onsdag 1. september 2010

Eksklusive antioksidantar

Farmor og mamma hadde bestilt molte. Vi hadde med oss 3 stk 10-litersbøtter. Skuffelsen var difor stor når vi fekk vite at både molte og blåbær hadde frose under blomstringa, og det var ikkje noko å finne i heile Vesterbotten län.

Men på fjellet vassa i vi i krekling! Farmor er ikkje vanskeleg med kva ho puttar i den daglege "Smuttisen" sin, berre det har frisk smak og er proppfult med antioksidantar.

Karianne tok litt av. Vi plukkar i det vi har, var mottoet. Krekling større enn blåbær overalt! Så søstersen stod krøkete i dagesvis med bær i blikket..

Det er jo lekkert då!

Lukka er ei vidde med lyng og barndommens blå bærbøtte... (tjuvlånt frå kjellaren hos mor)

Etter eit par dagar i dei svenske skogane på jakt hoppa eg av. Eg var på bærkøyret. Det var berre å innrømme det. Eg har aldri sett eller smakt tyttebær på denne måten før. Kjempedigre, søte og overalt!

Det går jo ikkje an å berre la desse få stå?
 

Heile Dorothea kommune var fullt av tyttebær. Overalt!

På grunn av at vi skulle vere 4 personar med bagasje, fiskestenger og hagler i bilen heim var det kvote på bær. Maks 30 liter. Kanskje det var bra. Vi kunne ha plukka eit tonn med tyttebær.

Etterkvart som kvoten vart full så vart vi kreative. Myrene var fulle av tranebær. Det var litt tidleg, men dei første begynte å verte modne. Tranebær er ikkje vi vant med, sjølv om eg trur det finst på Vestlandet og. Etter ein heil førmiddag i myra hadde vi plukka ein liter tilsaman begge to. I tillegg hadde vi fått ei heilt ny forståing for prisen på tranebærprodukt...

Eksklusive antioksidantar
 

Vi spora opp den einaste blåbærlia i området. Griseflaks. Godt nøgd med utvalet denne dagen, tyttebær, blåbær og tranebær.

Marita og gutta sørga for å få frysaren full av fugl og vi tok ansvar for tilbehøret. Dei tok kule bilder av seg sjølv i alle slags positurar med hagle og vilt. Vi stod med rompa i veret med refleksvestane på, for ikkje å bli skotne kan du vite. Vert ikkje fotomodell av slikt.

Kjekke økter i dei svenske skogarna med bærbøtta.

Smaking påbudt, når bilkvota er plukka for lengst.
Tenker både mor og morfar hadde vore stolt over å sjå korleis bær-genene hadde gått i arv.

Karianne sytte dessutan for ein liten sensasjon i Vilhelmina. Massøsa spurte kva vi gjorde på om dagane. Vi plukka bær i går, svarte Karianne. -Hjortron då? spurte massøsa. -Jepp, svara søstra stolt! -Eg plukka 10 liter på eit blunk!! -VAD?? Så fantastisk, svarte massøsa vantru og imponert. Karianne tykte og det var imponerande og var nøgd med responsen.

Bortsett frå at tyttebær heiter lingon på svensk, og at det ikkje fantes ei molte i mils omkrets..Så gjett om dei lokale grubla på kvar vi hadde snubla over den einaste moltemyra med bær dette året...

1 kommentar:

  1. En gammel bærplukker må nesten tørke vekk en tåre i øyenkroken av slike bilder. Svenskebæra var topp kvalitet og befinner seg i fryseboks og matbu.
    Mamma

    SvarSlett