tirsdag 31. desember 2013

Godt år!

Ein smugkikk på nyttårsløfta frå i fjor var kjekt! Eg har fått gjort så mykje av det eg hadde lyst til! Det vart kanskje ikkje akkurat dei fjelltoppane, men jammen vart det eit par andre bra (Trænstaven, Lauparen og Hornindalsrokken). Full runde i friluftsrådet si Telltur-ordning hadde eg jo ikkje drøymt om. Fleire fisketurar, litt meir bålkaffi, jauda, her er rom for forbetringar, men i det store og heile. Romjula i fjor hadde eg skikkeleg trua på turåret 2013. 2013 innfridde over all forventning.

 Skarset. No , nyttårsaften 2013. Karianne og pappa i full konsentrasjon med 1000 meter nonell skyteledning...

Godt år! Entreprenørens nyttårshelsing er i boks! No er det likør og quiz før raketter ved midtnatt..

For 2014 er eg meir spent. Er det mogleg å toppe 2013? Kjem det ein nedtur no? Må eg begynne å gjere slike skikkelege vaksne ting som å pusse opp, vaske bil regelmessig og kjøpe gardiner?

Nytt år - nye moglegheiter! Grip dagen! Carpe diem! Eg har tenkt å gjere eit hederleg forsøk på å nyte livet - også i 2014. Ikkje på bekostning av andre, men gjerne saman med andre.

Strofene til Erik Bye har vore brukt i mange samanhengar, fleire triste og tragiske. Her og no får dei eit positivt forteikn. Desse linjene kan (og skal) plukkast fram i den daglege morgonsamtalen framom badespegelen:
Denne dag kan bli vår beste dag! 
Fjorden vår er like ny og blå og blank,  
Blikket ditt er fritt og ryggen like rank, 
Mangt skal vi møte – og mangt skal vi mestre  
Dagen i dag – den kan bli vår beste dag.


Heldigvis startar ein etterkvart ikkje med heilt blanke ark. Boden er full av utstyr som er like godt som nytt, bokhylla er full av inspirasjon til nye sprell og boksen med turkart inneheld mykje upløgd mark som ikkje har gått ut på dato.

Sunnmøre på stovegolvet

Mål for 2014 (eller ønskeliste...)

- Gjere eit seriøst forsøk på å verte betre på ski (nedover)
- Lære minst to nye ruller - og bli stø på "vrangsida"
- Skiturar med telting
- Runde i Fjelltrimmen i Askvoll
- Fjelltrimmen i Sykkylven
- Jenteturhelger med Askvolldamene og Ås-gjengen
- Lang padletur med minst 4 overnattingar
- Følge opp prosjekt Skarvatnet med Karianne, pappa og Arild
- Toppturar til nokre nye eksotiske Sunnmørsalpar til fots
- Padleturar med telting og til nokre nye fyr
- ASKR
- så mange "kvardagsturhøgdepunkt" som mogleg i Giske - Godøya, Alnes, Blimsanden, Signalen..

Det er mange gode venner som eg håpar å "ture" med i løpet av året - ingen nemnt, ingen gløymt.

Godt år!

8 kommentarer:

  1. Godt nytt år Lene, det har vært veldig kjekt og inspirerende å følge bloggen din i året som gikk! Det gir motivasjon til å tørre litt mer og flytte egne grenser, takk skal du ha.

    Helge

    SvarSlett
    Svar
    1. Så hyggeleg å høyre! Det er ikkje berre ungdommane som treng utfordringane og mestringskjensla, den gjer godt hos oss "vaksne" og :) Håpar det vert ein padletur eller to i løpet av året! :) Lykke til med dine 2014 - prosjekt.

      Slett
  2. Eg sitter att og husker nokre av tuane dine eg har lest ;)) vært nokre flotte turer også! Både til fots, padling og overnatting. Ser du vil prøve deg på Fjelltrimmen her (Sykkylven). Håper eg treff på deg på en av turane dine da, eg er med kvart år :)) Godt nyttår Lene, måtte dette ået bli like flott og mulig enda bedre enn ifjor :))

    SvarSlett
    Svar
    1. Har blitt inspirert av Trude og av bloggen din - så no må vi prøve oss i Sykkylven. Kan prøve å gje beskjed når vi går på tur der, og det er godt mogleg vi treng ein guide eller tips her og der :) Godt år til deg og dine! Spent på kor lenge Lillemann får transport til kremen av Sunnmørsalpar, imponert av bæraren først og fremst :)

      Slett
  3. Har ein "våt" draum om å padle til ein heilt spesiell plass, som krev god planlegging og solid mannskap. Du passar perfekt inn i den planen :) Kanskje 2014 skal bli året denne blir realisert?

    Er ellers klar til å bli med på det meste!

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette høyres spennande ut. No vart eg ikkje lite nyfiken her.. Lovar godt for året!

      Slett
  4. Hvorfor trakker du på dreieskiven til Sula turlag?

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt poeng - det er kanskje ikkje så lurt nei. Vi let oss vel rive med i augneblinken og tankeløysa - takk for god påminning om skikk og bruk. Den tek eg med meg vidare.

      Slett