lørdag 15. oktober 2016

Geitgaljen (1085 moh)

15.10.16 Geitgaljen? Eg har tenkt på at eg skulle gå opp der utan ski og sjå korleis det ser ut i sommarhalvåret. Eg kasta ut snøret, og Siri beit på.

Utsikta til frukosten. Dette vert ein fin dag! 

Frost og glatt etter vegen, og vi hadde framleis sommardekk. Vi var tidleg ute og hadde god tid. Dagen skulle nytast. 

Start i lysløypa ved Liland. Skuggesida og rimfrost på bakken, så det var kaldt å komme seg i gong. 

Det var fin sti og effektive høgdemeter i starten

Spegling i Ausnesfjorden

Meg klokka 11.30. HER vert det lunsj! Higravtindan bak

Lunsj med ekstremt bra utsikt ved foten av namnlaus topp, ca 900 moh. Geitgaljen midt i bildet. 

Uren luren. 

Etter lunsj går vi opp ura til venstre med eit lite håp om at det går å gå ryggen sørover att. 

Flott utsikt mot Hamarøya frå ryggen

Geitgaljen!

Det var dessverre eit lite stup som stoppa oss frå å gå ryggen vidare bortover. Vi måtte ned urenluren og opp att den tradisjonelle urenluren lenger bort. Sidan vi starta tidleg og framleis hadde eit hav av tid gjekk det heilt fint. 

SIMSALABIM!

Toppen av Geitgaljen med to vardar

For ein topp!! Og for ei utsikt! For ein dag!! Det var reine dansegolvet på toppen. Sola varma og det var vindstille og fint. Her vart det lunsj nr 2, fotografering og vi kosa oss på toppen i over ein time. DET er ikkje sjølvsagt i oktober.  

Dansegolv på toppen, vestover.

Nordaustover med karakteristiske Møysalen bakerst

Litt høge på livet her! 

Trollfjorden ligg i skuggen til venstre. Store Trolltind (1036 moh) med snøbre rett under toppen

Tøff tinderekke: Geithorna
Geithorna er vanskeleg tilgjengelege, og nokre av dei har det visstnok ikkje vore folk på.  

Mot Rulten og Vestfjorden

Panorama frå toppen

Dagen kan ikkje vare evig, og på toppen er ein faktisk berre halvvegs på turen. Vi gjekk forsiktig ned, for å ikkje løyste ut stein på kvarandre. Her hadde eg ikkje vore komfortabel i ei stor gruppe. Denne dagen hadde vi fjellet åleine. 

 
Urenluren

Styggvakker namnlaus topp på ca 940 moh

Vakkert

Det var ein slik dag som ein håpar aldri tek slutt. Vi kom oss trygt nedover. Sola var lav, og skein rett i auga. Skuggesida var forvandla til ei gyllen verd der dei siste haustfargane fekk fritt spelerom. 


Perfekt dag - topp tur - i topp selskap! Slike dagar går rett i minneboka.

Månen stig opp av havet nett i det eg køyrer av til Finneset. 
For å sette eit skikkeleg punktum.

Geitgaljen heiter Geitgallien på kartet. Eg klarar ikkje å finne ut kva ordet galjen/gallien betyr? Nokon som veit? 
Britane Herman Wooley og Norman Collie har fått æra av førstebestigninga i 1901. 
 Toppen er eit ynda skifjell, og her er link til ein av turane vi hadde i vinter: 

søndag 9. oktober 2016

Vågakallen (943 moh)

9.10.16 TILBAKEBLIKK

Det var ein nydeleg haustdag i Lofoten. Dette var kanskje siste sjanse å komme seg på Vågakallen i løpet av 2016, så vi var ein fin gjeng som la avgarde. Ingrid og eg hadde sett bort på Vågakallen frå kontoret heile året, og drøymt om turen. Fjellet stikk seg fram frå alle kantar og er eit skikkeleg landemerke i Lofoten. Vi var litt spente på terrenget. Eit av svaa som ein må over er kjent som "Taket" og det er stadig vekk små hendingar og redningsaksjonar her.

Djupdalen. Sti over halvstore rullesteinar langs vatnet.
I morgontimane var det undersolt og mørkt i dalen, men sola på toppane og klår himmel lova godt. 

Det var ikkje veldig tydeleg sti opp til skaret. 

Opp til skaret var det steinete og laust, og sikkert eit mareritt å gå om sommaren med mykje folk og uvante fjellvandrarar. Denne dagen var vi aleine i fjellet.  På austsida av skaret var det graskledde bakkar og tydeleg sti vidare.  

Mot toppen. Uren luren. 

Taket. 

Eg pingla ut ved taket. Det var ikkje veldig langt, eller veldig bratt, men det er akkurat slike sva som triggar høgdeskrekken min. Eg såg meg sjølv liggande i ein blodpøl nedanfor berga, og let dei andre få gå vidare aleine. Det å ha ein svært levande fantasi har sine sider. Det var uansett ikkje feil å sitte i solveggen ca 750 meter over havet og skue over Vestfjorden og Lofotfjell. 

Mot vest  over til Vestvågøy og Himmeltind 

Nordaust over Austvågøya mot tinderekka ved Raftsundet; Rulten, Higraftind med fleire
   
Sørvestover mot Vestvågøy og Flakstadfjella

Henningsvær og Vestfjorden

Der var dei andre på toppen!

Returen over taket: 
 

Konsentrert gjeng


Då var det samla flokk ned att. Låg sol, strålande haustfargar og ein nydeleg dag på tampen av sesongen.




Djupdalen i solnedgang. 

Alle var nøgde med turen, og eg angra meg ikkje. Toppen ligg der til seinare. Fin tur, men krevjande  terreng. Laust fjell og mykje småstein, sti i renne og nokre bratte parti. Det vil vere glatt å komme seg ned og ut Djupdalen om det frys på, så ikkje rekn med at det er forhold her i oktober. Bruk vett og ha respekt! :)


søndag 2. oktober 2016

Rekognosering ved Stjerntinden

02.10 Drittværsøndag. Vi for likevel sørover. Per ville rekognosere på Stjerntinden og eg var lite førebudd på turen.
Start i Skjellfjord. Det var verkeleg rett opp. Ingen sti å finne. 

Sluddbyger, våt myr og mose. Av og til lurer eg på kva eg held på med. Mjølkesyre og naglebet etter 5 minutt. 

Vakkert i bygene

Det var kjekt å kunne gå litt bortover etterkvart. Litt sti var det og her og der. 

Masstinden snor seg mot 750 meter over havet

 Vi kom opp i skaret og såg rett ned i Nusfjord. 

Stjerntinden der oppe

Det var vasskaldt og vind, og vi var fuktige både innafrå og utafrå. Litt le for vinden fann vi, akkurat nok til å ta ei skive. Kombinasjonen glatt og sleipt og iskald gjorde at vi tenkte nok var nok. Vi såg fara vidare mot Stjerntinden, og stien mot Masstinden. Det var tca 600 høgdemeter på oss i dag, og no veit vi kva som ventar når det er ver og forhold til å gå på toppane her. 

Masstinden og Tønsåsheia bak

Kunna i stråleglansen

Det var lettare å gå ned, trass alt. Volandstinden tydeleg landemerke. 

Stjerntinden - massiv, mørk og mystisk i dag. 

søndag 18. september 2016

Surf and fun med Lofoten kajakklubb

16.-18 september. Øyremerkt helg til surf og moro. Fredag ettermiddag avgarde til Grunnførfjorden. Den vakraste solnedgangen på vegen vart ein perfekt start på helga. Padlefolk frå heile regionen strauma på. Telt, mat, og prat.


Det var berre ei hake: veret. Det var alt for bra. Flatt hav og lite vind. 

Idyll - men kan det verte surf av det her?

Frode med representativt glis. 

Det vart surf. Revet sviktar aldri. Det vart faktisk så artig at eg ikkje har eit einaste bilde frå resten av helga.

Flott arrangement av Lofoten kajakklubb - så her er det berre å snu seg rundt og hive seg med neste gong!