mandag 15. juli 2019

Dag 3 Stad - frå Haugsholmen fyr til Skongenes fyr

15. juli Stadlandet låg som ein kinesisk mur - ei skikkeleg barriere i sør. Vi såg såvidt ut i ope hav i vest. Det vart effektiv nedpakking og frukost på Storholmen. Vermeldinga såg bra ut, med 3-4 m/s vind gjennom dagen, og bølgevarsel på 0,5 meter ved Stad. Det er det minste vi har sett på lang tid. Usikkerheita var knytt til skodde, som var meldt eit par timar midt på dagen. Vi var ekstra spente denne dagen. Kvelden før hadde vi hatt ein liten alvorsprat om korleis vi skulle angripe etappa, og kva som skulle til for å endre planene. Tryggleiken først, og prinsippet om at dersom ein er sliten så er det stopp for heile gruppa, låg fast.

I posisjon - Stadlandet bak til høgre.

Vi toppa laget denne dagen og Øystein kom til avtalt tid. 

Då vi lufta planane våre om padling sørøver, kom det fram at Øystein og hadde ein våt draum om å padle forbi Stad. Tre er langt betre enn både ein og to personar på ei slik etappe, så det var verkeleg vinn-vinn på å samkøyre. Toppinga av laget gjekk i tillegg ut på at Gro og Astri venta på Skongenes fyr, som er DNT-hytte. Kanskje hadde dei middagen klar om vi lukkast med padlinga?  

Avreise Storholmen 11.00. Blankstille på første kryssing over mot Rivjehornet og etterkvart utover mot Eltvik. 

Første stopp Eltvik. 
Beinstrekk, mat og drikke. Sjølv om vi ikkje hadde direkte akutte behov for det, la vi inn beinstrekk og påfyll alle stader der det var enkelt. 

Eltvik vest. 
Ressursutnytting og smart plassering av hus og tre. Dei var på mange vis klokare før. 

Vi ser innover og nordover; frå høgre: Riste, Sandsøya, Flåværleia, Skorpa og Nerlandsøya.

Vi rundar Kvitneset i godt driv. Framleis heilt stille.  

God stemning! Flatt hav! Kor lenge kan det vare? 

Då vi kom ut til sundet mellom Stålet og Stålholmen fekk vi storhavet og vinden midt i fleisen!! Det var litt av eit sjokk! Vi la oss i le innom berga og fekk tenkt oss om. 

Ved Stålet - venting (Foto: Nina)

Vi såg det var ei byge som kom, og tenkte vindrossene ville gje seg litt. Vi la oss difor i ro, og tok ein energibar, Øystein bytta til hjelm, og vi summa oss litt. Eg trur dette kvarteret hadde mykje for seg. Vi fekk snakka saman, omstilt hovudet frå blankstille til meir krevjande forhold, og etterkvart som byga kom innover oss vart det mindre vind. - No prøvar vi! 

Mot Bardane. Gopro - Øystein 

Sjø, vind og skodde. Padlinga vart tyngre og farta gjekk ned.

 Holmane dempa dønningen, og eg klarte å ta opp fotoapparatet att. 

Vi hadde studert kartet godt på førehand, og sette kursen rett mot Årvika for neste beinstrekk. Forbi Honningvåg var skodda tett og vi såg ikkje ein gong inn forbi moloen. Det var greit å ha vore i området langs landevegen tidlegare, så vi uansett skodde visste omlag korleis det såg ut.   

Kastevindar frå fjella siste stykket, midt i fleisen! Innbitt motvindspadling med meir vilje enn moro dei siste par kilometrane. 

Det silte ned då vi kom til Årvika, men heldigvis var det ein hellar ved nausta vi kunne krype inn i. Vinden snudde 180 grader rett etter at vi gjekk i land. Fasinerande å sjå. 

Beinstrekk og påfyll

Humøret var framleis bra!

Skodda letta og vinden løya! Vi gjekk for ei ny etappe. 

Kosepadling ut til Årvikneset. 

Vi var førebudd på meir av alt då vi skulle rundt Kjerringa. Rotesjø frå alle kantar var det, men lite vind. Det var greit å ha begge hendene på åra, så lite bilde frå denne etappa. Padlemessig var det krevjande og større forhold enn vi vanlegvis padlar tur i, men ikkje noko ekstremt. Det som var ekstremt var først og fremst STADEN vi var på! Eg hadde ekstra adrenalin i kroppen heile vegen. Eg visste eg var på Stad og at det kunne komme nye byger og meir vind på kort varsel. Her er strekk på fleire kilometer der det ikkje er enkelt å komme i land, og dårleg dekning på VHF og mobil..

Over Ervika - her var det meir system på bølgene enn utanfor Kjerringa. 

Øystein fangar ei wingåre i horisonten.. (Gopro - Øystein)

Vi såg kjente fjellformasjonar og viste at der var det ei hamn og ein beinstrekk som venta.

Ervika rett inn. Store dønningar. Kyrkjespiret viser såvidt litt til venstre for midten. 

Det gjorde veldig godt å smette innom moloen i Ervika! Vi putta på kaloriar, og tømte både båtar og folk for overflødig vatn. Spruttrekket mitt heldt framleis ikkje tett. Vi hadde i grunn griseflaks gjennom heile dagen. Tjukk skodde og regn når vi pausa, men brukbar sikt og fine forhold på padlinga. Også her klårna det opp, og vi tok sats for ny etappe. Det var skeptiske blikk då vi såg på kartet og avstanden til Skongsnes. Det var langt att. Kor langt orkar vi eigentleg i dag?  

Ut frå Ervika

Med ny energi og flotte forhold la vi ut frå Ervika. Vi fekk tung, men ryddig medsjø sørover og det var lett å halde god fart. Steile klipper, grotter og kule formasjonar over alt. Verkeleg flott å sjå! Etter mi meining er det endå kulare her enn rundt Kjerringa.   

Humøret framleis veldig bra!!

Furestaven rett fram og Hoddevika inn til venstre. 

Vi sette kursen rett mot ytre Fure. Hoddevika er ein favorittplass, men denne dagen vart det alt for langt INN å stikke innom der. 

Mystisk og flott med skodde. Ytre Fure er ein ekstrem kul plass! 

YEAH!!!!!! Vi har klart det!!!!!! Vi har runda Stad!!!!!

Det vart beinstrekk og litt påfyll på Ytre Fure. Vi vart invitert opp på eine garden, men måtte dessverre takke nei. Vi hadde jo nokon som venta. Vi hadde sett over til Skongsnes før vi pausa og skodda la seg. Vurderinga vart: Vi har masse energi! Pytt, pytt, 8 kilometer til, når vi allereie har padla heile dagen, DET klarar vi! Skodda tjukna til og vi såg ikkje over Sildegapet, og langt mindre fyret. Her går indreleia mot vest og ut i havet for Stad'en, og vi var litt betenkte på skodda. Med GPS-punkt og kompass, og stor aktsemd for skip starta vi likevel kryssinga.  

Herleg medsjøpadling over Sildegapet

Skodda lettar og vi har Sildegapet for oss sjølve

Målet!! Skongenes fyr! 

Øystein nærma seg 50 kilometer for dagen, og måtte ta ein bonussving for å nå 50 blank.  Nina og eg bikka 45 kilometer. Ei av dei lengste dagsetappene eg har padla. Vi har vore på padletur til fyret før, og visste at det er eit herk å komme i land med kajakk her. Det er på slike dagar det gjeld å toppe laget! Eit par ekstra hender til å sjaue og bære var heilt fantastisk!!

Tre glade prikkar når land klokka 22.00! (Foto: Gro)

Astri og Gro hadde sett ut glasa og studert havet med kikkert ei god stund. Eg trur det var verre for dei å vente med usikkerheit, enn for oss å padle... Dei hadde ikkje sett oss, før vi brått var omlag framme. 
    
Ankerdram! (Foto: Gro)

Det vart sjauing, og eit herleg måltid på fyret! Damene hadde frakta uhorvelege mengder luksus over fjellet til oss. Herremåltidet glei over i sprudel, fest og snop! Raude i kjakane, høge på livet og etterkvart bra mette og segne satt vi oppe så lenge utover sommarnatta som vi klarte....   


Total padling for dagen! 50 km på Øystein og vel 45 på Nina og meg. 
(Øystein sin endomondo)

Vermeldinga: 
Dei store trekka i meldingane stemde godt, men noko meir vind og "krydder" som kryssande bølgjer, våte byger og fallvindar i tillegg. 
  
Verdata frå Kråkenes fyr denne dagen 

Læring: Hyppige beinstrekk og regelmessig påfyll av energi gjer at ein held heile dagen. Det er jamna som dreg på ein slik tur. Tillit og god gruppe er gull verd. Å ha studert kartet godt, og vore i området på førehand, slik at ein veit litt om potensielle landingar o.l er ein fordel. Det er lurt å gjere gode avtalar på land, og dele opp dagene i etappar, slik at ein slepp kartlesing og diskusjonar i rotesjø. Det å vere open for å avslutte dersom forholda krev det er og ein fordel.  Vi gjorde det meste rett, og eg hadde god kjensle heile dagen. Det var og utruleg motiverande å vite at Gro og Astri venta på oss, og veldig kjekt å feire dagen med dei utover kvelden. 

søndag 14. juli 2019

Dag 2 Borgarøya -Haugsholmen fyr

14. juli Ny dag - nye moglegheiter! Optimistiske la vi ut på etappa for dagen, med håp om tidleg kveld og båling.

2 etappe vart 37 kilometer. Varierande bris frå nordaust gav oss optimale padleforhold. 
- og vi enda på avtalt stad til slutt. 

Herøybrua! Velkommen til YTRE SØRE SUNNMØRE! 

Hegrekoloni

Padling i Herøy er flott! Store og små øyer, bruer og sund, halvstore fjordar, og levande og historisk kystkultur side om side. 

Herøy gard

Kystkulturmuseum og stad for padlesamlinga til Herøy Kajakk Klubb

Varierande bris i sunda og blikkstille i le. Fin padling.  

 
Flåværet

Flåvær fyr - nytt fyr på lista til Nina! #fanfare

Sidan dette strengt tatt var ferie, så tok vi varm lunsj og lang pause ved fyret. Det var fint i le på solsida, og den gode turstemninga seig på. Matlaging, yoga, slumre litt i sola.  

Kokkelering..

Scampigryte!!! Knallgodt. Vi har laga den ofte på tur i lag, men no er det lenge sidan sist. Vi traff perfekt med ingefær, chilli og deilege smakar. 

Så er det berre å draume seg vidare sørover. 
Vi ser Sandsøya med Dollsteinen og deretter Stålet og Kjerringa på Stad i det fjerne.

Flåvær fyr
  
Taren er vår beste venn når vi skal dra opp tunge kajakkar. 

Bris i ryggen, solglir. Nye kryssingar sørover. Spor etter vikingar. Gravrøyser. Opne horisontar. 
Slik går no dagen. Litt motvind. Litt motstraum. 

Det var to hendingar som beit seg fast i minnet på dette strekket. Ein diger havert som dukka opp nokre få meter framom kajakken til Nina. Og ein tilsynelatande liten og grei fritidsbåt som kom på full guffe ut frå Gjerdsvika. Vi vart litt usikre på kursen, og stoppa opp. Framleis på full guff kom båten rett i mot oss. Det satt eit par småjenter på dekk framom glasa, og båtføraren fomla med eit eller anna inne i båten. Han suste forbi ca 20 meter framom oss, truleg utan å ha sett oss i det heile. Godt at vi stoppa heilt opp...

Vi kom inn på kjente trakter etterkvart, så det vert ikkje eit einaste bilde frå Sandsøya og Voksa. Vi sleit med motivasjonen og det vart transportpadling. Flott område, absolutt, men vi hadde på autopiloten og fokuserte på naudsynte ting som å få vekk kramper i leggane.  

Den tidlege kvelden vi hadde sett føre oss forsvann i det blå, og bål vart bytt ut med kveldspadling. Vi hadde stø kurs mot Haugsholmen fyr. Nina hadde sett fyret i timesvis før meg. Etterkvart vart motivasjonen stor for å komme fram.  

Velkomstkomitè av geiter på Østre Frekøy.

Vind og dønning sto inn frå havet. Det var skvalpesjø, kaldt og vanskeleg å gå i land ved Haugsholmen fyr. 
Området er naturreservat, men det er lov å gå i land på Frekøyene. Det var masse fugl og ein god del terner i området. Terner er det sjeldan eg ser. Vi bestemte oss for å dra tilbake nokre hundre meter for å campe på Storholmen. Då slapp vi å forstyrre fuglane, vi fekk ei slags strand å gå i land på og litt meir le for vinden.   

Då vi kom oss i land stilna det, myggen kom fram og kvelden vart til sommarnatt. 

Det var for seint for bål og akevitt, med tanke på at vi hadde planar neste dag. Så då vart det brødskive og rett til køys.   

Læring: Den som både somlar, kosar seg og padlar langt får lite tid til bål om kvelden...

Camp 2 på Kobbehaugen - viste seg å vere beste tomta i byen...

Stranda ved Kobbehaugen

Verdata frå Svinøy fyr søndag 14.07. 
Stemmer ganske bra med opplevd vind, sjølv om målestasjonen ligg mykje lenger til havs. 

lørdag 13. juli 2019

Langtur! Dag 1: Valderøya - Borgarøya

12.-13. juli Nina og eg hadde sett av ei felles ferieveke langpadling. Plan A, B og C i ulike landsdelar hadde vore diskutert i løpet av våren. Vermeldinga såg lovande ut for plan A - så vi starta heime hos meg på Valderøya med kurs sørover. Mange potensielle utfordringar låg framom oss, og vi hadde open retur. Ingenting skulle bevisast, vi skulle ha det kjekt på tur og komme så langt sørover som vi rakk.

Dette vart 1. etappe

Kvelden før. Vi hadde kart over mesteparten av strekninga, så vi har vore både her og der tidlegare. Då har vi stort sett plukka dei finaste plassane og køyrt bil så nær som mogleg. No skulle vi i tillegg padle strekka i mellom. Stovegolvet gjekk med, og ekspedisjonskjensla seig på. 

Laurdag føremiddag pakka vi om frå yogacamp og fjelltur. Timane gjekk fort, og ideelt sett skulle vi hatt ein dag til å omstille oss på. Samordning, handling og pakking tek tid. Meldingane framover viste vervindauge for padling på Stad mandag og tirsdag, og vi ville vere i posisjon til det. Så då var det berre å komme seg avgarde.    

Kor mykje stæsj er det plass til i ein kajakk??

Nesten alt fekk plass - og vi er klare for start! Klokka 16.30 la vi ut. 

Bris frå nord gav oss ein god dytt i ryggen frå start.

Første etappe bestod av kryssing, kryssing og kryssing, før forsering av Hareidlandet med bratte fjellsider.  

Akvariet og Sukkertoppen frå sjøsida. Litt snirkling, for turistar ville vi vere på turen. 

 
Det er mange måtar å reise langs kysten på. Vi hadde den første snack- og tissepausa på Eltraneset, medan andre turistar for nordover med Hurtigruta. 

Mot Kvitneset og Hareidlandet. 
Vi ser ut Breisundet, mot Runde og dei andre øyene i Herøy

Kryssingane gjekk fint. Det var meir rotesjø langs Hareidlandet mot Flø. Bratte, flotte fjellsider, men lite nytt  å sjå og ganske langt strekk. Spruttrekket mitt viste seg å ikkje vere tett nok. Lågt fribord og lange medsjøar som la seg kring midja førte til at det seiv inn vatn. Vi kom til Flø, og var igrunn slitne. Ingen innlysande teltplass utanom campingen. Nina skar igjennom - vi padlar litt til. Sidan vi var seint ute så lei det mot kveld. Vi sette kurs mot Borgarøya og friområdet/museet der. Etter timar med retursjø og rotebølgjer i Breisundet var det veldig kjekt å småsurfe sørover i Ulsteinbassenget. Frå øy til øy i blåtimen, med vind og sjø i ryggen.  

Midnatt. Ikkje akkurat villcamping, men effektivt og greit. Vi droppa middagen, heiv innpå nokre skiver og køya. Godt nøgde - i posisjon!!!

Frukost i solveggen. Vi såg fort at temafargen for turen vart lilla...

Fine Skim-kajakkar! Vi fekk plass til alt denne gongen og. 

Borgarøya - perle i Ulsteinfjorden, absolutt verd eit besøk!

Verdata frå Vigra laurdag 13.07

Lærdom dag 1: 
Det er ikkje lurt å pakke kajakkane SÅ fulle på langtur. All pakking tek nemleg då urimeleg lang tid. Endå betre samordning og å redusere ting og tang til eit minimum er ein stor fordel. 
meir kritisk funksjonstest av utstyr på førehand: Spruttrekket som tok inn vatn vart ei unødvendig plage for meg heile turen. Sjølv om det var dette trekket eg hadde brukt jamnleg til alt det siste året, vart det annleis når kajakken låg djupare i vatnet.
Jamnlege snack- og beinstrekkar er lurt!