Hareidlandet sør -sett frå Vartdal
Trude i fint driv mot toppen av Blåtinden. Det var og godt driv i skodda. Vi skulle hatt vottar.
"I øst reiser alpine topper seg fra fjorden og inn i himmelen". Så seier turboka.
Utsikta frå Grøthornet (595 moh), dagens nr 2. Haddalshornet (607 moh), dagens nr 3 til venstre.
Dagens beste utsikt frå Haddalshornet mot Herøy og Fosnavåg. Padleriket!
Friskt på Haddalshornet.
Det går fint an å ha både vind og skodde på same tur. Vi hadde bestemt oss for at det var triveleg på tur, og det var det. Det einaste som skurra litt var det der med juli og sommarferie.
Hareidlandet var skikkeleg fint, og vi skal nok på fleire turar utover her. I dag starta vi med kurs mot Molladalen (for mykje skodde), åt lunsj på Vartdalssetra medan vi forkasta Middagshornet (for mykje skodde), køyrde Eiksundsambandet (for første gong!) og landa på Blåtinden. Det var vi godt nøgde med! Mogleg at vi neste gong tek ferja direkte til Hareid når vi skal utover hit.
Kjempe fin blogg med veldig fine bilder. Blir jo inspirert til en fjelltur :)
SvarSlettLitt småpirk... Haddalshornet, ikke Heddalshornet :)
SvarSlettTakk for pirk! No skal det vere retta til Haddalshornet. :o)
SvarSlett