Viser innlegg med etiketten Trine. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Trine. Vis alle innlegg

søndag 3. april 2011

"Jeg velger meg april"..

...fordi det er vår og livet kjem att i både folk og natur! Kva er ein betre start på våren enn besøk og tur(ist)-helg i Ålebyen?
Kveldstur på Aksla

Ålebyen!

Frisk og godt på Alnes fyr - ein halvtime etter ein urban kaffikopp på Invit..

Jeg velger meg april,

fordi den stormer, feier,

fordi den smiler, smelter,

fordi den evner eier,

fordi den krefter velter,-

i den blir somren til!
Bølgjer er fasinerande. Dramatiske rullande krefter sjølv på ein stille dag.

Alnes fyr

Og så kom våren. Sol og varme på søndag på Tueneset. Langsomdag. Luksus.

Er Ålesund ein by eller ei stor bygd? Etter ei helg med både byliv og turar er det ikkje lett å seie... Kjekt å vere turist og vertskap på ein gong. Så då står det att å takke for besøket og ei veldig bra helg!

Sitatet er frå diktet "Jeg velger meg april" av Bjørnstjerne Bjørnson som er eit av favorittdikta mine. Første vers:

I den det gamle faller,
i den det ny får feste;
det volder litt rabalder,-
dog fred er ei det beste,
men at man noe vil.