mandag 23. desember 2013

Julehelsing til fjern og nær

Sunnmørshausten har vore ruskete og tursesongen tok ein brå slutt. Nokre turar til Alnes berre for å sjå og kjenne på veret har det blitt. 

Alnes - 20 m/s og ca 4 m bølgjer.

Då er det triveleg å mimre over mange flotte turar. Eg kjenner meg heldig som kan - og som får det til. Jula er tida for å roe ned, tenke attover og sjå fram. Nokre dagar med jul i eige hus gjorde godt før resten av jula vert feira heime på Skarset med familien.

Vi levde med hua i handa men hadde så sterk ei tru.
Og ett har vi visserlig sanna: Vi e hardhausa vi, som du.
Nå har vi den hardaste ria, vi slit med å karre oss frem
mot lyset og sommarstida, då hjelpe ein god varm klem...
(Noko fritt etter Nordnorsk julesalme, Trygve Hoff)


Takk for fine turar og godt turfølgje! 
Det er også kjekt at mange kikkar innom bloggen og legg att kommentarar.

Ønsker alle ei riktig god og fredfylt jul !





3 kommentarer:

  1. Riktig god jul til deg og dine.
    Koselig å lese bloggen din.
    RulleRolf

    SvarSlett
  2. Ynskjer deg ei riktig god jul Lene. Alltid kjekt å følge bloggen din :-)

    SvarSlett
  3. Veldig kjekt at vi bloggarar kan inspirere kvarandre til å kome oss ut på tur! Fortsatt god jul, Lene! ;-)

    SvarSlett