fredag 6. juli 2012

På leit etter Munkholmen

Torsdag 05.07. Det var varmt, klamt (sokalla sommar) og eg var sliten. Eg hadde eigentleg ikkje lyst til å gjere noko som helst, men hadde ansvar for KYBIL-padlinga, som Trude og Sygni entusiastisk ville være med på. Som vanleg hadde eg sendt ut melding; ta med varme klede (inkludert lue) og varm drikke. -I dag har eg ikkje med termos altså, men ein Munkholm! seier Trude med eit lurt glis då ho kjem.

Blimsanden!

Dei andre på Blimsanden for rundt i bikini. Eg tok ingen sjansar, og det vart ull og tørrdrakt. Solfaktor 100. Capri-stilongs, rett nok.   

Hestejenter

Ungar, bading, hestar. Mykje folk på stranda, men vi var dei einaste med kajakk. Etter litt oppvarming prøvde eg å rulle. Det satt ikkje i det heile tatt. Gjekk ikkje på fleire forsøk. Sjølvtilliten gjekk då rett i kjellaren på rullinga, men vi fekk no øvd på diverse andre redningar.  

Vi padla mot sola, mot vest, mot havet og horisonten. Humøret var stigande. Litt leik ved ein stake. Veldig fine nybegynnarforhold med dønningar nesten utan kraft. Eg foreslo Shetland, men vart nedstemt. Så då starta vi leitinga etter "Munkholmen".

Neimenn! Er det ikkje Munkholmen som ligg her?

Jepp. DETTE er Munkholmen.

Definisjonen på flatt hav: Når PSSHHHT-lyden i samband med opning av til dømes ein Munkholmboks totalt overdøver "brenningen" på utsida av dei ytterste skjæra utanfor Vigra...DÅ er det flatt hav altså!

Trude

Sygni hadde til alt overmål med sjokoladekake, så på Munkholmen var det godt å vere - lenge!

Klassisk!

Kvalitetssommarkveld

Bølgjene skvulpar, praten går, og etterkvart skjer det som ofte skjer om kvelden. Sola går ned. Like vakkert og like fasinerande nytt kvar gong.  

Gullhav

Eg i Nukaen. Munkholmen rett til høgre bak meg.

Inne ved Blimsanden testa vi rulla på nytt. Første gangen måtte eg ut av kajakken. "Blubb-blubb-blubb". Det var jo som svarte. Litt aggresjon byggjer seg opp. Så neste gong fekk eg det til, og så eit par gonger til. Kanonkjekt. Øving gjer meister. 6 km tur, men for ein tur. Kanskje ein av dei beste? Vi toppa det heile med å fylle bilen med sand og vått utstyr og for heim.   

Sygni sin facebookstatus sånn rett etter midnatt oppsummerar det heile:

Hekj'e padla so longt- berre padla godt.   

fredag 29. juni 2012

Gullpadling

Onsdag 27. juni  var det Kystverkspadling. Sygni vart mellombels "tilsett" i verket, og vi vart ein rein dametrio på tur. Sommarkveldane skal nytast medan dei er lange - så vi trekte ut mot havet med fyr i blikket.

Hamna ved Giske kyrkje - nesten Syden!

Vi padla nordover, rundt Giske og midt inn i verskillet.

Duett i molo. Den todelte moloen er kul.

Sjøfuglar i fleng, med ungar i alle variantar, strender, ku i solnedgang, eit lite verdsberømt musikkstudio og stram lukt på Kvalneset. Giske har mykje å by på frå sjøsida. Likevel så er det på Godøya det store trekkplasteret står...  

Med stø kurs mot Alnes

Alnes fyr i midtsommarskrud

Alnes fyr er kult. Det gjev ein ekstra dimensjon å komme hit sjøvegen. Vi landa på rullesteinane og vandra opp til fyret. Lukta frå enga slo i mot oss, og blomane konkurrerte om merksemda. SOMMAR! SOMMAR!
Oppe på fyret var det benkar og pledd. Vi toppa det heile med medbrakt varm drikke og skipskjeks (prøv å seie skipskjeks fort tre gonger på rad...!).

Meg, Trude og Sygni. Alnes fyr.  

Landing på Alnes

Det gjev eit hav av nye moglegheiter å utvide definisjonen på kva som er ein bra landingsplass. Vanlegvis så er det jo litt nedtur å padle siste biten heim. Denne kvelden hadde "ytre strok" planar om eit spektakulært show, som vi fekk vere ein del av på heimveg. Knallhard berekning eller rein flaks?

Erkna ønsker velkommen til gullpadling!

I eit strålande og flammande lys gjekk ferda tilbake til Giske. Trude padlar i venstre kant av bildet.

Eldkula samlar seg og går i havet. Takk for i kveld.

Det er slike kveldar som gjer at eg vil vere "heime" på Vestlandet om sommaren. Det er slike kveldar som gjer at sommaren vert fantastisk!

Turen vart ca 14 km

torsdag 21. juni 2012

Rullepoeng til Nukaen

Onsdag 20. juni. Teknikkøkt på Emblem med Sygni. Vi var skjønt einige om at no måtte vi slutte med denne hersens turpadlinga, og få oss ei skikkeleg treningsøkt. Det var på høg tid.

Tre lag med ull under tørrdrakta, og vi var klare! Herleg med sommar og lyse kveldar altså!

Sygni starta med å sette ei perfekt rulle etter bassengtreninga i vinter. Eg var nervøs, og hadde ikkje kontroll på ein flekk. Første forsøk på rulle i Nuken. Eg har jo tenkt på korleis eg må gjere det i sikkert fleire hundre timar i vinter, men hjelp det?

Romvesen klar for rulling!

Rulla satt! På første forsøk! For ei herleg kjensle når det berre fungerte gang på gang. Nuken er skikkeleg lettrulla og eg brukar ingen krefter på å få den rundt. Så då vart det rulling med både grønnlandsåre og euroåre. Kjempekjekt! Vi trente litt på eskimoredning og høge støttetak i tillegg - greit å ha kontroll på plan B.

No skal det rullast (i alle fall prøvast) på kvar ein tur framover. Det kan vel og vere greit å klare å rulle til begge sider etterkvart...  Eg ser at eg framleis gjer det litt feil, hovudet kjem opp litt for fort, og sveipinga er høgst variabel. Finpuss må til! Nukaen rullar likevel, og fekk masse ekstrapoeng i dag. Det er rett og slett ein skikkeleg artig kajakk altså!

Hovmod står for fall, og heilt på slutten så prøvde eg meg på butterfly-varianten. Det var nemleg den eg var nærast til å få til i fjor...

Filmsnutt: Oppsummering rulleøkt

Publikum kom akkurat då vi hadde pause. Ikkje mindre enn to cruiseskip dura forbi. 

 Stor variasjon i farkostane på fjorden

Sygni med nyåra - turåre frå Epic

Vi runda av kvelden med ein bitteliten runde for å teste ut den nye åra til Sygni. Ho let vel både over åra og servicen hos Alfa fritid. Vi fekk med oss måseungar, terner, tjeld, ærfugl med kull og hegre på turen, så det var ei flott avrunding på ei kjekk økt! Med tre lag ull var det greit med bading i ca 1,5 time. Under 10 grader både i sjøen og lufta.

mandag 18. juni 2012

Godøya rundt og "fyrplukking"

Søndag 17.juni. Eg var desperat etter tur, og heldigvis var det fleire som trengte å lufte kajakkane sine.

Tre blide og kjekke karar på søndagstur. Vi er i nærleiken av Vigra (vindfulle Vigra). Sjekk sjøen.

Flau vind (!) gav flatt hav. Det var litt grått og formen var "så der" på fleire av oss, så vi starta roleg frå stranda på Giske med mål om Alnes.  

Frå Kvalneset på Giske til Alnes

Fyret på Alnes er kult

Vi kom oss fort over til Alnes, men mista ein mann på vegen. Det var dagen for å padle mellom steinane ved stranda. Her brukar det vanlegvis å vere kvitt skum og ganske utriveleg. I dag var det skikkeleg artig teknikkøving.

Lunsj på fyret! Fyr nummer to for sesongen er erobra og dokumentert. Dei andre fyrane er for øvrig Jason og Hallgeir. 

Fyrmeistergraden i sikte! Sjølvsagt måtte vi opp og sjå, og vi fekk i tillegg med oss ei flott kunstutstilling på veg opp trappene (kake,vaflar og kaffi har dei og i kiosken). Note to self: Ta ALLTID med pengar på tur (og spesielt på Sunnmøre...)

Blomstereng på Alnes - mot Runde. Trur faktisk det var "Villblomstens dag" på søndag

Det var akkurat som vi kvikna til utover dagen, og det var liksom litt for kort tur å berre dra tilbake. Etter eit lite padleråd fann vi ut at kreftene burde halde til Godøya rundt. På vest og sørsida var det diverse artigheiter som måtte prøvast ut.  

Dagens heftigaste surf

Dagens mest elegante (og konsentrerte) rockhopping

Jettegryte - padlbar, men ikkje snubar

Ørn, av typen overlegen (vi drit i at de padlar rundt her)

Fyr nummer tre! Høgsteinen. Sukkertoppen frå ny vinkel.

Kule hus

Så skjer det som ofte skjer. Det er ikkje så mykje meir spennande å sjå og det er ca 5 km til bilen. Litt meir vind (motvind) og skvalping (sideveis). Så fekk vi trent litt i dag og. Vert alltid lang i armane siste kilometeren uansett kor lang turen er.   

Super tur, 22 km, to fyr med to fyrar og cirkumnavigasjon Giske - Godøya gjennomført for forste gong. Noko seier meg at det vert fleire rundar her!  


Vestlandssommaren - best med TØRRDRAKT!!

fredag 15. juni 2012

Runde!

Onsdag 13. juni. På fagdag/utflukt med jobben så var det lagt inn kveldstur til Lundeura på Runde. Det var ein frisk kveld, så antrekket var ull, vind, og vanntett. Ikkje ulikt det vi gjekk med i januar. Temperatur vart kompensert med humør.

På toppen av Lundeura!

Anbefalt gjennomføring av turen: 1. Finn Goksøyr på Runde og parker (lett). 2. Oppfør deg som turist, følg skilting (lett). 3. Første motbakken på bratt asfaltsti (litt andpusten her) 4. Resten på normal sti. Hald fram med å oppføre deg som turist. Hald deg på stien, sei muntert "Hei" til alle du møter, ha fotoapparatet lett tilgjengeleg. Snakk høgt om kor vakkert det er heile tida (lett).

KFA-karane på veg opp frå Goksøyr. Godøy og Sukkertoppen heilt bakerst til venstre

Då eg var lita hadde mamma lage ei bildebok til meg. Der hadde ho klipt ut fine bilde frå blad, limt dei inn i ei kladdebok og skreve namnet på tingen med blokkbokstavar under. Det bildet eg hugsar best var av ein lundefugl, så begrepet har vore i ordforrådet mitt sidan eg var ca 3 år. Eg har aldri sett dei på verkeleg nært hald før (Ein og anna svart prikk i det fjerne frå kajakk tel liksom ikkje).

Lunde!

Lunde!

Lundeura var heilt fantastisk. Dette er ei oppleving til å verte høg på! Flott natur og fuglar overalt. Svarte prikkar sverma i fjellveggen. Lunden kom inn frå sjøen, landa som ballar og flaug rundt øyra på oss. Utruleg artig! Storslått natur og eksotiske fuglar. Norges flottaste nebb? Eg håpar vi klarar å drive naturforvaltning slik at sjøfuglane overlever i framtida og (Link til miljøstatus - lundefugl- Norskehavet).

Fuglesverm utanfor Lundeura (ser ut som mygg, men vi er no trass alt sørafor her..). Nerlandsøya og Skorpa bakerst 

På rad og rekke sat dei der. På den eine sida av gjerdet; turistane, fuglekikkarane og fotografane. På andre sida lundefuglane. Sosiologisk nesten like fasinerande som fuglefjellet.

Do as the locals - det vil seie vagle seg i flokk i Lundeura om kvelden

På heimveg såg vi ut til Runde fyr. Det fungerar no som DNT-hytte, og her kan ein overnatte.

Runde fyr på tuppen av Kvalneset

Rundeturen var ei stor oppleving som det var kjekt å dele med gode kollegaer. Hit skal eg fleire gonger! Neste gong med fjellduk og speilreflekskamera.  

Turistskip i solnedgang. Man tager hvad man haver i mangel på elg.

Resten av kvelden tok vi innandørs med passande tilbehør inspirert av siste bilde.

Runde miljøsenter er det ei sjøfuglutstilling og dei viser film om samspelet i havet (populært kalla "Sildefilmen"). Vel verd å få med seg. Dei har og utstilling om Rundeskatten, som har ei veldig spennande historie! Stikkord: Global verdshandel på 1700-talet, dramatisk forlis og katastrofe med 200 tapte menneskeliv, unge dykkarjyplingar som snublar (dvs svømmer) over gullskatten i 1972. Senteret har gode konferanse- og møtefasilitetar, og kan stå for overnatting (i leilegheiter) og servering etter avtale.