Viser innlegg sortert etter relevans for søket Runde fyr. Sorter etter dato Vis alle innlegg
Viser innlegg sortert etter relevans for søket Runde fyr. Sorter etter dato Vis alle innlegg

lørdag 2. september 2017

Feiring av Runde fyr 250 år

2.09.17 Runde fyr 250 år! Grendalag, turlag og Kystverket samarbeida om markeringa. I lag med ca 300 andre personar tok vi turen til fyrstasjonen, og fekk oppleve historieforteljing, talar, korsong, spel og konsert med Ola Bremnes.

Fyrstasjonen på Runde er ein av dei eldste i landet, og kolfyret som vart tend i 1767 var det fyrste nord for Stad. Gjennom 250 år har det vore ei lang og tidvis dramatisk historie knytt til fyret og området ved Runde.
The lighthouse of Runde Island celebrated 250 years anneversary. More than 300 people enjoyed the view, entertainment, speaches and the most delicious cakes! The Island is famous for the steep cliffs where the sea birds nest, and the gold treasure found in one of the shipwrecks here.   
Lenge sidan det har vore så folksomt på Runde fyr!

Runde fyr 250 år i 2017

Ny automatisert lykt oppe i lia

Restane av det gamle fyret. Skipstrafikken gjekk som normalt utanfor. 

Utsikta innover mot Ålesund

Fuglefjellet

Frå Rundebranden innover Sunnmøre

Mot Nerlandsøya, Skorpa og Stadlandet bakom der att

Turlaget har kloppa og fiksa stien slik at det skal verte minimal slitasje på terrenget. Ein imponerande jobb! 

Nøgde med turen - perfekt med kaffi, kake og underhaldning og bittelitt frisk luft denne dagen! 

tirsdag 18. november 2014

Runde på Runde

16.11 Søndag og søndagstur. Sygni hadde gjeve klar beskjed: Sulesund 08.00. I ein fantastisk soloppgang køyrde vi utover mot Runde. Må liksom ha oss ein tur hit ut kvart år.

Morgonstund har gull i munn.. (etterkvart)

Sunnmørsalpane i skarp kontrast til rosa himmel der inne. Vi skulle nytte dagen her ute. Ytst ute. 

Utanom oss var våre nye landsmenn på plass for å sikre seg søndagsmiddagen.

Stake. Morosamt? Ikkje mykje futt i sjøen i dag - perfekt for Runde. 

Mildrid fortalte om Artisanforliset (rett vest for staken ovanfor) og korleis dei under dykking kunne høyre dønningen filleriste stålplatene på botnen i årevis etter. 

Litt hav og litt elv

Rå klipper og steinformasjonar, og på stille dagar kan ein padle innimellom

Stort landskap. Rått landskap. 

Runde sitt svar på "Mannen"?



Dønning i grottene - dumpe drønn og mykje lyd då bølgene slo innover grotta.

Det er så utruleg kult å berre vere her ute.

Dei store grottene låg meir skjerma i dag.

Jammen vart det grottepadling på oss! Tendensar til surf både på bølgene inn og ut att av grotta. 

Katedralen. Kva passar betre på ein søndags føremiddag? 
(Sjekk padlaren for dimensjonar..)

Runde er fuglefjell, og freda om sommaren. Det var minst like kjekt å padle utan fugl i fjellet. Meir fredeleg. Oter, ørn og nise var observert. Då vi ønska oss kval var det i grunn ikkje ei einsleg nise vi såg føre oss, men kval er kval. 

Snirkling og sightseeing tek på. Eg var skrubbsvolten og rimeleg glad då vi såg fyret. Det er nesten obligatorisk med lunsj der. Runde fyr er DNT hytte og vi såg det var folk der. Då vi kom opp i tunet var det noko merkeleg kjent... og jammen var det "Mor og Lillemann" (og mormor)! Eg har ikkje møtt dei før, men har lest bloggen hennar ei stund. Artig at folk ikkje berre finst på internettet, men også dukkar opp til dømes på Runde. Veldig artig.

Dagens teambilde! 
Så blide er vi når det både er bra padling og mat i magen!

Runde fyr sett frå aust

Eg har tidlegare stempla nordsida av Runde som keisam. Unnskyld. Med passeleg stor dønning og leikne karar på laget var vi innom det meste på veg rundt. Her er det store jettegryter og mykje snacks, sjølv om det kanskje er litt mindre spektakulært enn sørsida.

Vi runda siste neset med perfekt timing for å få med oss solnedgangen på siste kilometeren. Ingen hadde det travelt, så vi sosa avgarde og let lyset og magien synke inn. Ein ung jypling av ein havert heldt på å døy av nyfikenheit, og var oppunder alle kajakkene våre, Framom, bakom, to meter unna, prusta og bles, sniffa og dykka. Om att og om att. Det er spesielt å få dei så nær og at dei er så uredde. 

Perfekt avrunding av padlesøndagen

Padlar i solnedgang

Jepp. Bra dag. Høg på Runde. Gliset let seg ikkje styre og går nesten heilt rundt.

Siste krampe: Novemberrulla. Ei. Det held det.

Før og etter lunsj.
 Til saman 18 km med omlag så mykje snirkling som det er råd å få til. 

Takk for turen! Kjempesøndag!!

fredag 15. juni 2012

Runde!

Onsdag 13. juni. På fagdag/utflukt med jobben så var det lagt inn kveldstur til Lundeura på Runde. Det var ein frisk kveld, så antrekket var ull, vind, og vanntett. Ikkje ulikt det vi gjekk med i januar. Temperatur vart kompensert med humør.

På toppen av Lundeura!

Anbefalt gjennomføring av turen: 1. Finn Goksøyr på Runde og parker (lett). 2. Oppfør deg som turist, følg skilting (lett). 3. Første motbakken på bratt asfaltsti (litt andpusten her) 4. Resten på normal sti. Hald fram med å oppføre deg som turist. Hald deg på stien, sei muntert "Hei" til alle du møter, ha fotoapparatet lett tilgjengeleg. Snakk høgt om kor vakkert det er heile tida (lett).

KFA-karane på veg opp frå Goksøyr. Godøy og Sukkertoppen heilt bakerst til venstre

Då eg var lita hadde mamma lage ei bildebok til meg. Der hadde ho klipt ut fine bilde frå blad, limt dei inn i ei kladdebok og skreve namnet på tingen med blokkbokstavar under. Det bildet eg hugsar best var av ein lundefugl, så begrepet har vore i ordforrådet mitt sidan eg var ca 3 år. Eg har aldri sett dei på verkeleg nært hald før (Ein og anna svart prikk i det fjerne frå kajakk tel liksom ikkje).

Lunde!

Lunde!

Lundeura var heilt fantastisk. Dette er ei oppleving til å verte høg på! Flott natur og fuglar overalt. Svarte prikkar sverma i fjellveggen. Lunden kom inn frå sjøen, landa som ballar og flaug rundt øyra på oss. Utruleg artig! Storslått natur og eksotiske fuglar. Norges flottaste nebb? Eg håpar vi klarar å drive naturforvaltning slik at sjøfuglane overlever i framtida og (Link til miljøstatus - lundefugl- Norskehavet).

Fuglesverm utanfor Lundeura (ser ut som mygg, men vi er no trass alt sørafor her..). Nerlandsøya og Skorpa bakerst 

På rad og rekke sat dei der. På den eine sida av gjerdet; turistane, fuglekikkarane og fotografane. På andre sida lundefuglane. Sosiologisk nesten like fasinerande som fuglefjellet.

Do as the locals - det vil seie vagle seg i flokk i Lundeura om kvelden

På heimveg såg vi ut til Runde fyr. Det fungerar no som DNT-hytte, og her kan ein overnatte.

Runde fyr på tuppen av Kvalneset

Rundeturen var ei stor oppleving som det var kjekt å dele med gode kollegaer. Hit skal eg fleire gonger! Neste gong med fjellduk og speilreflekskamera.  

Turistskip i solnedgang. Man tager hvad man haver i mangel på elg.

Resten av kvelden tok vi innandørs med passande tilbehør inspirert av siste bilde.

Runde miljøsenter er det ei sjøfuglutstilling og dei viser film om samspelet i havet (populært kalla "Sildefilmen"). Vel verd å få med seg. Dei har og utstilling om Rundeskatten, som har ei veldig spennande historie! Stikkord: Global verdshandel på 1700-talet, dramatisk forlis og katastrofe med 200 tapte menneskeliv, unge dykkarjyplingar som snublar (dvs svømmer) over gullskatten i 1972. Senteret har gode konferanse- og møtefasilitetar, og kan stå for overnatting (i leilegheiter) og servering etter avtale.

mandag 24. september 2018

Ruskevershelg på Runde fyr

22.-23. september
Helgeturen gjekk til fots til Runde fyr. Eg har lenge drøymt om å vere her ute i ruskever. No såg det ut til å klaffe bra, med rikeleg vind og bølger. For første gong skulle eg overnatte i DNT-hytta - sjølvaste fyrmeisterbustaden. Kristin kom frå Tromsø, og Malin frå Oslo, og vi hadde mykje å snakke om sidan sist.


Vindfullt og vått! 

Dei lokale heltane let seg ikke distrahere av veret 

Første glimt av fyret

Flotte haustfargar og frådande hav. 

Kristin og fyrlykta

Svinøy fyr i horisonten

Ei lampe som gløde i mørket, og lose dæ ut og frem, som tar dæ bort og hjemmefra, men også tar dæ hjem...
(Har du fyr - Ola Bremnes)
Vi sneik oss ut på tur inn i mellom regnbygene. Skiftande lys og heftig ver.  


Bølgjene slo mot Grasøyane og kasta kvite skumtoppar fleire titals meter til vers.



I overkant mykje "påfyll" på badeplassen i berga denne dagen

Heftig ved moloen, heilt greit å ikkje komme inn med kajakk eller båt i dag. 



Det var tydeleg korleis grunnene i nord skjerma Kvalneset frå dei tyngste havbårene.  

Tung sjø mot land


Nydeleg tur over Rundebranden og Lundeura tilbake på søndag 


Fasinerande bølger - på trygg avstand:
Ved Goksøyra laurdag

På innsida av Kvalneset


Ved moloen



På innsida

 











Goksøyra på søndag