søndag 20. mars 2016

Palmesøndagskitur i Tromsø (Buren 802 moh)

20.03 Palmesøndag i Tromsø. Grå morgon med gode meldingar utover dagen. Oppmøte på K1 (parkeringa på Jekta) og familieråd: Kvar går turen? Vi satsar på Buren!


I spent the first days of my Easter holliday in Tromsø. We went to Buren, a popular mountain on Kvaløya. The hills are around 30 degrees, the trip is not very hard or long, but offers great views! High quality powder snow so even the downhill was fun!


Open bjørkeskog i starten. Kristin peikar og forklarar (Foto: Kirsten)

Utan rette feller til breie ski vert det tungt i Bakkane. Vi tok tidleg lunsj før fire vart til tre.

Teambilde (Foto: Kirsten)

Kristin bautar i henget

Sol og snø - kvite bakkar og mykje terreng. Ein spennande tur.

Utsikt mot Tromsø og Tromsdalstind


Toppen i sikte! Buren 802 moh
 Kirsten og eg - godt nøgde med å sjå slutten på motbakkane

Ersfjorden
Eg vert meir og meir glad i skia mine.

Utsikt mot nordvest og ned i Kaldfjorden (Foto: Kristin)

Nokre av desse er våre! Pudder nok til alle!

Frå toppen rann vi litt tilbake i opp-spora før vi fann urørt snø og fine bakkar nedover. Etterkvart kom vi inn på "hovedvegen", men med perfekt føre gjorde det ikkje noko at det var køyrt før. Pudde rtil knes på toppen, noko mindre mot slutten, men godt føre og ikkje eit stavtak før bilen. Herleg! Takk til Kirsten for guiding og gode tips!

Buren på Kvaløya (Kystinfo.no)

Endomondo- tal frå Kristin: Totalt 7,23 km og 788 høgdemeter kvar veg.
Varsom.no: Skredfare 3 denne dagen.

Vi for rett på butikken og skaffa oss "Toppturer i Troms". Gode turskildringar og veldig bra bok!
Anbefalast!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar