søndag 28. juli 2013

Hornindalsrokken (1529 moh)

Det er nokre fjell som ein berre har lyst å gå på. Eit av dei vi har sikla på lenge er Hornindalsrokken. Køyrer du gjennom Hornindal kan du ikkje unngå å legge merke til det stolte fjellet som står så støtt inne i dalen sin. Her har eg køyrt mange gonger, og ofte stoppa for å ta eit bilde eller to.

 Hornindalsrokken (frå Arkivet)

Vi for rett frå Runde til Hornindal, telta og om morgonen 20. juli var vi klar. Fjelltur! Ein fin måte å "toppe ferien" på. Skodda låg, men det var slik skodde som brånar i sola, og der toppane oftast går klar.

Hornindalssetra

Inn Sætredalen går ein på anleggsveg/god sti 3-4 km relativ flatt. Og relativt kjedeleg. Derretter går det berre ein veg - og det er OPP!

På tur inn i skoddeheimen! Med eigen pressefotograf.

Det skin opp.. WOW! Det er jo eit heilt landskap her inne!


 
Normalruta er bratt, men med forbausande god sti. Nikolai på 9 år leda an i brattene og for som ein vind oppover.  

Kjerringane kjem etter, sakte, men sikkert
  
Det skin stadig opp og vi får nokre flotte skue oppover bakkane.
  
Over ei "flate" med stor ur
  
Nina traskar avgarde.
Rokken er ikkje fult så stolt frå denne sida. Her skal vi rett ut av bildet til høgre og så gå ryggen frå høgre og opp mot toppen.

Siste kneika - vi ser toppen!
 Langt mindre bratt enn "normalruta" lenger nede, og veldig greie forhold i dag.
  
Spennande utsikt! Knappe 1000 meter rett ned i Tyssevatnet

Tyssevatnet. Issoleie. Skikkeleg fjell. Skikkeleg fjelltur.
  
Hurra!

Fornøgd, men med eit godt grep i varden.

Bitteliten FB-oppdatering på toppen? Nikolai rista litt på hovudet av toppiveren til kjerringane, og konstaterte tørt: -Ej e IKKJE slik so dåkke.

Mot Hjørundfjorden

Lunsj, lur og fin utsikt mot Kvitegga

Bestaste turkameratane! Det gråna til og vi la på heimveg.

Vegskilje i skaret ved Lidafjellet. Nina og eg tok same veg tilbake, normalruta ned Sætredalen til høgre. Therese og Nikolai tok Kjellstaddalen til venstre. Dei kunne melde om ein veldig fin tur ned, og kanskje litt slakare rute.

Omlag her går stien. Forbausande bra til å vere så bratt. Bratt på ein slik måte at det ikkje slo ut høgdeskrekken min. Trur kanskje det er lengste/brattasta mota eg har gått nokon gong?  

Bergfrue - Møre og Romsdal sin fylkesblomst.

Hornindalsrokken ligg på grensa mellom to fylke og tre kommunar; Ørsta, Stranda, Hornindal.
Frå Hornindalssetra brukte vi 4,5 time opp med fleire gode pausar, og 2,5 time nedatt.
Skikkeleg fin topptur - og ei fantastisk avslutning på ferien!

video
Liten utsiktssnutt frå toppen!

5 kommentarer:

  1. Flott blogg frå veldig flott tur :) Dog UTEN facebookoppdatering ;) Takk for at de inviterte, flott initiativ :)

    SvarSlett
  2. Dette så ut som en superfantastisk tur! :D Gleder meg til jeg blir like sprek! :D

    SvarSlett
  3. Det var to topper jeg tvilte på om du kom til å bestige, Slogen og Hornindalsrokken. Og nå har du vært på begge! Gratulerer! Fra Hornindalsbrua ser Rokken ut som ei nål, men så spiss var den altså ikke.

    SvarSlett
  4. Det ser ut som det har vore mykje turar på deg i det siste. Vi var også på Helgeland,nærmare bestemt Brønnøysund. Men det vart ikkje padling på meg der. Havskodda låg tjukk som graut. Heldigvis ein flott tur i går, her i Lofoten!

    Elles flotte bilete og artige forteljingar, Lene! ;-)

    SvarSlett
  5. Hjertesukk! For en tur dåkke har hatt! Den har stått på ønskelista en stund og det ble jo ikke noe mindre ønske nå:))

    Luftige og flotte bilder Lene!!:)) Freske jenter og tøff gutt:))

    SvarSlett