mandag 20. juli 2015

Keipen og "Kongens ring"

5. juli Mildrid og eg ville trene litt til TTT. Vi la turen til Herøy med mål om topptur på Skorpa og kulturelt høgdepunkt på Herøy gard om ettermiddagen. Stramt program, som ikkje vart betre av at eg la att pengeboka og mista ferga om morgonen.

Putting a lot into a July Sunday: Exercising, paddling, hiking, and going to an outdoor play: 
The Viking pageant, «The King’s Ring» is about love – and conflicts between generations and religions – actual themes even today. About 200 actors take part at the Herøy Amphi theatre. In addition, a semiprofessional orchestra and a choir participate on stage – that`s why the pageant is also often presented as a “Viking musical». Though historically not quite correct, the script is based on a visit that King Olav Haraldsson (Saint Olaf) made to the island of Herøy in 1027. This is described in the writings of the Icelandic historian Snorre Sturlason (1179–1241). The play is performed at the beginning of July every year (Shortcut from the website: http://www.heroyspelet.no/).

Vi la ut frå Jensholmen og padla ut via Herøy gard. Idyll. 

Lummert og varmt, så det vart T-skjorte i staden for tørrdrakt. 

Arkivfoto: Skorpa og Keipen sett frå Moltustranda. Padle ut - gå opp. 

Vi hadde svak trekk i ryggen og medsjø utover, så det gjekk som ei kule. Snart var vi framme ved moloen på Skorpa 

Fin bygd i havgapet. Meir som ein oase. Utsikt frå første høgdemeter. 

Stadlandet i sør. Kvamøya og Sandsøya til venstre. Norskehavet møter Nordsjøen til høgre. 

Svinøy langt der ute i vest. Draumen lever. 

Det var greit å finne vegen, og vi fekk opp både pust og puls i bakkane. 

Første kneika unnagjort. Bratt ned til hus og hamn.

Toppen! 431 moh og kanonutsikt i alle retningar! 

Her var det MYKJE utsikt for innsatsen - og eg tek gjerne turan oppatt. 

Nerlandsøya og Runde bakerst. Lag på lag. 

Dramatisk innover. Diggar den funksjonen... Herøy, Ulsteinvik og Sunnmørsalpane bakerst. 

Mildrid på toppen! 

Vi kjappa oss nedover og jammen vart det puls og pust på returen og. Effektiv eting og så la vi på veg innover. Heilt i rute til å rekke både spel og rømmegraut på Herøy gard. 

Teambilde! Vi har trua etter 1. etappe.

Herøy gard var full av folk og god stemning. Vi landa kajakkane, fekk oss mat og strålande gode plassar i amfiet. Sygni hadde teke med familien landevegen og rekognosert på Nerlandsøya denne ettermiddagen og vi rotta oss i hop etterkvart. 

Spelplassen - før start. Flott scene. 

Kongen er på besøk

Spelet "Kongens ring" er ei god historie med mykje dramatikk. Heile bygda måtte vere i sving, for det aula med folk på scena i alle aldrar. Kjekt å sjå, og det vart gode effektar av det. Blanding av amatørar og proffar, super lyd og flotte kostymer. Stor oppleving og verdt å sjå! Rolf Losngård frå Vårdal i Askvoll har hatt hand om manuset, og det var artig å få helse på etter gammalt. 


Litt matt etter ein lang dag sette vi kursen innatt mot Jensholmen, Ein kilometer padling på tampen  går greit. Eg trur vi var dei einaste som padle til spelet denne dagen, men det kan anbefalast. Sygni var ute med den nye zoomlinsa si, så vi fekk eit skikkeleg fint avskjedsbilde med ho. 

Super og innhaldsrik feriedag - Takk for turen!

Teambilde!  Foto: Sygni


Kart

Litt nerdeinformasjon til eige bruk: Padling totalt 21,8 km. Gåing totalt 5 km og 436 høgdemeter.

Tid utan pauser:
Padling ut: 1 time 32 minutt, snittfart 7,1 km/t. maks 9 km/t (medvind, medstrøm)
Skorpa opp: 52 minutt, snittfart 2,89 km/t maks 6 km/t
Skorpa ned: 31 minutt, Snittfart 4,5 km/t maks 11 km/t
Padling inn (NB kun til Herøy gard): 1 time og 34 minutt, snittfart 6,1 km/t, maks 7 km/t. (motvind, sidesjø)

tirsdag 7. juli 2015

Trippel ved Tafjorden - Rugga, Nysetra og Mefjellet

4. juli. Synnøve og eg har snakka om å fare til Fjørå på sightseeing i lang tid. Brått fekk vi ein laurdag til disposisjon. Det er fleire turmål i området som er med i "Turbok for Ålesund og omegn". Synnøve har hatt mange av sine barndoms feriar her inne og stilte opp som guide.

"Fjørå" is a picturesque farm village along the Tafjord. The area is famous for growing strawberrys, a large rock slide and tsunami in 1934 killing 40 people and now a days activites like rafting and mountain biking. Nørrøna named their biking clothes collection after this village. Synnøve spent a lot of time here when she was a child, so she had a lot of stories to tell about everything. We visited the "Rugging stone", hiked to the old summer farms and to the summit of "Mefjellet". We were sitting there for ages just taking in the great view and getting sunburnt. On our way home we passed fields of wild summer flowers and a handcraft shop with different wool products. 


Start ved dei inste gardane på Hauge ovanfor Fjørå.

Første post: Gapahuken ved Rugga. 

Rugga er ein stor stein med utsikt ned i Valldalen. Eg hadde ikkje reflektert over namnet, men det kule er sjølvsagt at steinen kan ruggast! 

Lita flis ruggar stor stein! Kjempekult. 

Valldalen

Herifrå gjekk det fin sti vidare til Nysetra. Sol og sommar, svetten rann og solkremen svei i auga, og det var berre aldeles nydeleg. 

Nysetra

Blålyng - fisheye!

Fjørå er ein fin plass og har gjeve namnet til Norrøna sin sykkelkolleksjon. På Mefjellet var det syklistar i fleng. 


Lekkert! Sommar i fjellet går an. 



Eg kan ikkje hugse sist eg kunne slange meg på 1000-meter utan å kle på meg. 

Slaraffen. Mefjellet (1100 moh)

Vi gjekk ikkje vidare før vi var flekkvis solbrent og sjølvskryten var sirkulert på alle tenkelege sosiale media. Næraste neste topp var under vurdering, men vi hadde i grunn ikkje noko ugjort der.  

Utsikt til Sunnmørsalpane frå ny vinkel. Slogen midt i der. 

Torvløysa. 

Torvløysa har stått på ønskelista ei stund. Lang tur. Eg bør ha litt kondis. Kanskje om det vert ein snøfattig vinter neste år? Vasse dit no er ikkje mykje aktuelt.

På heimveg..

Sauane var heller ikkje aklimatisert og peste i ulla. 
Dei hadde funne den einaste skuggen i lia og klumpa seg saman.  

Nysetra og utover

Blomstereng. Kvalitetsblomstereng. Slike er det langt mellom. 

Orkidear


Vi runda av turen med eit besøk på Ull-låven. Mykje godt handverk, og vi fekk gjort kvalitetsshopping på tampen. Synnøve traff gamle kjente og det var ein veldig artig dag. 

Turområdet vart frå parkeringa

Innover Tafjorden 
#sånnerdetpåVestlandet

Kart og GPS-info kjem

torsdag 2. juli 2015

Ulstein rundt - formtest

1.juli. Av ein eller anna grunn er eg påmeldt Tripp trapp triathlon i august. Eg er usikker på om det skuldast Mildrid sine evner til pedagogisk overtaling eller 40-årskrisa. Heldigvis så er det fleire eg kjenner som skal vere med på galskapen. Eg vaklar mellom å tru at "dette går greit" og "dette overlever eg aldri". Vi avtalte testtur og dagen kom med tropevarme og sommarsol. Oppmøte etter jobb, og vi vart einige om at det fekk klare seg med to etappar.

Testing and training before Tripp Trapp Triathlon in August. Straight from work to Ulsteinvik. Kayaking 21 km, then hiking 12 km and about 950 meter elavation. The best summer day so far in 2015, so it turned out to be a great trip as well. We think we'll survive the triathlon now, which is the primary goal.

Før. Vi har trua. 

Sommarleg padling! 

Avtalen var lite dilling og jamnt sig og heller skikkelege pausar. Det var ein frisk motvind heile vegen, som eg tippar varierte mellom 5-9 m/s. Vi fekk ikkje noko gratis slik sett. Når det er utåleleg varmt i T-skjorta med frisk bris på sjøen, ja då er det sommar, og det går litt greiare med motvindspadling!

Idyll

Her er ryggen vi skal gå etterpå frå høgre mot venstre. Kongsvollen er høgaste toppen i Hareid kommune og Blåtinden høgast i Ulstein. Vi må berre padle rundt eit par andre fjell først for å komme til start. 

Det var langt. Det vil seie - eg er ute av padletrening.  Kjekt og keisamt på same tid med transportpadling i motvind. Det er godt å kjenne at ein kan halde trøkket over tid og padle på. Eg glapp inn og ut av god framdriftsteknikk, så det er mykje å hente her. Vond skulder var betre enn frykta. Drikkeposen på 1,5 liter var tom etter to timar, så vi måtte fylle i Kjeldsund. Vi runda neset lengst sør og såg Eiksundbrua i det fjerne. Den kom aldri nærare, så det vart ei mental øving på slutten der. 21 km på 3,5 time inkludert vassfyllingspause i Kjeldsund. 

Eiksund med utsikt til Liadalsnipa. 

I Eiksund vart det ein real, litt sjokoladekake og ein god pause i solveggen. Badeliv, mykje padlarar ute, og småbåtar som tøffa omkring. Reine sørlandsstemninga!

Eiksundbrua

Mildrid leda an oppover bakkane, og eg måtte gjere mitt beste for å følge på. Det var veldig greit å bevege seg etter nokre timar i kajakk. 

Blåtinden! (1 time 20 minutt)

Teambilde! Vind, varmt og herleg! 
Klokka var ti om kvelden, men sola varma framleis godt.

Ulsteinbassenget og Herøy. Flott padleområde som vi hadde kryssa tidlegare på ettermiddagen!

Innover mot Ørsta

På veg over til Kongsvollen steig månen opp. Solnedgang på eine sida, fullmåne på andre. Heilt greit.  Vi brukte ca 50 min mellom toppane. 

På toppen av Kongsvollen og utsikta nordaustover. 

Her er det ein liten "Besseggen" vidare, med Bukketrappa som første kneik. Ryggen er kjempefin, lett å gå, smalt, men ikkje for smalt, bratt ned på begge sider og fin utsikt heile vegen bortover. 

Ryggen opp mot Kongsvollen sett frå Kvamstua. 
Her såg vi bilen og skulle "berre" over myra tilbake. 

Nede ved bilen 00.05. Henting av kajakkane og logistikk med ferge heim att. Det går fint an å sove litt i bilen på Hareid. Har gjort det før. Kjem til å gjere det igjen. 

Oppsummert: 31 km unnagjort. Formen kan verte betre og mengdetrening i alle disiplinar framover gjer berre godt. Uthaldenheita er bra, og vi kjem til å klare å gjennomføre prosjekt Tripp Trapp Triathlon, med tida til hjelp. (Trur vi..)

Heile ruta

GPS info: 

Total: 31,3 km - 7 timar og 28 minutt
Padling: 21 km - total tid 3t 26 minutt - tid i rørsle 3 timar  19 minutt. Snittfart i rørsle 6,3 km/t
Gåing: 10,3 km - total tid 3 timar 24 minutt - tid i rørsle 3 timar og 3 minutt - snittfart i rørsle 3,29 km/t. Høgdemeter opp: 966, høgdemeter ned 736.