onsdag 22. mai 2019

Maiheng og vårskitur - Eidskyrkja (1482 moh)

17.-18 mai Synnøve og eg har slitt med å finne felles tid til turing ei stund. Vi satsar difor på kvalitet framfor kvantitet for tida! Nasjonaldagen kan feirast på så mange vis. Vi valgte tradisjonell formiddag, men med turplanar utover ettermiddagen. Betre sommarver enn denne helga skal ein leiter etter - temperaturar på 20- talet, sol og vindstille. Alternative turmål var mange, men vi landa til slutt på Grøndalen og Eidskyrkja i Volda.

Grøndalen i all si prakt

Flott setervoll, perfekt plassert for å få mest mogleg kveldssol. 
Litt artig at dette er Kristin sitt ferieparadis frå barndommen! 

Bak der ruvar Eidskyrkja/Kyrkjefjellet. I morgon, i morgon...

Hipp, hipp! 

Det var framleis 17. mai, så vi la inn ei lita feiring i varmen.

Det er sjeldan eg knotar så mykje med å få på plass køya, men etterkvart vart det ei slags ordning på det. 

Desse lyse lange vårnettene er heilt fantastiske! Når det i tillegg er 20 grader og ikkje ein knott i sikte - perfekt!

Nesten fullmåne

Neste dag vart det lang frukost og kaffidrikking. Det var ikkje heilt lett å vite korleis ein skulle kle seg, det var nesten FOR varmt og trykkande. Vi kom oss avgarde i 11-tida, fann stien ved setra og la i veg oppover. Sti, bjørkeskog, sildrande vårbekkar i og ved stien. Skummelt lite fuglesong. Vi var spente på kor langt vi måtte bære skia.  

Fint på fjellet - klassisk vårskitur! 
   
Synnøve i skaret mellom vatna. Markante Storetinden 1408 moh (Gjuratindane) bakerst 

Jegaren utan våpen og rypa utan frykt.

Då vi tok på oss skia var det ganske bratt og det kom ei regnbyge. Humøret sank. Det er i grunn litt meiningslaust å gå på vårskitur i regn. Vi snakka om å snu, men sidan temperaturen var grei, så gav vi det eit lite forsøk til. Og det angra vi ikkje på! Det letta. Verda gjekk frå grå og konturlaus til blåblå og krittkvit, med dei kontrastane som gjer vårskiturane til eit eventyr!

I motbakkane er det berre å finne si gangfart og kjempe mot sine indre demonar. Opp kjem ein, sjølv om det kjennes seigt og sakte ut. 

På platået mot toppen

Snøørken!

I horisonten skimta vi kjente vakre fjell, Jakta stikk seg godt ut frå denne vinkelen.

Inn i evigheita

 Kjekt å sjå varden etter vel 1000 høgdemeter og dei siste slake motbakkane til toppen

Toppen!!

Humøret på plass. Dette er verkeleg eit digert platå. Rundskuet er på absolutt 360 grader og knallfint med fantastiske fjell på absolutt alle kantar.  
Eidskyrkja er høgaste fjellet i Volda kommune, og fjell nr 58 i Norge etter primærfaktor.  

Mot Ålfotbreen, hyllefjella og Gjegna i Nordfjord


Sunnmøre med Jakta og Slogen

Vi feira med flagg i dag og! Hipp, hipp!

Då var det berre nedturen att. Snøen var varm og solpåverka, så det var trått føre, og tung styresnø. 

Roar i fin stil nedover fjellsida

Synnøve med Sunndalsnipa bak. Førstedame og sporleggar både opp og ned. 

Denne bakken er utfordringa, men det gjekk greit både opp og ned. Vi gjekk i store sikksakkar mellom hamrane. Eg målte helling på ca 30 grader der vi gjekk eit par plassar. 

 
Ned i varmen og lukt av vår i lyng og gras. Ein flott tur! 

Vi kom ned til bilen etter 5,5 timar. Då hadde vi ikkje stressa,  hatt fleire korte pausar og av og på med klede og to nistepausar undervegs.  

6 km  og vel 1000 høgdemeter ein veg

Takk for turen! 
Vel heime var det ei rekke utfordringar som måtte løysast. For min del var det heilt konkret: flatt dekk. Heldigvis fekk eg god hjelp til dekkskift. 

1 kommentar:

  1. Flatt dekk du! Den er kjekk når du er sliten og klar for dusj og sofa....

    SvarSlett