fredag 19. august 2016

Seinsommarkveld på Skipssanden i Stø

19.08 Turhelg! Rett frå opplegg med jobben med kurs for Vesterålen. Det vart ferja frå Fiskebøl oppover (ferjer er ei velsigning) og god tid til å skue mot Møysalen. Denne helga var det padling på programmet, og eg skulle møte Marian på Stø. Det vart litt seinare enn vi hadde tenkt, men det gjorde ikkje så mykje. Fredag er ein ofte sliten etter veka, og vi hadde lagt opp til kort kort padling og telting på Skipssanden. Det einaste vi skulle denne kvelden var å komme i posisjon.

Møysalen - dette var sommarens fjellhøgdepunkt, og bilde frå turen kjem etterkvart! 

Stø speglar seg i hamna

Det var ein lekker kveld å legge utpå

Det var fleire kjente i Stø denne kvelden. Stein-Evert var og i posisjon for morgondagen, men han hadde planar om å guide folk på Dronningruta. Vi la difor ut frå hamna med eigen fotograf strategisk plassert på moloen! (Sjekk @Stein_Evert på instagram for mykje flotte bilde!) 

Her er vi ferdig pakka og på tur ut (Foto: Stein Evert)

Fredag = gullrekka, og vi bytta glatt gullrekka mot gullhav. (Foto: Stein-Evert)

Vakkert I

Vakkert II

Skipssanden - base for helga

Magisk. Fantastisk. Oppleving. Store ord og ein minneverdig kveld. Padleetappa var på heile 1,8 km. Det er ikkje alltid lengda det kjem an på. Nokre kveldar får ein premien berre med å komme seg ut av døra. 

Spente på morgondagen, i ca 15 grader helling, med alle bjøllesauane i Vesterålen innenfor høyreradius tok vi etterkvart kveld. God natt!

3 kommentarer:

  1. Det var en herlig fredagskveld. Var ikke misunnelig der jeg sto på moloen og så dere dra avgårde, men skulle gjerne vært med. Turen langs Dronningruta var på alle måter vellykket, herlig tur. (blogginnlegg kommer snart). Veldig trivelig å møte dere søndag formiddag, med padling i lag med dere. Dere bidro til at helga ble aldeles fortreffelig. :) Blogginnlegg fra turen kommer!!

    SvarSlett
  2. Oh, what a perfect evening Lene - and what a superb camp site! :o)

    Kind Regards

    SvarSlett
  3. Flott kveld, fin oppladning. Synes i grunnen mest synd på sauene, de har jo den lyden tett ved ørene hele tiden, stakkars.

    SvarSlett