søndag 12. november 2017

Kvalpadling 2017

11.-12. november
2017 er femte året på rad at eg fer nordover til Troms i november. Desse fridagane gler eg meg til gjennom heile hausten, sjølv om det er eit høgt usikkert prosjekt: Vert det ver? Vert det kval? I år hadde silda bestemt seg for å trekke inn lenger nord. Brått var det Skjervøy vi måtte fokusere på. Det vart straks litt meir kronglete logistikk. Nytt landskap, og mange ukjente faktorar. Kvænangen er ope og verhardt.

Velkomst med nytt dørskilt hos Kristin

Gammalt jungelord: Han som skal på kvalpadling må tidleg opp. Det betyr og at ein får med seg soloppgangar og lysfest.

Lyngenfjorden - framleis grytidleg

På Skjervøy møtte vi eit par lokale padlarar, og la ut frå småbåthamna. 

Vakkert! - lite visste vi at dette skulle verte leikegrinda vår i dagesvis

All slags folk ute etter sild og kval

Kameraet og glisa er på plass - kvalsesongen 2017 offisielt opna!! 

Vi starta dagen med spekkhoggarsafari





På ettermiddagen kom kvaltoget! 
30-35 knølkvalar kom ut fjorden og jaga forbi oss. Eg har aldri sett så mange på ein gong!

Nydeleg himmel! Det vart skymt i to-halv tre tida, og ganske mørkt før vi var tilbake. Skjervøy var heldigvis lett å finne i mørket. 

Søndagen starta vi tidlegare, og hadde ambisjonar om beinstrekk på Haukøya

Bjørn Tore traff kjentfolk på sjøen, og vi fritta etter kval. 

Soloppgang!

Det var lite kval å sjå, berre nokre blåst og ein finne i horisonten. Vi padla jamnt og trutt ut til Haukøya. Det var berre å konstatere at padleforma var litt rusten. På sørsida var det rullesteinsstrand og greit å komme seg i land. Fine hytter, og pinnkaldt. Rimfrosten låg tjukk. Eg vart entusiastisk då to-tre knølkval seig gjennom sundet, men det var alt vi fekk sjå under lunsjen.

Haukøya sørside mot Skjervøy og Kågen

Båling og beinstrekk - downtown Haukøya.

Lysfest på heimvegen, himmel og horisont baud på seg sjølv denne dagen. Vi traff ein stor flokk knøl (15-20 stk) på veg utover, på same stad som dagen før.


Pastellfest!

Månen går ned bak Skjervøy

Det vart mørk før vi kom inn att. 

Kva hadde vi lært? Skjervøy og Kvænangen er eit vakkert område. Det er alltid dønning frå havet her, og vi vert lurt av avstandane. Det er for langt å padle over fjordane eller å posisjonere oss i høve kvalen. Strategien vert difor å satse 100% på at kvalen treff oss. Det er få stader å gå i land, og store kryssingar. Utfordrane for kvalpadling, og vi fekk litt å tenke på. Opplevd vind var konsekvent mykje lågare enn meldinga på yr (meldinga 7-8 m/s frå sør/søraust - opplevd vind 2-4 m/s frå sør/søraust)

Dag 1 - 14 km padling Skjervøy og diverse snirkling i området mellom Hekksteinen og Haukøya
Dag 2 - 24 km padling Skjervøy - Haukøya tur/retur
(Distanse på GPS-en til Bjørn Tore)

1 kommentar:

  1. What beautiful pastel shades in the sky Lene, and what a thrill to be paddling close to an Orca pod!

    SvarSlett