torsdag 10. juni 2010

Padling igen!

Framleis litt ekstatisk kvar gong eg kjem meg på sjøen! I dag fekk eg vere med ein rykande fersk aktivitetsleiar på tur. Øyra som vanleg. Greenlanden som vanleg. He-he. Kan venne meg til dette. Varmare og stillare dag. Nesten ein tendens til sommar, viss vi kjente no rett så godt etter.

Oddvin i farta - løysingsorientert aktivitetsleiar: "Det er berre å gje gass!"

Turen gjekk forbi Prestøya, vidare vest for Flatøya og inn på austsida heimover att. Litt lenger (ca 7 km) og betydeleg lettare enn sist. Litt kanting, ulike svingtak og generell padleteknikk på meg. Betydeleg meir akrobatikk og bading på Oddvin. Storførnøgde med kvar vår klubbkajakk. Og at vi kom oss på tur.


Sommarkveld - det er no fint i Askvoll ja!



2 kommentarer:

  1. Morsomt at du følger blogen min.
    Det blir nok stilt enda ei stund til da jeg er på jobb i Oslo til den 14/7.
    Flott bilde av den kajakkern i motlys.
    Du får fortsette å blogge slik at vi andre kan få ta del i dine opplevelser.

    SvarSlett
  2. Satsar på at det vert både padling og blogging i rikt monn framover! Kjekt å sjå kva de balar med andre plassar. Nord- Norge er berre fantastisk flott! Men vi må no vise fram at det er moglegheiter for å lufte seg her sørom Stadten og ;o)

    SvarSlett