Viser innlegg sortert etter relevans for søket Ulla fyr. Sorter etter dato Vis alle innlegg
Viser innlegg sortert etter relevans for søket Ulla fyr. Sorter etter dato Vis alle innlegg

fredag 30. mai 2014

.. og premien er..Ulla fyr!

29.05 Kristi himmelfartsdag. Ein kjærkommen fridag i mai, som denne gongen varta opp med full sommar. Det kjentes nesten ut som eg hadde vunne i lotto, då vi møttast i sentrum og leste opp kajakkane på båt. Nye padlevennar, nytt padleområde og ein heil og ubrukt dag.

Ragnhild på soldekket (eller kva det no heiter). Herleg å vere turist i eigen by!

Til kvardags er dette utsikta frå kontorvindauget mitt - men den er minst like flott frå båt ut Moljegapet på ein fridag! 

Framme på Skuløya/Flemsøya, og vi ser over mot Ulla bygd og Ulla fyr. 

Vi held oss inne med lokalbefolkninga som best vi kan. 

I kajakkane - og Ulla fyr er innan rekkevidde. 

Først ville vi sjekke vestsida av Skuløya både for å sjå "nytt land" og vurdere moglege surf/leikeområde. Denne dagen var det minimal dønning og lite vind. Så å stille inn hovudet på rekognosering var fint. 

Flott monument på Flemsøya/Skuløya. Eg lurte på kva og kvifor. 

Ved sjøkanten på ytste Flem ligg Geitevarden. Før 2. verdskrig stod ein varde/innseglingsmerke på berget Geita ytst på Flem. Denne vart riven under krigen.Ei engelsk mine på sokkel vart reist i staden. I dag er den eit minne om kampen mot tyskarane i tillegg til at ho fungerer som godt sjømerke for båtfolk (www.haram.kommune.no)

Ragnhild i farta

Plastkajakkane sjekka dei trongaste passasjane

Lekkert i Kvalvika/Sandvika. 

- Betre enn Nord-Norge! påstår Ragnhild. Som "berre" har teke med ein mandelbotn og litt jordbær til oss.   
Sommarstemning!

Vi for tilbake samme veg, og sjekka båten. Klar for runde to på oppdagingsferda!

Store grunne område innanfor moloen. Turkis og krystallklart.

Karl-Johan i farta. Breie glis prega igrunn heile gjengen gjennom dagen. 

Bak oss var det sol og turkis sjø, framom oss velta grå havskodde innover Haramsøya. Fasinerande. Her hadde vi moglegheit til å padle langs land tilbake, så det var ikkje direkte farleg. Eg var likevel litt spent på kor fort og kor tjukk skodda kom til å verte. 

Skodde over Ulla

Frå sol til grått. Vi padla inn i skodda med freidig mot.

Ulla fyr. I alle fall innan rekkevidde no!

På veg opp mot fyret

Vi står i skodda, medan Ulla bygd er bada i sol. 

Dårlegare utsikt mot vest i dag..

Ulla fyr er "landfast" med Haramsøya, og det går an å komme seg hit med både bil og sykkel. 

Fyrturistar på Ulla fyr

Vi kom oss i kajakkane att, og for på yttersida. Det fjøra og det braut litt på revet. Det var berre uryddig småbryting, men det revet har potensiale på dei rette forholda. Vanskeleg å seie kva som er optimalt - men gammal dønning frå hovedsak vest bør sjekkast ut. Her er det nok mange dagar i året med FOR mykje ver til at det er triveleg å vere uti med kajakk. 

På yttersida. 

Fin medsjø innover att, og det var mykje trivelegerare å padle frå skodde til sol enn omvendt. 

Skodde på Haramsøya. Vannvittig stilig, må opplevast. 

Inne på grunna vart det litt leik og moro. Kanting og slikt. - Eg tek alle oppspel til leik dønn seriøst, fortel Christian. Heldigvis! Christian imponerte stort med å stå i kajakken over mange hundre meter. Karl-Johan imponerte med ferske og gode rulleferdigheiter. 

Christian er konge i kajakk, sjølv om Ragnhild truar med fantefakter. 

Ettermiddag og ankomst Indre Flemsvika. Ein fantastisk padledag går mot slutten. 

Kart
Turen vart omlag 18 km utan at DET var det viktigaste denne dagen. 

Då eg kom heim hadde eg framleis kjensla av å vinne i Lotto! Herlege folk og flott tur! Takk for ein super padledag!

Dei som vil oppleve Sunnmøre med båt/kajakk kan til dømes ta kontakt med 62 Grader Nord
Fyrmeisterbustaden på Ulla kan leigast, sjekk heimeside for Ulla fyr

Eg har vore her tidlegare med sykkel - som og fungerte ypperleg! Link til øyhopping med sykkel.

mandag 17. august 2015

Guttetur til Ulla fyr

15.-16 august. Gutane hadde endeleg fått trua på telttur, og eg fekk vere med. Ulla fyr, eller rettare sagt: Ulla REV var målet. Laurdagen kom, veret var fint og surfevarselet var formidabelt! Det var vanskeleg å tru då vi la ut på flatt hav, men tung gammal sjø reiste seg mot skjer og grunner lengst ute.

This weekend we set off on our first kayaking/camping trip. Hopefully not the last. We headed north to the lighthouse of Ulla. From the Surf-forcast: Ulla is an exposed reef break that is often working and works all around the year. Tends to receive distant groundswells and the ideal swell angle is from the northwest. Good surf at all stages of the tide. The location means that it never gets crowded. Beware of rips, rocks. Great fun, though the surf on the reef was out of our league. 
Magisk lys og lovande dag - start i Mallavika på Vigra

Kryssing, og og ny kryssing. Skarveberg og vi nærma oss..

Det artigaste på veg over var ein flokk lyrar som var på jakt etter småfisk og hoppa og byksa rundt kajakkane våre ei stund. Teist, havsule, krykkje og skarv såg vi og.

Ulla fyr i sikte

Lunsj i solveggen på nausta. Kenneth tek ansvar så det vert nokre bilde av meg og.
20 bridgedamer hadde leigd fyret for helga, så vi nøgde oss med ein snarvisitt. Link til utleigeinfo Ulla fyr. 

Ulla fyr og revet som ei kvit stripe ut mot skjeret der ute. Full flo, og dette såg no greit ut?

Sommar og sydenstemning på berga ved fyret, varmen slo i mot oss frå steinen. Vi måtte hoppe litt rundt, og sjå etter teltplass. og nyte. Vi har ikkje vore mykje plaga med sommarvarme i år. 

Quiz: Kvar er dei to innfødte?

Idyll. Ulla fyr med tilhøyrande fyrmeisterhus. 

Vi for ut på Ullaholmen, fann leirplass og heiv all bagasjen ut av kajakkane. No var det tid for surf og leik! Vi for rett ut på revet.

Jason sjekkar ut. 

Revet. Stort. Det er to padlarar på bildet. 

Eg hadde nok sjølvinnsikt til å halde meg unna. Stort, buldrete, rotete. Kjekt å sjå, på trygg avstand. Vi vart ikkje så lenge her ute, for det var i grunn ikkje forhold for kajakkleik for nokon av oss. 

Litt rufseri. Det var berre det at kvar gong det slo over var det meir som Niagarafossen som kom straumande.

Skjeret vest av Ullaholmen. Fasinerande tønnebølgje. 

Vi snakka litt om å surfe på kanten av den her. Det var stor skilnad på setta, så dei MINSTE bølgjene var handterlege. Eg prøvde å få det ultimate tønnebølgjebildet då eg brått såg noko kjent der borte i veggen..

Turkis vegg med ein bitteliten dæsj raudorange padlar

Zoom. Jason er der. Jason vil eigentlig ikkje vere der. Vi er førebudd på å plukke småbitar..

Det gjekk bra, men hovudpersonen fortalte at det kjendes som å få eit piano veltande over seg. Vi for vidare. Point taken. 

Kenneth

Vi fann eit lite skjer der det reiste seg ei relativt snill bølgje. Den reiste seg fleire meter, og det kjendes som å få ein husvegg i ryggen, men her hadde vi mykje moro ei stund. Eg slit med timinga på slike brott, men hadde ein skikkeleg surf som var knallbra om eg skal seie det sjølv. Eg hadde og ein skikkeleg velt med ei påfølgande god rulle. Alt i alt måtte eg ut av kajakken berre ein gong i løpet av dagen. Bra dag!!

Jason

Holsvoltne returnerte vi til basen. 

Stemningsrapport frå dammen.  

Teltplass med utsikt - eg såg heilt "heim" til Skarsettinden

Møblering av leirplass

Tørkesnor


Fin leirplass og breie glis etter ein flott dag på sjøen. Gutane køyrer litt meir stil på tur enn eg er vant med. Møblert leirplass, tørkesnor, glas til guinessen. Vi har noko å lære her jenter!

Ulla fyr og heilt til høgre heilt bak skimtar vi Storholmen. 

Ein flokk havsuler underheldt oss og stupte etter kveldsmat i sundet. Ein billion knott heldt oss med selskap. Det var heldigvis rikeleg med ved så vi klarte å halde bålplassen leveleg. Med bål vart det kokekaffi, og sakte men sikkert vart det blåtime og seinsommarkveld. 


Søndagen starta grått. Frukost og fyring for å halde knotten frå livet. Ein liten mink på besøk. Det såg ut som mindre forhold så vi måtte sjekke tønnebølgja på nytt.

Tønnefasong i dag og. Klok av skade, ingen kajakkar i "tønna"

Det var i grunn ikkje supre forhold noko stad, Det vart enten for stort eller for lite. Eg hadde ein veldig fin piruett med baklengssurf på eit brott. Vi surra rundt fram til lunsj og koste oss med å vere ute, på ny plass og ha fri.  Siste holmen før lunsj var det eit par stykker som berre skulle gå innsida. Eg høyrde det dunka, men fekk ikkje sjå resultatet før vi kom på land.  

P & H Delpin slo opp at den gamle "idrettsskaden" sin

Kvikkfiks med gaffa. 

Skarv på heimveg.

Skarv, ørn og laaaange kryssingar i grått landskap på veg heim. Av ein eller anna grunn var det seigare enn dagen før. Eg har tenkt at Ulla var så langt unna. Vi brukte ca 2 timar frå Vigra til Ulla, og det same på returen. Heilt overkommeleg med andre ord. Strålande padling og kjekk helg!

Kart

GPS- info med surfing: 
Dag 1:  25 km Snittfart første time: 6,5 km/t
Dag 2: 18,5 km Snittfart siste time: 5,9 km/t

Då eg kom heim var eg "sjøsjuk" og golvet gynga resten av den kvelden. Dønning skal ein ikkje spøke med!