fredag 14. juni 2019

Giskemonibba (687 moh)

13.06 Formen er dårleg, det har vore mykje padling, kontorstol og bilkøyring ei stund. Vi bestemte oss for sesongåpning på enkelt og liten tur - og valet fall på Giskemonibba. Lett synleg frå vegen over Ørskogfjellet, og ingen av oss hadde vore der før! Nydeleg kveld, vindstille, nesten 20 grader og ingen innsekt. Eg hadde gløymt kor fint det er i sommarfjellet! Turen var grei, kort og med ei aldeles fortreffeleg utsikt! Før vi for heim tok vi og ein lønnsom avstikkar til Dyngjafossen - overraskande stor og flott foss i skogen! Eg undervurderar Ørskogfjellet - og det skal eg slutte med!

Ny topp i beltet! 

Heilt vindstille og flott utsikt på toppen! 


Trolltinden, Sandfjellet, Sprovstind med fleire. 
Hyttefeltet ligg godt i terrenget og tek ikkje all merksemda. 

Mot Høgsvora

Øyriket i "Nye Ålesund" kommune

Sommar i fjellet!

Fin elv! 

Dynjafossen


  

onsdag 22. mai 2019

Maiheng og vårskitur - Eidskyrkja (1482 moh)

17.-18 mai Synnøve og eg har slitt med å finne felles tid til turing ei stund. Vi satsar difor på kvalitet framfor kvantitet for tida! Nasjonaldagen kan feirast på så mange vis. Vi valgte tradisjonell formiddag, men med turplanar utover ettermiddagen. Betre sommarver enn denne helga skal ein leiter etter - temperaturar på 20- talet, sol og vindstille. Alternative turmål var mange, men vi landa til slutt på Grøndalen og Eidskyrkja i Volda.

Grøndalen i all si prakt

Flott setervoll, perfekt plassert for å få mest mogleg kveldssol. 
Litt artig at dette er Kristin sitt ferieparadis frå barndommen! 

Bak der ruvar Eidskyrkja/Kyrkjefjellet. I morgon, i morgon...

Hipp, hipp! 

Det var framleis 17. mai, så vi la inn ei lita feiring i varmen.

Det er sjeldan eg knotar så mykje med å få på plass køya, men etterkvart vart det ei slags ordning på det. 

Desse lyse lange vårnettene er heilt fantastiske! Når det i tillegg er 20 grader og ikkje ein knott i sikte - perfekt!

Nesten fullmåne

Neste dag vart det lang frukost og kaffidrikking. Det var ikkje heilt lett å vite korleis ein skulle kle seg, det var nesten FOR varmt og trykkande. Vi kom oss avgarde i 11-tida, fann stien ved setra og la i veg oppover. Sti, bjørkeskog, sildrande vårbekkar i og ved stien. Skummelt lite fuglesong. Vi var spente på kor langt vi måtte bære skia.  

Fint på fjellet - klassisk vårskitur! 
   
Synnøve i skaret mellom vatna. Markante Storetinden 1408 moh (Gjuratindane) bakerst 

Jegaren utan våpen og rypa utan frykt.

Då vi tok på oss skia var det ganske bratt og det kom ei regnbyge. Humøret sank. Det er i grunn litt meiningslaust å gå på vårskitur i regn. Vi snakka om å snu, men sidan temperaturen var grei, så gav vi det eit lite forsøk til. Og det angra vi ikkje på! Det letta. Verda gjekk frå grå og konturlaus til blåblå og krittkvit, med dei kontrastane som gjer vårskiturane til eit eventyr!

I motbakkane er det berre å finne si gangfart og kjempe mot sine indre demonar. Opp kjem ein, sjølv om det kjennes seigt og sakte ut. 

På platået mot toppen

Snøørken!

I horisonten skimta vi kjente vakre fjell, Jakta stikk seg godt ut frå denne vinkelen.

Inn i evigheita

 Kjekt å sjå varden etter vel 1000 høgdemeter og dei siste slake motbakkane til toppen

Toppen!!

Humøret på plass. Dette er verkeleg eit digert platå. Rundskuet er på absolutt 360 grader og knallfint med fantastiske fjell på absolutt alle kantar.  
Eidskyrkja er høgaste fjellet i Volda kommune, og fjell nr 58 i Norge etter primærfaktor.  

Mot Ålfotbreen, hyllefjella og Gjegna i Nordfjord


Sunnmøre med Jakta og Slogen

Vi feira med flagg i dag og! Hipp, hipp!

Då var det berre nedturen att. Snøen var varm og solpåverka, så det var trått føre, og tung styresnø. 

Roar i fin stil nedover fjellsida

Synnøve med Sunndalsnipa bak. Førstedame og sporleggar både opp og ned. 

Denne bakken er utfordringa, men det gjekk greit både opp og ned. Vi gjekk i store sikksakkar mellom hamrane. Eg målte helling på ca 30 grader der vi gjekk eit par plassar. 

 
Ned i varmen og lukt av vår i lyng og gras. Ein flott tur! 

Vi kom ned til bilen etter 5,5 timar. Då hadde vi ikkje stressa,  hatt fleire korte pausar og av og på med klede og to nistepausar undervegs.  

6 km  og vel 1000 høgdemeter ein veg

Takk for turen! 
Vel heime var det ei rekke utfordringar som måtte løysast. For min del var det heilt konkret: flatt dekk. Heldigvis fekk eg god hjelp til dekkskift. 

mandag 20. mai 2019

Rått og råfint på Rosholmen

19.05 Dette var ei lang helg i nasjonalromantikken sitt teikn. Etter hurrarop og sukkersjokk 17. mai, masse høgdemeter og sure skibein og/eller etterdønningar av GP-festen, treng ein rett og slett ope hav og frisk luft. Motvind og tjafs i starten, sel og holmehopping ved Rosholmen, speglblankt hav og magisk lys innatt før ei finfin badeøkt med rull og tull.

Kva kan dagen bringe?

Tarehopping!

Delfinsteinen

Å stige i land er like spennande kvar gong. Her alternativ vri. 

Fine folk!!




Lykta på Rosholmen


Skulpturparken på Rosholmen er naturleg og fantastisk flott! Jettegryter, bølgeberg og formasjonar i fleng. 

Er det plass, skal det padlast! Foto: Roger

Klar for heimveg - utan medvind, men med fantastisk lys! 

Framleis snø i fjella

Lekkert! 

Torunn!

Dobbelrulle

Tur/retur 11 km