lørdag 2. juli 2016

Circumnavigering Skrova

2.07.16 TILBAKEBLIKK

Andre sommarferiedag. Av ulike grunnar var det ein etterlengta ferie for oss alle tre. Skrova var målet, med minst mogleg slit og mest mogleg hygge.

Utover med ferga. Kryssingar er nemleg ikkje sååå gøy. 
#sommarferie #turist #støttelokaltnæringsliv

Isolert sett kunne hamna i Skrova kunne vore kvar som helst langs kysten. 

Vi fekk raskt los på Skrova fyr. 
#fyrsafari #førstepostpåprogrammet

Klyngetun på fyret

Lekker utsikt mot Hamarøy og fastlandet. Som vanleg litt ekstra styr og drags med ilandsstigning på fyr. 

Blomeeng og idyll på austsida

Det var folk på fyret, faktisk fastbuande leigetakarar, og vi vart invitert på omvisning. Her går det an å leige seg inn, med servering og opplegg etter ønskje.

Fyrtårnet er kjempekult! 

Skrova fyr vart bygd i 1922, og var eit av dei siste i Norge som vart avbemanna i 2005. Tårnet er 24,5 meter høgt (Wikipedia). 

Fyrturistane (Begge foto: Kristin)

Utsikt mot Lofoten frå tårnet

Skrova sentrum frå tårnet


Sommaren slo til og vi tok likegodt lunsj på Saltværsøya (fyrholmen). 

#Idyll. Ferga på veg inn til Skrova frå Skutvik.

Full sommar! Nesten for varmt. 

Vestfjorden og Lofotveggen

Skrova fyr - vakkert!

Etter mange timar slaraffen var vi klare for meir padling. Rundt øya og innimellom holmar og sund. Lekkert landskap. Vestfjorden, Lofotveggen, veggen på Litlmolla og Hamarøya konkurrerte om merksemda. 


Ups, litt lite vatn. Nautøyvalen/Nautøysundet



Teambilde frå Mildrid

Middag og grilling! Bikinien var bytta ut med meir normal bekledning. Kald trekk og mørke skyer trua. Grillpølser og varm banan med sjokolade glei ned. 

Dei første dråpane kom då vi fekk på oss tørrdrakta att. 
#perfekttiming

På heimveg. Sommarregn med store dråpar. 

#Medanviventarpåferga
Skrova er kjent for kvalfangst og -mottak, og eg trur det er ein vågekval som er måla på veggen. 

Fiskarkona vinkar farvel. Takk for oss! 

12 km padling Cirkumnavigering gjennomført.    

fredag 1. juli 2016

Henningsvær - Moholmen - Kabelvåg

01.07 Første sommarferiedag 2016! Mildrid og Kristin kom på besøk, og vi var klare for late dagar i Lofoten. Kristin hosta og var pjusk, så vi starta som turistar i Henningsvær og delte oss utpå ettermiddagen.

Turistane! Sommar i nord 2016 erklært opna.

Høgt heng dei, men sure...? Nope. 

Molo og hamn i Henningsvær. Flott bygd!

Kristin vart etterkvart sendt heim og Mildrid og eg la ut i kajakk. 

Lekkert ved Henningsvær

Mot Kalle

Glimt av fyret, før vi startar kryssinga over.
Mildrid var ikkje retningsvill, men peika heller på ei nise som for forbi.

Flott bak oss og, sjølv om vi hadde fokus på fyr og ope hav (om Vestfjorden kvalifiserar til det) 

Sola braut skikkeleg gjennom då vi nærma oss fyret

Det store spørsmålet var: Kjem vi oss i land? Det vert ikkje stillare på sjøen enn denne kvelden, så det var no eller aldri.

Mogleg ilandstigning 1

Mogleg ilandstigning 2

Ikkje optimalt. Vi padla rundt.

Ny Nordkapp på Mildrid - fin kajakk

Baksida: Ikkje akkurat enklare her. 

Det tok ikkje lang tid å få oversikt på Moholmen. Det er heller ikkje vanskeleg å forstå problemet med å få leigetakarar/drift her ute. Tøffe damer i tørrdrakt gjev ikkje opp så lett, og vipps: I LAND! Mildrid klarte seg utan å verte våt, medan eg valde taktikken plump uti til livet. 

Faktisk landing

Vågakallen fint innramma

Bygningsmassen på Moholmen var sliten, men sjarmerande. Sjølve fyrmeisterbustaden var kjempediger!

Det første fyret på Moholmen vart bygd i 1914, og flytta til Tranøy. Det vart sett opp eit mindre fyr her. Det budde fleire familiar her ute i periodar, og fyret vart fråflytta i 1974. Det har vore diverse forsøk på å få til noko drift i bygningane, men utan hell pga vanskeleg tilgang.


Sommarsjølfie ved foten av fyret (foto: Mildrid). 

Det var ein nydeleg kveld, og vi vart sittande i berre undertøyet. Kveldsmat, kaffi og sjokolade. Kommande midnattsol over Vågakallen. Hurtigruta som kom og gjekk. Eg visste allereie at dette kom til å stå som ein av dei aller beste sommarkveldane. Tida stod nesten stille og vi vart sittande i fleire timar. 

Grei kveldsutsikt

Basecamp Moholmen

På heimveg

Klokka 23.55

Havblikk på Vestfjorden. Det var magisk å padle heim til Kabelvåg. Stilt på sjøen. Gull og svart. Vi padla frå sola og inn i skuggen oppunder land. Ein einsleg vasskuter ved Kabelvåg reiv oss ut av eventyret og tilbake til 2016 realitetane. Eg var godt nøgd med ferien så langt. Mildrid var godt nøgd med Lofoten. Kristin hadde fått påvist lungebetennelse, men var godt nøgd med servicen på legevakta og antibiotikakuren. 

Flyfoto frå Moholmen fyr på Facebook - fotograf ukjent. 

Henningsvær - Kabelvåg om Molaupen; 19 km padling