tirsdag 26. juli 2016

Svolværfjella; Fløya, Frosken, Djevelporten og Blåtinden

26.07 Ingen grunn til å gå over bekken etter vatn. Svolværfjella har mykje å by på, og kombinasjonen sol, sommar og vidaregåandegjengen ved Synne Lundes uteskule var fin. Gjestane ville på Djevelporten, sjå Svolværgeita og eg har lenge hatt ein draum om å gå heile ryggen.

Stille og varmt frå første skritt. Svolvær med Kongstindane og Småtindane bakerst

Sommarstemning i Svolvær

Det var fleire på tur oppover lia, og tendensar til kø. Den første kneika var bratt og støvete. 

Geita

Ser du Frosken?

Stien opp til Fløya går i ei li, og det er i grunn mykje same utsikta oppover. Det er difor ekstremt fint å komme opp på kanten å få fritt utsyn til Vestfjorden.

Litlmolla og Skrova. 

Ungdommane måtte bort på eggen for å sjå ned på geita, men der har eg vore høgderedd før. Eg vart derimot med på toppen av Fløya (590 moh), som krev to-tre klyvetak. 

Teambilde Fløya!

Frå toppen mot Svolvær, Kabelvåg og Vågakallen

Vi gjekk på god sti mot Djevelporten. Forrige gong var eg åleine og feiga ut. 

Runa durar på utan betenkningstid..

Marte tek Djevelporten på strak arm!

Eg let meg lure utpå eg og...

Vi gjekk vidare mot Frosken i første omgang, men med ei klar plan om å gå heile ryggen til Blåtinden

Panorama frå Frosken (Vi gjekk forbi like under toppen)
  
Tilbakeblikk Frosken og Fløya. Vi kom opp i høgre hjørnet, opp ura og langs ryggen mot venstre resten av turen

Det såg greit ut vidare, men stien forsvann. Litt ned og rundt vart det etterkvart.

Der det såg ut til å bli vanskeleg fann vi stien att. Det var lenger enn eg trudde bortover her, og småkronglete utan sti. 

Blåtinden (621 moh), teambilde!

Sommar i Lofoten!

Panorama frå rasten på Blåtinden. 

Herifrå gjekk det fin sti i bratt grassbakke ned mot Blåtindvatnet. 


Påfyll av vatn gjorde godt. Siste del var sjarmøretappe ned til Knutmarka på klopper og god sti. 

Idyll med bekk og vatn på rad og rekke nedover.

I Svolvær med utsikt til heile ryggen som vi gjekk denne dagen (frå høgre mot venstre, inkludert begge dei høgaste toppane).

Asfaltmarsj tilbake til bilen 

Grusomt å gå på asfalt gjennom Svolværgatene tilbake til bilen, og det var i alle fall lenger enn eg hadde trudd! 

Godt mot og god stemning! Kjekt med spreke sommargjestar som vart med på sightseeing i Svolværfjella. 

2 kommentarer:

  1. flott tur og flott dokumentert!

    SvarSlett
  2. Lekre turbilder.
    Jeg var oppe ved Djevelporten i fjor sommer. Det ble en litt strabasiøs tur. Regn, glatt og sleipt på nedturen, og jeg kom litt blodig ned til bilen igjen. :)

    SvarSlett