onsdag 6. september 2017

T-skjortepadling til Grasøyane fyr

3.09 Målet var Grasøyane fyr og sommarkjensla var påtrengande. Sommar på ein søndag i september er ikkje feil. Som vestlending tek eg i mot sommaren uansett kva dag eller månad den vel å komme på. Fyrpadling i eksponert farvatn er ikkje noko eg tek lett på. Denne dagen var eg med røynde padlarar, det var vindstille og varmt både i luft og sjø. Så då drista vi oss ut i berre trøya. FOR EIN DAG DET VART!

A perfect day for exposed kayaking to Grasøyane (The grass islands) and the lighthouse there. Along the way we met grey seals and sea eagels. A goat buck and a couple of rams guarded the lighthouse. 

Endeleg 100% sommardag! Det er eit godt teikn når glisa går heilt rundt allereie før start.
 
Mildrid med stø kurs

Målet i horisonten - Grasøyane fyr

Grasøyane fyrstasjon vart oppretta i 1886, og den opprinnelige fyrbygningen i tre hadde fyrtårn i hjørnet. Det 16 m høge støpejarnstårnet frå 1950 vart sett opp etter at tretårnet vart skadd i flyangrep i 1945. Dette er det siste støpejarnstårnet som vart bygd i Norge. (www.fyr.no

Runde

Vi kikka innom selkolonien, og der var det folk heime

Sluggert som solar seg, Erkna fyr stikk såvidt opp bak ryggen på han og grasøyane fyr til venstre

Odin snik seg innpå...

Ung, nyfiken og skvetten havert

I Norge finst havert (gråsel) frå Rogaland til Finnmark, vanlegvis på dei ytste og mest verharde holmar og skjer. Haverten har hesteliknande hovud, lang snute og lever i flokk. Han et fisk, særleg steinbit, torsk, sei og hyse og er hovedvert for parasitten torskekveis. Han spesialiserar seg lett på å hente mat i garn, line og merder og kan skape problem for fiskarar og fiskeoppdrett. Meir om havert på Havforskningsinstituttet sine sider.   

I dag angreip vi Grasøyane frå yttersida. 

Første gongen eg padlar rundt på denne sida. I fredningsvedtaket står det at dette fyret har "miljøskapande verdi med markert siluettverknad saman med landskapet omkring."
Eg trur eg skjønar kva dei meiner med det. 

Grei landing på austsida av øya

Dei hadde nok både utsikt og innsikt i fyrmeisterheimane
 
Ullpledd frå gamle dagar

Dagens fyrvaktar var heldigvis vennlegsinna og hadde med seg to vêrar som assistentar. Dei låg og sløva i skuggen då vi kom. 

Fyrturistane kosar seg på gesimsen ute. 16 meter over bakken. Dei om det. 

Den gamle fyr-infrastrukteren på øya ligg fint i terrenget, flotte linjer. 



På gjensyn Grasøyane!

Spennande å sjå seg om. Deileg med lang lunsj og god prat i solveggen. Vi er heldige. Slike dagar kunne ha vart evig. Det er likevel noko med at verda kallar og vi måtte sette kursen mot land. 
 
T-skjortepadling altså!!! Tam-ti-tei og gliset går framleis heilt rundt. 

Innseglinga til Ålesund inn Breisundet. 
Sukkertoppen tydeleg i midten, Godøya til høgre og Eltrane på Sula til venstre. 

Gjennom Flørauden på heimveg. Her var det og skikkeleg fint. 
Her må det utforskast meir ved neste høve!

Surrealistisk tilbakeblikk då vi nærma oss moloen på Flø. 

Takk for turen!


 ca 16 km padling

NB: Ta høgde for at det som oftast IKKJE er slike forhold i farvatnet her ute om du planlegg padling her. 

4 kommentarer:

  1. Da har jeg notert den på ønskelista for den dagen jeg en gang kommer den veien på padleferie. :) Herlig tur dere har hatt. :)

    SvarSlett
  2. Kjempefin tur, Lene! Og kjekt turfølgje! ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk det same! Vi satsar på at det vert fleire. 😊

      Slett