Litt nytt: start på Ringstad - og første kveld i høgste grad i sivilisasjonen.
Teltleir på plena ved sjøhuset. Kristin sin fantastiske kvalbiff provance til middag.
Det var ein perfekt miks av gjenkjenneleg og nytt. Denne gongen skjønte eg litt meir av "informasjonsystemet" og vi traff faktisk kjentfolk både her og der. Utruleg hyggeleg! Samstundes var det nye folk, nye fjell og sommarver til terningkast 6.
På sjøen! Her er bølingen sleppt laus på ramble. Eller tur, som vi kallar det lenger sør.
Heime padlar eg stort sett i små grupper, maks 4-5 personar. Eg vert difor utruleg fasinert av å vere del av ein heil bøling på tur. Vi padla faktisk forbi her i 2011 og. Då niregna det, og skodda hang heilt i sjøen, så eg har ikkje SETT noko akkurat her før.
Bøling i fin natur
Kva er dette? Eg trudde vi skulle snirkle berg, men det var meir som ei felle. Eller fotosluse, der "Bladet Vesterålen" hadde rigga seg til med fotograf og padlekonsulent.
Fine folk!
Det er vel ein sokalla "vinn vinn" når dei lokale fotograferar turistane og turistane fotograferer dei lokale og alle partar er nøgd med attraksjonen og opplevinga.. Link til bildeserie frå ASKR i Bladet Vesterålen
Framleis bøling, framleis fin natur. Padlar i T-skjorte. Herleg!
Kristin i flett ny kajakk! "Pippi" er lang og smekker (Skim differ).
Lofotveggen og padlerar. Timesvis padling med slik utsikt er greit på ein feriedag. Heilt greit.
Litløy fyr heilt sør og ytterst i Vesterålen.
Her bur det ei dame, og ho har vore med på "Der ingen skulle tru...." Skulle nesten tru eg la opp turane etter Oddgeir Bruaset, men det er altså heilt tilfeldig, at vi stadig er på plassar han har vore før oss..
Kunstpause. Det er hardt å vere på ramble i solsteiken.
I 2011 var eg utslitt, våt og kald på tilsvarande tidspunkt. Det var betydeleg lettare å henge med no, sikkert fordi EG er i betre form. Det var og merkbart andre typar kajakkar. I 2011 var det berre Nina og eg med skeg. No var det mykje meir all-round kajakkar, og ikkje ein Epic havracer å sjå nokon stad.
Landing på Gaukværøy!
Her er det fantastisk fint! Sist gong overnatta vi her, no er det berre lunsj.
(Ein av personane i boka Skogsmatrosen heiter Gaukværøy etter denne øya)
Vi heiv oss i badinga tvert! Grei temperatur.
Gaukværøy. Knallfint!
Det låg eit par i telt her som tydeleg var ute på romantisk tur. Dei fekk nok ei overrasking då heile bølingen landa på same stranda..
Gjengen på veg vidare til Åsand (Foto: Kristin)
Eksponert og litt guffent strekk det her. Folka forsvinn nesten heilt ned i neste bølgedal...
Ny lekker strand - Åsand
Meir bading! Det var fleire grader kaldare her enn på Gaukværøya, men likevel ser folk uforskamma blide ut.
Camping og middag går leikande lett slike sommardagar, sjølv om vi hadde padla 37 km.
Livsnytar Jarle. Grillmarinert kvalkjøt a la Kristin
Kristin og meg i fornøgd restitusjon etter middag. Humørspreiaren Randi Skaug.
ASKR har nokre hovudingrediensar: Padling, bål og sand.
Leirbål
Midnattsol over "Nykan"
Skodde neste morgon, og vi gjorde oss klare for neste etappe.
Frå Kristin sin "Endomondo" - første dag på long ramble, 37 km.





























































