tirsdag 18. juli 2017

Skrova med Sygni og Marian

5.3.17 TILBAKEBLIKK Sygni var på besøk og då vi sette kurs mot Skrova på søndagen, ila Marian nedover frå Vesterålen. Alt låg tilrette for ein strålande dag, og sidan vi hadde vore ute ein vinterdag før var det meir enn rikeleg med klede i sekken.

Skrova - oljetank og Åsjordbruket i "sentrum". Lille-Molla bak.

Litt snø, men ikkje meir enn at vi lett fann stien oppover lyngen mot fjellet. Eg tenkte det var lurt å ta ein alternativ veg opp. Vegvalet viste seg å gje raskt fin utsikt, men også litt bekymring for fotfestet eit par stader. 

Skrova sentrum med fjella i Kabelvåg bak

Skrova fyr - vi er snart oppe det brattaste stykket.

Fin gjeng, litt ullikt blodsukker tidleg ein søndags morgon

Finaste utsikta - mot nordaust

Høgskrova - ein av mine Lofotfavorittar! 
Sola gjorde godt, men det var og iskald vins, så vi vart ikkje så lenge på toppen

Skrova sentrum - Henningsvær og Vågakallen bak til venstre

Teambilde for dagen! Foto: Sygni

Returen med sola og heile Vestfjorden midt i mot!

Det var fleire enn oss som var våryre, og under lunsjen kom det 6-7 ørner forbi og leika seg med termikken. 

Fiskarkona og Høgskrova bak der. 

Vi rakk akkurat ei ferje og dagen var framleis ung og lys. Kva gjer vi no? Svaret vart Henningsvær - og DET angrar ein jo aldri på. I tillegg til kanelbolle og kaffi så er det flott å gå rundt i været på vinteren - og suge til seg stemning, sol og kystkultur. 

Henningsvær hamn, Lofotfiske

Fisk hadde dei fått!


Tidleg solnedgang og magisk gyldent lys. 

Sygni og eg tok med oss ein siste turistattraksjonen på veg heim - skulpturlandskap Nordland i Vågan. Til liks med Skrova og Henningsvær vert eg aldri lei denne.

Kjekt med besøk og turisthelg i Lofoten i mars! 

Linkar til: 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar