mandag 28. april 2014

Camping og vårskitur på fylkesgrensa

25.05-26.04 Sommarver og Therese freista med camping og vårskitur. Har eg tid? Eg har i alle fall lyst på tur! Nye snirklevegar og ukjente dalar. I Grøndalen, presist på fylkesgrensa og nær vegen fann vi ein flott teltplass!

Camp i lyngen, bål i snøen! Eidskyrkja (1482 moh) i bakgrunnen. 

Camping her var eigentleg posisjonering til å gå på Sunndalsnipa. Der såg det ut til å vere så lite snø, så skifokus vart flytta til Eidskyrkja. Først vårstemning og bålkos!

Skikkeleg bålmiddag

Blåtime vart det. Salige til sinns og ro i sjela. Fuglekvitter og elvabrus. Gjer godt med slike kveldar ute. 

Morgonstund med lite gull i munn

Therese vart dårleg i løpet av natta, og vi var igrunn i ferd med å avlyse skitur og pakke saman for dagen. Sporty jenter gjev ikkje opp så lett, så litt forsinka la vi i veg mot Austefjorden og Skinnviksætra. 

Beste fylkesgrensa! 
Trivselsfylket til venstre og eksportfylket til høgre. Med ein fot i begge er ein godt rusta! 

Skinnviksætra (parkering på 340 moh).

Mot Eidskyrkjemassivet frå sætra. Litle-Eidskyrkja (1243 moh) til høgre. Vi skulle opp skaret til venstre. 

Klassisk vårskiturstart. Ski på ryggen, randosko dinglande bak til stor irritasjon. - Neste gong skal eg jammen feste dei betre! Vi brukte ca 45 minutt opp til snøen.

Endeleg på med skia! 
Monika og Sigrid var nye turbekjente for meg - trivelege jenter og god stemning frå starten!

Her tek vi bakke for bakke. Kneik nr 1.

Kneik nr 2. Austefjorden forsvann under oss, og utsikta til Sunnmørsfjella vart betre og betre. Avstanden til det fordømte skaret var framleis stor. 

Vår og skavlane går. 
Greit i kikke opp av og til og posisjonere seg slik at ein ikkje får det i hovudet.

I skaret, som og faktisk er isbre, var det bratt, skugge og knallhardt. Skuggen laga eit eller anna optisk bedrag, så eg fekk ikkje med meg kor mykje oppoverbakke det eigentleg var. Eg vart difor psyka ut i trua på at all kondis brått hadde fordufta. Bratt og hardt er ikkje det artigaste eg veit, og det trur eg vi var fleire om. Sporty jenter gjev framleis ikkje opp så lett, så vi kom oss opp etterkvart.

Halo! Vi tok det som eit godt teikn, og velkommen opp!

Lunsj! (og dogg på kameraet...). Toppen av skaret, og berre sjarmøretappe vidare.

Her var det godt å sitte litt. Maten smakar ekstra godt med gransking av ny alpetopp til kvar bit. Det er dessutan heilt greit å sjå nye folk slite seg opp dei same bakkane som du sjølv nett er ferdig med. 

Vassdalstind (1277 moh) er kanskje den finaste i Ørsta!

Saudehornet er og ein klassikar.

Sjarmøretappe innover flate vidder. Her gler eg meg til å stå på ski ned!

Spenninga stig. Rett bak horisonten der bør det vere ein varde! Kva fjell dukkar opp på ANDRE sida no?

YEAH! Der er varden! Dryge 1100 høgdemeter er i boks!

Teambilde! Snopestopp og soling. Utsikt overalt. 

Eidskyrkja er høgaste fjellet i Volda kommune. FOR ei utsikt. Jostedalsbreen i søraust, Sunnmørsalpar i fleng i nord så langt auga rekk. Det var berre å plukke ut den eine klassikaren etter den andre. Voldsfjorden ut i vest og flott utsikt til hyllefjella i Bremanger og Ålfotbreen i sørvest.

Sigrid køyrer stil på alle toppar over 1000 moh! Nordfjordingane kom med Norgesglas. Innhaldet såg litt grugge ut, men vi vart forsikra om at det var rein iste. 

Dei karane som hadde gått opp med minimalistisk sekk på rekordtid (i alle fall litt kjappare enn oss) vrei seg av misunning når Sigrid poppa toppøla. Det handlar om prioritering. Vi har tid, og køyrer turkvalitet!

Jakta spelar hovedrolla frå denne vinkelen, med Smørskredtindane til høgre og Slogen til venstre.

Den sintaste av alle, og vi såg mange lemen i løpet av dagen. Dead and alive, for å seie det slik.. 

Skarsteinfjellet ved Innvik i midten og Jostedalsbreen bak. Det var ikkje lett å ta ut landemerka på breen og brefalla på denne avstanden, men vi gjorde eit forsøk.

Storetinden til venstre og Skårasalen bakerst.

Monika i farta! Fin stil i bakkane! Sunndalsnipa stikk fram som svart vegg bak der.

Breen med den eine sprekka. Vel nede att. Sola hadde teke akkurat nok til at det var superbra føre ned att. 
Det var skikkeleg artig å køyre. Det vert betre og betre det her skilivet. Sigrid som og er fersk i faget køyrde som berre det i bratta. Imponerande! (På veg opp var vi begge skjønt einige om å vandre på skoa ned att...)

Siste bakken var tung slush, og eg var rimeleg sur i låra då eg kom ned til skoa. Sjarmøretappe med ski på ryggen og randosko dinglande bak ned til sætra. NESTE gong SKAL eg feste dei skikkeleg altså. 

NEDE!

Tvillingane!?

Alle var nøgd med ein fantastisk vårskitur. Dette er eit fjell eg skal tilbake til kjenner eg. Kan anbefale turen og utsikta! Hugs bompengar til vegen opp på sætra og ver nøye med sporvalg på breen! Faktor 50 var og greit denne dagen. 

Takk for turen! 

5 kommentarer:

  1. Flott tur, flotte bilder og flott halo! Du får drasse meg med opp hit når kneet vert bra trur eg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. jepp jepp - neste år er du med! Då skal eg ha kondis til å ta med speglrefleksen... ;)

      Slett
  2. Fest skoene til bindingen.

    SvarSlett
  3. Det halo bildet var ekstremt flott. Likte også uttrykket toppøl ;ø)

    SvarSlett