Vi stappa oss inn i to bilar og sette felles kurs nordover frå rundkøyringa på Moa. Kent stakk eit eller anna inn til oss gjennom bilruta på ferja. Kva var no dette? Fornøgde kvinnehyl frå jentebilen når vi såg at det var designarmband med anheng. Logoen var: Soaked in luxury. Og det sette i grunn standarden for heile ferien...
Basecamp veke 1 ved Dåaranjaevrien på grensa til Børgefjell nasjonalpark. Veke to var øyremerka jakt og lokalisert til Dorothea i dei svenske skogane.
Det er noko med det. Du veit du er på luksusvillmarkstur når:
Bagasjen går med helikopteret, og piloten er proff nok til å ikkje lette på så mykje som eit augnebryn over mengda..
Du kan vandre berrføtt i Børgefjell..
Du kan bytte ut Toro-middagen med sjølvfiska fjellaure av topp kvalitet
Du kan steike deg i sola, utan andre planar enn å vere der, så lenge du vil, utan å vite kva klokka er. I lag med folk som du ikkje treng snakke med nett då. Fordi det er bra å vere i lag utan prat. Nett no.
Arve brukar ein heil dag på å plukke molte, sjølv om molteåret er tragisk. For å kunne karamellisere, flambere og servere med krem og skogsbærbalsamico: Mayham med krem. Til oss!! Nammenam!
Når gamblarane sler seg laus i lavvoen i skinnet frå Champagnebøtta...
Gliset frå jaktkameratane vert breiare og breiare i takt med at det vert trongare på knaggen. Og eg veit at dei er minst like gode til å invitere og tilbrede som dei er treffsikre..
Vi legg kviledagen til Vilhelmina med boblebad, full kroppsmassasje og ansiktsmaske når myrkroppen vart for påtrengande.
Villmarksferien sprengde alle grenser. Alle forventningar. Dette var ferie i eliteklassen. Sprudel og overskot. Prikken over i-en er jo å ha fridom til å kunne gjere det - og knakande kjekke folk å oppleve det heile i lag med. Det er å vere soaked in luxury det...
Du er så flink til å blogge Lene!! Dette var helt klart en kjempetur. Jeg hadde aldri drømt om at det skulle bli så bra som det ble.
SvarSlettNår "rusen" fra denne turen dabber av, får vi koke hodene sammen og se hva som venter kansje allerede i 2011 :)
Kjempefine blogger. Jeg sender linken til fetter Thor i Georgia, hilsen mamma
SvarSlettganske så fornøyelig at vi har en anonym mamma:)
SvarSlettKarianne