søndag 15. mai 2016

Pinselam i kokegrop - Pinsepadling spesial dag 2

15.05.16. Ragni hadde lagt ut følgjande beskjed på førehand:

"Æ har et lammelår i fryseren som æ tenkte på å ta med og tilberede i kokegrop. Har ikkje gjort det før, men har lenge tenkt at det må være et artig turprosjekt! Men det tar jo litt tid å grave og fyre ei grop, så akkurat kor det skal gjøres og om vi rekk får vi nesten bare se an underveis...
Det skulle være meir enn nok mat til alle sammen, så da e hovedretten i boks en av dagan. Ta med tilbehør og drikke (og kanskje ei ventepølse... )"

Eg har OG tenkt at dette hadde vore eit artig prosjekt, så vi hadde med tilbehør, raudvin, ventepølse og ein REAL som plan C. På Tunes var det perfekte forhold, og vi skulle ikkje avgarde før på ettermiddagsfloa.

1. Hagespade, sandjord, ta vekk torv i eit stykke. 

2. Grav djupt nok til bål, steinar og maten + dekke. Hagespade er eit minimumskrav. 
(Denne aktiviteten gav dei styggaste gnagsåra på heile turen.) 

Ragni var prosjektleiar, vi andre bar nokre steinar. 

3. Legg i stein og bål. Vi hadde med grillkol og båla litt på toppen. Ein pose kol er rikeleg for ei kokegrop. 

Her er det ein periode med litt venting. På bålet kan ein og f.eks koke ventekaffi. Energieffektivitet i praksis. 

4. Fjern restane etter bålet

5. Pakk inn låret i mange lag. Legg det i gropa på varme steinar. Legg resterande stein rundt og på toppen av låret.
  
6.* Ein liten seremoni var på sin plass. 
Ikkje så trist som det kan sjå ut, vi var heilt sikre på at vi kom til å grave det opp att. Låret altså. #vatnimunnen *Dette punktet er frivillig. 

7. Dekk til med sand og torv til slutt. Det skal IKKJE ryke.

Ragni la nedi ein mynt (frå 2011), slik at arkeologane som kjem hit etterkvart skal skjønne at kolrestane her er frå nyare tid. Det er å ta omsyn til andre fagfolk i praksis.   

7. forts. Vi dekka til slik at det slutta å ryke. 

Her kjem det ei ny venteøkt. Den kan mellom anna nyttast til å diskutere kor lenge eit slikt lår bør ligge i gropa. På Tunes kunne vi i tillegg gå ei kulturhistorisk vandring og sjekke vermeldinga på VHF på Gaphaugen 56 moh. 

FANFARE!!! OPNING AV KOKEGROP!

8. Grav opp. Det er varmt. Ta gjerne med grillhanskar eller liknande. 

9. Pakk opp. 
Det lukta himmelsk godt, og gliset til prosjektleiaren var representativt for heile gruppa. 
Vi lot låret ligge knappe 1,5 time og det var perfekt. 

Lammelår a la Tunes

10. Skjær opp. Mørt og nydeleg. 

11. Et og nyt!

Bon appetitt! 

Vi åt oss mette, og deretter åt vi dessertporsjon. Det hadde vore nok mat til 8-10 stk. Attåt var det fløytegratinerte poteter, marinert gulrot og brokkoli.

Tusen takk til Ragni for initiativ, gjennomføring og mat!
Tusen takk til Kristin for tilbehør! 
Kokegrop skal utforskast vidare - flott måte å lage mat til mange.    

"Verfast" på Tunes - Pinsepadling dag 2

15.05.16 Vest for Knivskjellodden - og meir som eit "point of no return" for oss - ei lita strand med ei stor historie. Vi landa kring midtnatt, og var eit heilt døgn på Tunes. Innhaldsrikt og flott. Nok tufter og spor etter folk til at fantasien fekk bryne seg. Noko av det vi spekulerte i viste seg å vere sant, etter å ha googla litt i etterkant.

Magisk på Tunes

Ingen vil gå å legge seg. Båling og sosialt i Finnmarksnatta. På slike dagar er Finnmark betre enn Syden. 

Ragni fortalte historier om Tunes-brørne, og ei av dei kan lese her: http://nordkappsagn.blogspot.no/

Kva har dei kokt her? Tran? Kval?

Litt soving og morgonstund har gull i munn! Her var det berre å dra ut soveposane, slumre i sola og ta eit morgonbad!!

Beviseleg uti og eg tippar det vart totalt 8 svømmetak. Kristin og eg naglar mai-badet her.   

Welcome to Tunes, Finnmark! Knivskjellodden stikk ut bak der. Bading på 71 grader nord er ikkje å forakte. 

Fleire enn oss som kosar seg på stranda. 

Kulturminne - opptrekk av noko slag

Gamle tufter. Kva var det her?

Tømmer, ved og søppel. Det står ikkje på. 

Menneskeskapt grop. Gamle kokeovnar? Lignar på kvalgrytene eg såg på Svalbard i fjor. 
Desse låg og på rad og rekke i terrenget. 

Naturleg jettegryte

Det var utruleg spennande å gå rundt her. Ein kunne sjå for seg familiar, fiskarar, slit og kvardagar. Kyrkja på Tunes er nemnt første gong i 1589. og kirkestaden er truleg frå siste del av 1400-talet. Sjølve Kyrkja stad på Kjerkestappen, medan gravplassen/kapell var her. Kring 1520 budde det 21 familiar på Tunes, og bygda hadde rykte for å ha "store fine jorder etter Magerøystandard". 
Kilde: Kirkesteder og kirkebygninger i Troms og Finnmark før 1800 av Vidar Trædal

På kyrkjegarden (Foto: Kristin)


Dei fastbuande. Foto: Knut-Magne

Lurer du på kva dette er for noko?

På Gaphaugen 56 moh - utsikt mot Gjesværstappane. Kjerkestappen i midten. 

VHF og mobildekning. Vermelding på alle kanalar. 

Meldinga var stigande vind, frisk bris 10. Alle har vore ute i ymse ver før, og hadde ikkje noko å bevise. Beslutninga vart å overnatte på Tunes ei natt til, og prøve å runde Nordkapp dagen etter. Ikkje dårlegaste plassen å vere "verfast". Sjølv om veret eigentleg ikkje såg så gale ut, vart vi overbevist om at beslutninga var rett då vi såg ein snurravadbåt i aksjon seinare utpå kvelden. Den gynga og kva godt. Det hadde vore ruskut å leggja utpå med 22 kg glasfiber. Om veret ikkje var dramatisk, så har eg ein funksjon på kameraet som heiter dramatisk:   

Vesterkeila mot Gjesværstappane

Tunes med kyrkjegarden til venstre (murane viser som ein firkant) og Knivskjellodden bak

Kajakkar på vent

Ventebål

Ventebollar (Inga nød på Tunes anno pinsa 2016)

Kristin - optimist før legging!

Sidan veret var greit bestemte vi oss for overnatting under åpen himmel. Det var skikkeleg lurt - NOT, for ca 5 minutt etter elgging ausa det ned. Eg trakk fjellduken over hovudet og prøvde å gje blaffen. Oppsummert: Ein søv betre i telt når det regnar. 

Nordkappmuseet har kulturminnevandringar til Tunes, og stadfestar at det er hustufter frå steinalder og middelalder, kirkegard frå middelalderen, gardshaugar og spor etter kvalfangst både for 100 år sidan og moderne tid her. 

lørdag 14. mai 2016

Gjesværstappan - Pinsepadling dag 1

13.-14. mai 2016. Pinsepadling har vore avtalt i lang tid. Denne gongen var eg nedlesst i arbeid og måtte lite på at dei andre tok seg av planlegging og vermeldingssjekk. Fredag 06.00: Opp og pakke som ein gal. 08.00 Full bil. Kajakk på taket. Køyr! 13.30: Bardufoss. Feriestemninga seig på. Kjøp av solbriller, farging av vippar. 16:00 Møter KRISTIN i Tromsø. 18.00 Ombord på Hurtigruta. Gjengen sig på ein etter ein. Feriestemninga tek av og eg sklir rett inn i klientellet på Hurtigruta med fotoapparat og begeistra hurrarop.

Lopphavet 23.58

I midtnattsolas rike og premierefest på årets sesong her. Transportetappe 2 på M/S Midtnattsol. 

Turlivet er hardt. Transportetappene tek på. 

Mellom mykje stein har folk klort seg fast. Stopp i Havøysund (t.v) og endestasjon for oss i Honningsvåg (t.h). 

I Honningsvåg var det mangt som måtte gjerast og vi dingla rundt der heile ettermiddagen. Heisreperasjon, guida tur i sentrum, eting av is og test av middagen på Corner (restaurant). Beste fiskemiddagen på lenge. Terningkast seks.  

Første glimt av Gjesværstappan

I kveldinga var sol, vind og flo på vår side og vi la ut i frå Gjesvær 

Klassisk pakking av kajakkar.

Gjesvær sentrum. Krykkjene vinka oss avgarde. 

"Stappane" i horisonten. Nydeleg kveld. 

"Gjesværstappan er ei øygruppe i Nordkapp kommune i Finnmark, ved fiskeværet GjesværMagerøya. Nordfra: Storstappen (høyeste punkt 283 moh) med halvøya Stauren, Kjerkestappen (høyeste punkt 166 moh) og Bukkstappen (høyeste punkt 92 moh). Øyene er fuglefjell, og de er vernet som naturreservat. Gjesværstappan har Norges største sjøfuglkoloni. Blant annet har øyene en stor koloni av lundefugl og den nordligste havsulekolonien i Norge. Alke, krykkje, skarv, lomvi, havhestog havsvale hekker også i Gjesværstappan" (Wikipedia).

Sjøfugl sirklar rundt oss på veg utover

Formasjonsflyging i store sirklar for å komme inn til fuglefjellet. 

Teist, lomvi, alke og noko skarv. 

Skarveberg

Yttersida av Storstappen - verdas nordlegaste havsulekoloni

Havsulene har teke kvelden.

Godt naboskap?

Vi runda stappane på yttersida. 
Det var ein av dei kveldane. Då storhavet spelar på lag og alt går an. 

Stauren låg som ei løve på nordenden av øyrekka. Ørnene sirkla og speida. 

Spennande geologi og formasjonar. Ørnvika bar namnet med rette. 

Eigentleg var eg svolten og måtte veldig på do. Men når naturen byr opp til dans, må ein legge slike viderverdigheiter på hylla ei stund. Her ute vart vi ikkje berre invitert på dans, det var full fest. Lundefugl i hopetal. Sjøfugl over, under og ved sidan av. Havblikk og solglir. 

Sjøfuglfest på yttersida

Vi vart omringa av sjøfugl på nytt. Lunde og lomvi i store mengder. I store sirklar flaug dei i bølgjer over oss. Alle padlarane stoppa opp, og vi vart liggjande og drive midt i augneblinken til festen var over. Magisk.

Naudstopp. Målet for kvelden: Tuneset i horisonten. 
Det er bra at nokon har med plastkajakk og ofrar seg litt for at glassfiber- og karbonbeibsa skal få komme seg i land. 

Kryssinga over til Tunes i midtnattsol var storslått!

Lundeakvarell

Tunes og basecamp

Midt på natta i nord. Godt å vere framme. Knivskjellodden stikk fram til høgre. Vi er i posisjon.  
Livet er godt. 

Kristin deler endomondo-informasjon: Første etappe: 21,5 km