fredag 2. oktober 2015

Seinsommarkveld i Svolvær

26.08 To dagar med møte i Kabelvåg og ein HEIL KVELD i Svolvær har stort potensial. Sommaren tok sine siste krampetrekningar i nord desse dagane, og det var berre å nyte! Eg har ikkje gått på tur i området før, så det var ikkje noko tvil om planen for kvelden. Stien forbi Geita og Frosken opp til Fløya (590 moh) skulle testast.

Ved foten av Svolværgeita startar stien rett bak ein barnehage. Stien er godt merka oppover. Det startar bratt over storstein og sva gjennom bjørkeskogen.

Geita (325 moh) ruvar over startpunktet 

Det var alt for varmt å gå i bukse og tynn genser oppover, men det var det eg hadde. Kofferten let nemleg vente på seg. Det var over 20 grader og vindstille. Eg gjekk forbi Geita og vidare innover. Det var mykje folk ute, og praten gjekk på mange språk i bakkane. 
  
Frosken

Neste landemerke var Frosken. Lett å sjå kvar det namnet kjem i frå. Stien gjekk rett oppover mot Fløya, så eg bestemte meg for å fare innom Frosken på heimveg.   

Seinsommarkveld i Lofoten

Oppe på bandet bikka eg kanten og fekk luft, høgdekjensle og utsikt rett i fleisen. Øyene Stormolla, Litlmolla og Skrova, hav og fastlandskysten i disen bakerst. 

Litlmolla midt i mot

Korleis angripe dette? Eg bestemte meg for å gå bandet sørover og sjå ned på Geita først. Ryggen var grei, men heilt ute på kanten fekk eg litt skjelven, så akkurat DEN utsikta får vere til seinare. 

Ryggen sørover. Ganske luftig ytst ute der. 

Bokstaveleg talt downtown Svolvær

Tilbake mot Fløya (til høgre). Etterpå tok eg ryggen ned mot Frosken (til venstre).

Eg var rimeleg spent på om eg kom meg opp på Fløya. Litt klyving var det, men ikkje så luftig som frykta. Eg hadde fokus på HMS framom stil, og var rimeleg glad for at det ikkje var mykje folk som såg meg krabbe opp etter svaa mot toppen. 

Fløya!!! YEAH!! Eg kom meg opp!!!

Panorama frå toppen

 
Mot Raftsundet og Øksfjorden 

Fjellheimen nordover på Austvågøya 

Solnedgang-ish vestover. Magisk lys. 

Stien var ei rundløype og eg gjekk ned ein ny rygg. Lag på lag - Frosken lag to og midt på bildet

Eg runda ein knaus og såg rett ut i ingenting. Det vil seie, det var eit par karar som dreiv å oppdaterte profilbilda sine med vågestykke på "Djevelporten". Eg let meg imponere, og fekk tilbod om ei stødig hand om eg ville utpå. Det var eit godt tilbod, men eg let meg ikkje lokke. Eg hadde allereie kjent på høgdekjensla denne kvelden. 

Djevelporten

Det ser ut til å verte ein vane å slå følge med kjekke karar på heimveg. Praten gjekk om laust og fast, det var minst like bratt ned som opp og svetten rann. Vi spekulerte i tropenatt, noko drosjesjåføren stadfesta dagen etter.   

Seinsommarkveld i Svolvær 
- rett "heim" til Scandic Svolvær etter ein fantastisk runde på fjellet. 

Gjekk frå hotellet ca 17.30 - kom tilbake 21.45. Då med gode pausar til å ta bilde og oie meg over den fine utsikta.

3 kommentarer:

  1. Vilka vyer! Inte minst på Downtown Svolvaer... :-)

    SvarSlett
  2. Artig å sjå bilder frå eit området det er fryktelig lenge sidan eg har vore i. Men eg våga meg ikkje utpå Djevelporten den gong eg heller...

    SvarSlett