tirsdag 18. mars 2014

Dekk-trekking

8.-9. mars. Grisever. Skarvegen. Dekk på slep. Pulsen er jamt høg. Skritta er målretta. Tankane flyg. Ein svel nokre kamelar etterkvart som ein vert eldre. Eg hadde aldri sett for meg at eg skulle fare etter vegane med eit dekk på slep.

Midtlivskrise, mangel på vinter og ein god dose gruppepress kan bøye svakare sjeler enn meg. Så her går eg. Eg og dekket mitt. Lidun og Mildrid har allereie gjeve namn til dekka sine. "Dekk-Ulf" og "Miss Piggy" får lufta seg på Flø rett som det er. Eg funderar og tørkar svette frå panna. Oppover bakkane er det tyngre. Ikkje pokker om eg klarar å komme eit namn på det der dekket.
 
Korleis har eg hamna her?

Fungerer det faktisk som trening då? Etter testing av pulk på snøføre så innser eg at det er akkurat dei same musklane som er i bruk. Då er det sikkert lurt. I mangelen på snø sjølvsagt. At pulsen er høgare enn ved vanleg gåing er eg heller ikkje i tvil om. Dette er det andre som har lurt på og, så "Norges Helsehøyskole" driv og forskar på dette no. Fasiten på effekt av dekk-trekking kjem altså i løpet av 2014. I mellomtida er det berre å lite på Børge Ousland: - Det er det seige draget som tel. Å trekke dekk styrker musklene i rygg, rumpe, legger og lår, og det bygger karakter, seier han.

Det er også greit å ha ein entusiastisk far som uansett påfunn berre hankar fram egna reiskap og tilbehør i syrefast stål. Montering av holskruar på dekk gjekk som ein vind. Dekk var det rikeleg av bak løa, og i varierande storleikar om motstanden skulle verte i minste laget. Eg starta med eit bildekk. På flatene gjekk det greit, men opp siste brattaste bakken før vatnet måtte eg jobbe skikkeleg.
 
Demma på Skarvatnet! Eg og dekket mitt. 

Humøret stig. No er det berre nedoverbakkar heim att!

Det vart trekking frå "Storskiftet" til Skarvatnet både laurdag og søndag denne helga. Eg brukte 65 minutt begge dagar, sjølv om eg trudde det gjekk mykje fortare søndagen.. (6 km t/r og 150 meter høgdeskilnad).

Eg humra godt då eg las artikkelen til Knut Langeland i Bergen Tidene:

"I Nordmarka treffer du dei rett som det er, og dei skjemst ikkje eingong. Folk med bildekk på slep. Kanskje skal dei kryssa Grønland. Kanskje skal dei berre over ein kolle i nabolaget. Uansett er det sosialt akseptert om ein skal på ekspedisjon av eitt eller anna slag, å trekkja bildekk etter grusvegane.

I Hardanger er terskelen for bildekktrekking noko høgare, og karane som nett no er på veg langsmed Fitjadalsvatnet, har ikkje noko påtrengjande ønskje om å treffa folk. Kjem det ein bil, legg dei hovudet på skakke og gjer sitt beste for å kamuflera identiteten.

Å trekkja dekk er ikkje stovereint. Å sløsa med kreftene er det låg toleranse for i Hardanger. Her er for mange brattar og for mykje arbeid å bruka kreftene på. Iallfall om ein ser historisk på det."

Det er nok ikkje berre i Hardanger at terskelen er noko høgare. Denne helga kom eg meg over både dørstokken og dekk-terskelen.

onsdag 5. mars 2014

Borgundkollen (782 moh) og Kloppen (808 moh)

2. mars. Søndagen trengte vi ein lett restitusjonstur etter laurdagen i Gursken. Synnøve foreslo Borgundkollen, og eg var med. Det som er fantastisk med Ålesund som utgangspunkt er kor mykje forskjellig som ligg innanfor dagsturradius. Frå ope kystlandskap og vindfulle heier dagen før for vi no inn til store dalar med dramatiske tindar, furuskog og fjellbjørkeskog i Sykkylven.

Mjuk start på triveleg traktorveg mot Gimsdalssætra. Målet Borgundkollen i horisonten.

Gimsdalssætra var ei herleg blanding av gammalt og nytt, tradisjonell stølsvoll og "hengande hyttefelt" i bratta.

Rett ovanfor stølen på andre sida av Gimsdalen ruvar desse storingane: Hammarsettindane.

Sykkylvsbygda, Skopphornet og Sula 

Frå stølen var det fin sti oppover lia, og bjørkeskogen vart lågare og meir glisen dess høgare opp vi kom. Det tok ikkje lang tid før vi hadde fortreffeleg utsikt utover hav og øyer. Bak oss kom stadig nye taggerekker fram i horisonten. 

Dramatiske fjell 1: Straumshornet med Råna bak

Sensasjon! SNØ! Dette var det einaste flaket vi såg på veg opp. 

Lunsj på toppen av Borgundkollen. Ikkje feil på ein søndag. Lett tur med formidabel utsikt. Her utsikt vest.

Utsikta mot sør var i sjangeren dramatiske fjell 2: Kva for ein luring er det som stikk opp der borte?

I sørvest kneisa Straumshornet og Råna. Eg har ikkje skjønt kva som er så stas med Råna, men frå DENNE vinkelen ser eg jo kor flott råseglet stig opp frå resten av fjellrekka. 

I nord såg vi rett ned på den denne. Det har vore mykje diskusjon om monsterlinja (Ørskog - Fardal), men master og kraftspenn er jo nesten usynlege i forhold til den sinnsjukt stygge MONSTERANLEGGSVEGEN. Sjå godt etter så ser du kraftlinja og... Denne vegen var bygd med ca 20 grader helling rett opp sida i Vikedalen, og er noko av det grovaste naturinngrepet eg har sett på lang tid. Eg er for vasskraft og straumlinjer (til eit visst punkt), men meinar dei må kunne byggast etter LEGO-prinsippet og med delar som kan fraktast inn med helikopter der det i utgangspunktet er urørt natur. Altså MOT vegar av dette slaget. Tippar det vert klimaendring - veg 1-0 neste "normalvinter".  NESTE gong vi (samfunnet) skal diskutere kraftlinjer må vi kanskje diskutere infrastrukturen i avisinnlegga med? Søv vi (friluftslivfolket) i timen når dei faktiske planprosessane går, eller har vi brent alt krutet på JA/NEI-lesarinnlegg i forkant? Synnøve og meg gjekk inn i ein god diskusjon om kor linja faktisk skal gå vidare for å komme til Fardal? Det må sjekkast nærare. Vi tippa Rikseimdalen og Hjørundfjordkryssing, men så?
 ,
 
Koppen (808 moh). Høgaste punktet for dagen. 
Herifrå tok vi "Indre rute" ned til nokre vatn og utatt til stølen.

Påskestemning på "Indre rute" og flott utsyn til Aurdalsnibba og Ausekaret som på mange måtar er Synnøve sin heimebane. 

Gimsdalssætra frå aust

Lekker dag, med lekker utsikt!

Tilbake på Magerholm var det tid for å sjå seg attende. 
Slik ser Borgundkollen ut frå nordsida av fjorden.

søndag 2. mars 2014

Gøy i Gursken (7-fjellstur)

01.03 På jobben hadde alle ulike planar for helga. Fredag ettermiddag gjekk SMS-ane i hopetal, etterkvart som planane rakna både her og der. Synnøve og eg hadde som plan B sett oss ut "ein kvit flekk på kartet". Sidan skiføret let vente på seg ville vi oppleve skikkeleg vår på kysten, og ingen av oss hadde sett føtene på Gursken-fjella (dei kjente kystalpane..) før. Vi vart etterkvart ein kvartett med ope sinn, kart og kompass. Med nok bilar godt parkert på Leikong, samkøyrde vi til Moltustranda og starta der.

Flott utsikt - Moltustranda, Flåværleia og Skorpa

Stien gjekk RETT opp bratta, og snart var vi oppe i høgda. Utsikta var flott frå første stund. Sjølv på ein fin dag braut det det kvitt utover på skjer og fluder. Ein krittkvit hare sprang opp. Dårleg kamuflasje denne vinteren. 

Topp nummer 1 - Storehanen (491 moh)

Herøybruene og Ulsteinbassenget. 

Fosnavågen og Runde

Lettgått herleg terreng!

Vestlandet er meir som ein ørken for tida, og ein kan gå tørrskodd overalt. Vi la i veg søraustover, for å plukke med oss nye toppar på vegen. Herleg terreng, flott dag og nydeleg utsikt alle vegar! 

Topp nummer to (Selsteinen 598 moh). Utsikt mot Sandsøya, Riste og Stad.

Vi trudde vi skulle runde myra og gå ryggen opp på neste fjell. Her ute legg dei stiane annleis, og stien var merkt og tydeleg RETT OPP DET brattaste partiet. Reinaste intervalltreninga. 

Varden på topp nummer tre innan rekkevidde. Hestefjellet (621 moh) 

Lunsj på Hestefjellet. Gunhild og Caro.

Herlege vidder og flotte Sunnmørsfjell i aust

Det er kjekt å sjå Stadlandet og Saudehornet SAMSTUNDES! Vi såg faktisk heilt ned på vindmølleparken på Måløylandet (Mehuken) og Hornelen. 

Nokre storingar i Ørsta - frå venstre: Romedalstind, Vassdalstind og Saudehornet

Topp nummer 4. Sollia (660 moh). Høgaste punktet på ruta. 
Herifra opna det seg eit nytt landskap. Variert terreng.

Holmevatnet. Idyll. Sol og påskestemning. 
Vi såg for oss sommarleg telting her oppe. 

Topp nummer 5. Namnlaus, men med kote 598. 
Alle store ekspedisjonar er innom eit og anna namnlaust punkt. Vårt vart altså 598.  Flott utsikt sørøver. Voldafjell og Vanylvsfjell. 

No begynte eg å kjenne i beina at vi hadde gått litt. Dette vart som ein bortovertur i høgda. Neste etappe var flat, men lang. Sletteheidane skulle forserast.

Kaketrilla? Det trilla ingen kaker her, noko som var skuffande.

Fin utsikt mot Eika og Liadalsnibba frå "topp" nummer 6 Sletteheidane (537 moh)

Den siste toppen for dagen - langt bort og høgt opp. Motivasjonen var bra, og ingen ville gje seg, så vi la i veg. 

På prærien. Eller verdas tak. 

Topp nummer 7! Rjåhornet (598 moh). Her var det diverse installasjonar på toppen.
Dette var første plassen vi kunne sjå oss attende og sjå heile ruta. Til no hadde kvar etappa gjeve utsikt til ein ny topp, og eit nytt landskap. 

Teambilde!

Vi tok ut retninga på "gefÿhlen" og traff snorbeint på bilen i enden av lia. Då gjer det ikkje så mykje at ein må velte seg ned gjennom eit plantefelt og subbe ei myr heilt på slutten. For ein dag! At Gursken hadde så mykje å by på var ei overrasking. Då eg vaks opp trudde eg at Gursken og Moltustranda var slike tullenamn som berre var funne opp på skøy. 

Kart over planlagt rute. 

Planlagt parkering er markert med stjerne og kvar topp med strek. Ruta stemmer ikkje heilt med kor vi faktisk gjekk, for vi hadde bilen på Sætreplassen på Leikong i steden for i sentrum. Nokre stadar følgde vi stiar meir beint på toppane enn ruta er innteikna.  Turen var ca 13 km lang og vi brukte ca 4,5 timar. 

Det var perfekt å gå ruta denne vegen. Turen gjev utsikt og oversikt over heile Sunnmørs-kysten, Sunnmørsalpane avdeling Ørsta og Volda, Vanylvsfjella, innover til Ørskogfjellet og nedover i Nordfjord. Vi såg 7 fyr på turen, og då er ikkje Runde fyr med (for det låg i skuggen av øya).  Det er 360 graders rundskue mesteparten av turen. Gurskøya er eit undervurdert turmål! 7-fjellsturen kan klart anbefalast, og er nok kjekkast som vår- eller hausttur. 

fredag 28. februar 2014

Februar-rulle 2014

26.02 At det skal vere slikt stress å gjere ting ein - 1- gong i månaden! Februar ebbar ut, og eg stiller på rullepadling meir av plikt enn av lyst. Det hjelper på at ettermiddagen er vindstille med nydeleg fargespel, og straks vi kjem oss på sjøen er den gode padleturkajakkergøyjippi-kjensla på plass.

"Vinterrulle"? Kaldare i sjøen då, men veldig grei temperatur på land..

Kult lys - flott drama. Vigra (t.v) og Valderøya (t.h)



Rullene satt, godsida, sjekk. Vrangsida, sjekk, men veldig dårlig rulle. Nummer to var mykje betre. No framover skal eg berre øve på vrangsida...Februarrulle i boks. 

Dokumentasjon (berre for spesielt interesserte):
Godsida (film frå Sygni)

Vrangsida (film frå Sygni)

Sygni si februarrulle her:

Ei nyfika steinkobbe følgde etter oss frå Studiostranda til Brustranda. Artig. Naturoppleving som bonus. Dagen vart avslutta på sosiale media med uhemma skryt av eigen innsats og vennlege påminningar til andre landsdelar.

onsdag 26. februar 2014

Vintertelting på Rellingsætra

Laurdag 22.02. Korleis vart det eigentleg slik? - Eg undrar meg der eg køyrer innover til Norddal andre helg på rad, med OL på radioen. Det er ei heilt anna historie sjølvsagt. Må ein drive oppsøkjande verksemd for å finne vinter i februar så må ein.

I bilen er eg både spent og bekymra. Ingen av oss har telta på snø før, og det er ikkje verdas beste vermelding. Rellingsætra har eg høyrt om. Onkel Per var der som liten, dei somrane han vart sendt frå Oslo til familien på landet. Han har fortalt om mange fine sommarminne derifrå, og eg gler meg til å sjå.

Akkurat starta! Høg stemning. Det her går no brillefint! 
Ca 30 kg i pulken. Litt tyngre å dra enn forrige helg, men på preppa skogsbilveg går det som ein leik. 

På rett veg, og skal ein til fjells må det knekkast nokre motbakkar undervegs

Utsikt ned til Norddal og over fjorden til Valldal

Oppe ved Skihytta fann vi oss ein fin leirplass. Sønnavinden kom susande ut Dyrdalen, men vi låg i livd bak eit granfelt og litt vestafor dalmunninga. Vi set snart verdsrekord i å finne teltplassar i livd. Det var minusgrader, og laus snø. Pulken velta opp skråninga på slutten, fellene lausna frå skia mine og vi måtte trakke mykje og lenge. Trakkinga skulle resultere i hardt og jamt underlag og så var vi ganske opptekne av å vatre ut hellinga på staden. Trakking er ikkje det artigaste eg veit. Sygni berre løfta på augnebryna då eg etterlyste ferdigstilling etter ca 2,5 minutt... Vi sette opp teltet, og det gjekk som smurt denne gongen. Vi hadde berekna trakkeflata heilt perfekt, og det var fasinerande å sjå kor fort og korleis snøen endra seg og "sette seg" der vi hadde trakka. Snøpluggane på 50 cm var heilt perfekte. (Då eg pakka dei opp heime fekk dei namnet "Monsterpluggane")

Snart var det godstemning i leiren.

Nam! All matlaging på bålet og desserten på lur i aluminiumsfolie..

Det vart 3-rettar til kvelds mekka på bål: 
Tomatsuppe med mozarella a la Rett i koppen
Pinnebrød a la Foccacia med spekemorr til
Lune appelsinar med sukkerbitar og krydderier
Avec: Kakao a la Stormgjengen eller ein Te-knekt

Desserten vart det kulinariske høgdepunktet!
Knallgodt! Søte og fyldige! Sygni testa med kanel og sukker, medan eg held meg berre til sukkerbitar. 

Slik gjekk i grunn kvelden. Eg er ikkje utlært når det gjeld plassering av bål i bålgrop, så det skal vi forske meir på. Vi runda av med eit par av Jakob Sande sine utvalde i teltet så det stod ikkje på laurdagsunderhaldninga heller.

Frukost! Teltet står, god natt med søvn. Plussgrader både ute og inne, men at dette kvalifiserar til vintertelting er heilt klart. 

Helsport SVEA 3 camp. Eg vert meir og meir fornøgd med teltet. 

Eg tok kontakt med Helsport og spurde om refleksbardunar. Då fekk eg gratis bardunsnor med refleks i posten tvert, så eg kunne bytte ut bardunane. Veldig bra service.  Lett og solid telt. Forteltet er så stort at vi kan grave kuldegrop (ok, denne gongen vart gropa symbolsk grunn pga skarelag..) i same breidde som dørholet på tvers i forteltet. Då er det likevel i tillegg god plass til eit parispulkbrett på tvers inni forteltet med all bagasjen oppå. Glimrande løysing. 

Vi hadde høyrt vinden suse i fjelltoppane heile natta og det skulle ta seg opp utpå søndagen. Difor vart det berre ein liten tur innover Dyrdalen mot Innsetsætra. Dagens sjokk var at pulken ikkje var samarbeidsvillig. I skrått terreng i våt snø bikka den heile tida. Det var ekstra irriterande at det berre var min pulk som bikka. No hadde eg lavt tyngdepunkt og ingen vedsekk på toppen, så det var ikkje innlysande kvifor heller. 

Pulktur vart til skitur. 

Innsetsætra/Engesetsætra (600 moh). I februar. 
Er det ei bru? Vi fann inga bru og gjorde ikkje noko forsøk på å krysse elva.

Dyrdalen. 

Synnakulingen slo etterkvart i mot oss. Det var mildt, så eg fraus ikkje, og snøen smelta under skia våre. I ein dal som vanlegvis har FOR mykje snø i vinterferien.. I glimt såg eg det skein i blåe snøbrear oppe i fjellsidene. Ikkje eingong dei var dekt av snø i februar (truleg på rundt 1000 moh).  Dyrdalen trur eg er ein flott dal, og eg har lyst opp til Storvatnet ein dag det går an å sjå litt meir. 

Rosinen i pølsa var sightseeing på sjølvaste Rellingsætra. 
Lunt og vakkert ligg den der på ei hylle. Stor dal og svarte fjell. Setervollen er idyllisk med ei rekke sel på kanten som skil seg ut frå resten. 








 
På heimveg. Skihytta.

På skihytta møtte vi "halve bygda" på veg til fjells. Det var kjekt, for då kunne vi skryte uhemma over teltinga vår, og få nyttig info til seinare. Det er for eksempel bru over til Innsetsætra. 

Vel nede i bygda var vi godt nøgde med eigen innsats. Tor Erling prøvde seg med eit noko sarkastisk spørsmål om graden av villmark? Det tolka vi som rein misunning, og tok ikkje større notis av DET akkurat. Slik blir det berre når ein har overlevd vintertelting og vore ute i minst 24 TIMAR. Så det så.

Eg køyrde rett på ferja, kom med som siste bil og alt var berre velstand. Ute på Valderøya var det liten storm i kasta, syndeflod frå oven og springflo. Eg hadde i alle fall ikkje gått glipp av noko heime. Derimot hadde eg fått eindel å tenke på når det gjeld pulk. Faste drag? Framtidig faktisk forskning....

Takk for turen, Sygni! Bra plan B og fantastisk diktlesing!