fredag 6. juli 2012

På leit etter Munkholmen

Torsdag 05.07. Det var varmt, klamt (sokalla sommar) og eg var sliten. Eg hadde eigentleg ikkje lyst til å gjere noko som helst, men hadde ansvar for KYBIL-padlinga, som Trude og Sygni entusiastisk ville være med på. Som vanleg hadde eg sendt ut melding; ta med varme klede (inkludert lue) og varm drikke. -I dag har eg ikkje med termos altså, men ein Munkholm! seier Trude med eit lurt glis då ho kjem.

Blimsanden!

Dei andre på Blimsanden for rundt i bikini. Eg tok ingen sjansar, og det vart ull og tørrdrakt. Solfaktor 100. Capri-stilongs, rett nok.   

Hestejenter

Ungar, bading, hestar. Mykje folk på stranda, men vi var dei einaste med kajakk. Etter litt oppvarming prøvde eg å rulle. Det satt ikkje i det heile tatt. Gjekk ikkje på fleire forsøk. Sjølvtilliten gjekk då rett i kjellaren på rullinga, men vi fekk no øvd på diverse andre redningar.  

Vi padla mot sola, mot vest, mot havet og horisonten. Humøret var stigande. Litt leik ved ein stake. Veldig fine nybegynnarforhold med dønningar nesten utan kraft. Eg foreslo Shetland, men vart nedstemt. Så då starta vi leitinga etter "Munkholmen".

Neimenn! Er det ikkje Munkholmen som ligg her?

Jepp. DETTE er Munkholmen.

Definisjonen på flatt hav: Når PSSHHHT-lyden i samband med opning av til dømes ein Munkholmboks totalt overdøver "brenningen" på utsida av dei ytterste skjæra utanfor Vigra...DÅ er det flatt hav altså!

Trude

Sygni hadde til alt overmål med sjokoladekake, så på Munkholmen var det godt å vere - lenge!

Klassisk!

Kvalitetssommarkveld

Bølgjene skvulpar, praten går, og etterkvart skjer det som ofte skjer om kvelden. Sola går ned. Like vakkert og like fasinerande nytt kvar gong.  

Gullhav

Eg i Nukaen. Munkholmen rett til høgre bak meg.

Inne ved Blimsanden testa vi rulla på nytt. Første gangen måtte eg ut av kajakken. "Blubb-blubb-blubb". Det var jo som svarte. Litt aggresjon byggjer seg opp. Så neste gong fekk eg det til, og så eit par gonger til. Kanonkjekt. Øving gjer meister. 6 km tur, men for ein tur. Kanskje ein av dei beste? Vi toppa det heile med å fylle bilen med sand og vått utstyr og for heim.   

Sygni sin facebookstatus sånn rett etter midnatt oppsummerar det heile:

Hekj'e padla so longt- berre padla godt.   

1 kommentar: