onsdag 4. august 2010

Naturreservathopping

3. august og padling. Eg møtte Nina og Ørjan på Øyra. Ørjan skulle på Atløybesøk, drog fort frå dei "gamle" damene og sneik seg unna fotografering. Sulling i Sauesundet. Speilblankt. God sikt i sjøen. Artig å legge seg heilt inn i berga.

Stas med Sauesundet. Kvar gong.

I dag padla eg Avocet med senkekjøl. Nina tok ein Aquanaut LV utan senkekjøl eller ror.

Så mykje for tur, men vi må ha ei oppgåve for dagen. - Er det for langt å padle til Krokholmen? Eg spør forsiktig, med ein klar baktanke... -Den der? Nina svarar med vantru stemme. Den ligg jo rett her borte. Klart vi padlar dit. Minst!

På veg utover fortel eg om planen. Tilbakeerobring av naturreservata! Ilandstigningsforbudet varer til og med 31. juli. Vi er no komne til 3. august. Det ligg tre reservat innanfor synsradius frå stoveglasa våre. Dei tre finaste holmane å gå i land på. Dagens oppgåve er krystallklar: Ilandstigning på alle tre - der vi ser fredningsskilta, uansett korleis berga er der. Fotografering ved kvart skilt. 

Eg er nemleg ikkje så god på ilandstigning, og eg synes tang er ekkelt. Greit å jobbe litt med det. Med blikkstille sjø er det kanskje ikkje verdas største utfordring, men likevel.

  
Krokholmen! Namn og info om reservatet kan dei ikkje sette opp, men forbodet skal skiltast.... Krokholmen var staden for henrettingar i heile Sunnfjord på 1700-talet. Spoooky! Vi ser for oss at det ligg skjelett i haug og dungar rundt her.

Flatøya! No er vi begge litt ivrige på jakt etter reservatskilta! To av tre!

Varm i trøya og tøff i trynet. No vert det dropp frå berga. Nina med 20 i stil. Dette såg jo enkelt ut..

Og det var det jo! Bildet er litt uskarpt fordi eg som kjent er ein racer til å kaste meg uti..

Siste skiltet på Prestøya.

3 timar og 3 naturreservat. Fire ilandstigningar og to dropp på kvar. Ca 12 km. Kjempetur!
Det einaste vi ikkje såg noko til var dei freda sjøfuglane...Hadde det ikkje vore for eit par måsar og ein tjeld på Krokholmen hadde vi vorte litt snurte.

No er det slutt på sommarkveldane. Vi sneik oss langs land tilbake til basen. Gira på å padle meir utover hausten. Vi må ha lys! Det går fint å padle i mørket, men det er ein fordel at båtane ser oss.

Og dersom vi hadde sjekka litt betre på førehand kunne vi teke med Kvannholmen og landa det 4. reservatet. 

Skoddekameratane

Vi trossa ferie og gråvær og tok måndagstrimturen til Toreheia 2. august. Praten gjekk lett som vanleg. Med ein passeleg porsjon syting og klaging, som kanskje aller helst er godt meint..?

Eg kan ikkje hugse at vi har gått fjelltrimturar i shorts i år. Kanskje Turbodamene må skifte namn? Skoddekameratane passar betre. Vi har blitt tøffare å gå i gråveret, og finn jo greit fram. I alle fall når vi vert einige om kva sti vi skal velje. Det brukar jo å ta si tid. Det står som regel akkurat nok merke til at vi er sikre på vegen. Vi skuldar vel Gustaven ein takk der.

Toreheia!

Og når vi først har komme oss ut så er jo alle einige om at det har sin sjarm å gå i skodda og. Det vert eit anna landskap, og trolsk stemning ved vatna.

Humøret er det ikkje noko å seie på!

Med møter, besøk og ferieplanar framover vert dette kanskje siste måndagsturen min i år. Jøye meg så fort sesongen går. Vi har fortjent nokre skikkelege fine helger på tampen no!

søndag 1. august 2010

Kameratredning

Fredag 30. juli tok Nina og eg ei treningsøkt på Øyra. Vi har snakka om langtur og ville ha ei økt med redning i forkant. Motivasjonen var kanskje ikkje den sterkaste, men når vi kom i gang så steig humøret.

Vi gjekk gjennom kameratredning i to variantar (X og stige) og cowboyinngang. Det var ikkje så veldig krevjande forhold, så vi var einige om å ta oss ei tilsvarande økt i meir sjø seinare. Redningane gjekk bra, og det var greitt å ha seg ei kontrollert gjennomkøring. Nina tok meg litt på stilen på Cowboyinngangen. Men det kan eg leve med inntil vidare.

Vi prøvde klubben sine Aquanaut LV (plast) denne kvelden, og når vi først var på sjøen runda vi av med ein tur rundt Prestøya til slutt. For ein leiken og kjekk kayakk, meinte Nina. Eg var ikkje heilt einig, ikkje min favoritt så langt.

Fornøgde damer etter ei bra trimøkt. Begynner jammen å verte skymt om kveldane allereie.

torsdag 22. juli 2010

Værlandet

Tirsdag 20. juli. Ut på tur - aldri sur. Vi har då regnklede. Og ferie.

Høgkletten 163 m.o.h.

 Gjekk på konglomorat i dag og. Hege trur vel snart at det ikkje finst noko anna her.

Normalt kan 360 graders utsikt nytast på toppen. I dag vart det berre eple...

Men vi veit kor vi har vore - her er ruta!

På Værlandet ligg det eit stort naturreservat, Sørværet, og heile øya er meir eller mindre kystlynghei. På den gråaste av gråe dagar traff vi blomstringa til purpurlyngen, som eksplosive fargeklattar i landskapet.

Purpurlung (Erika Cinerea)

Klokkelyng (Erika tetralix)

Fyring og støveltørk....

onsdag 21. juli 2010

Hengenipene!

Møtte Hege i trappa 08.00 måndagsmorgon 19. juli. "Familierådet" gjekk fort føre seg i nest øvste trinnet. - Vi går vel berre å legg oss igjen? - Jepp. Skodda låg heilt nedpå fjorden og det silregna.

Etter ein kvalitetsfrukost og litt shopping i Askvoll var vi klar for tur. Som dagane før letta det frå lunsjtider. Vi sette kursen mot Førdefjorden og nye fjelltrimpoeng.

Fossedalshengenipa er veldig annleis enn Toreheia. Eg ville vise fram og Hege ville sjå.

Vi strenar opp "verdas største svaberg"!

Konglomorat

Konglomoratfjell er artig! Knudrar, fargar og fasongar. Fast fjell av småstein. Ikkje ein sprekk nokon plass. Godt å gå på er det og. Nokre sauar, litt puls og brått er vi oppe. 30 nye poeng vert innkassert. Utruleg fnt område dette, med formasjonar, vatn, dalar og fjordar i mange variantar.

På Fossedalshengenipa med utsikt mot Markahengenipa (t.v. for skulder).

Kjapp lunsj, slik at vi akkurat ikkje fekk naglebet. Juli? Trur vergudane må sjekke kalenderen sin gitt. Men fint og opphald, klagar ikkje på det. Neste hengenipe stod for tur. Ned berget, krysse myra og utover dei slake berga mot neste topp. Lett å gå. Kjekt å vere på tur. Verdensproblema vert små, og vi har stort sett løysingar på det meste.  

Soldogg (Drosera intermedia?) Kul kjøttetar.

Der var vi...Frå Markahengenipa mot Fossedalshengenipa.

Fjell er ofte finare frå nabofjellet enn frå toppen. Motivasjonen for å gå på to toppar? Her var det jo ikkje bok eingong. Kunsten er å spare på kaffi og sjokolade slik at det er litt å hente på kvar topp..

Kniv er lurt på tur - kjem alltid til nytte. 2 damer - to toppar - ein Stratos.

Markahengenipa frå vatnet. Fin topp dette og.

Dagens rute: 11 km, to toppar (713 og 605 m.o.h) og faktisk alle hengenipene i Askvoll besteget på ein dag.