brukar jo å ta si tid. Det står som regel akkurat nok merke til at vi er sikre på vegen. Vi skuldar vel Gustaven ein takk der.
Toreheia!
Og når vi først har komme oss ut så er jo alle einige om at det har sin sjarm å gå i skodda og. Det vert eit anna landskap, og trolsk stemning ved vatna.
Humøret er det ikkje noko å seie på!
Med møter, besøk og ferieplanar framover vert dette kanskje siste måndagsturen min i år. Jøye meg så fort sesongen går. Vi har fortjent nokre skikkelege fine helger på tampen no!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar